Disponering av grovfôret gjennom sesongen

(28.04.20) Både isbrann på jordet, tørke eller altfor mykje regn kan føra til at både mengde og kvalitet på grovfôret ikkje er slik som ønskeleg eller planlagt. Det kan vera store variasjonar mellom regionar, frå bygd til bygd og til og med mellom ulike skifte på kvar enkelt gard.

Av: Øystein Havrevoll, tidligere rådgivar storfe, Nortura

Konsekvensen av dette kan vera redusert grasavling, dårlegare fôrkvalitet og mindre fortørking enn vanleg til silo og rundballar.

Kva skal ein så gjera når grovfôravlinga har svikta eit år?  Det siste ein skal tenkja på er å slakta ut produksjonsdyr. 

Skaff oversikt over  mengde og kvalitet på grovfôret ditt
Skaff deg oversikt over mengde og kvalitet på grovfôret før du gjennomfører drastiske tiltak med driftsopplegget eller gjer stort innkjøp av grovfôr.  Informasjon om uttak av fôrprøver, fôranalyse og pris finn du på www.eurofins.no eller  www.ofotlab.no. Som eit minimum bør du ta ut ei prøve av kvar slått på hovudskiftet. Ofte har ein mange skifte, men ved å vurdera alder på enga, plantesetnad og slåttetidspunkt kan ein gjera seg opp ei meining om kvaliteten av fôret på ulike skifte i forhold til det arealet ein har tatt prøve av.

Dersom ein alt i oktober veit  mengde og kvalitet på grovfôret, kan ein koma langt med å disponera eige grovfôr og eventuelt innkjøpt fôr gjennom vinteren.  Drastiske tiltak som tidleg utslakting og redusert dyretal er då ofte ikkje nødvendig.  

Ved kjøp av grovfôr må du vita tørrstoffinnhaldet i rundballar
Betaling av rundballar per stykk er ein svært dårleg deklarasjon på det fôret ein kjøper. 

Grovfôret bør derfor omsetjast etter vekt på rundballar og fôranalyse.  Grovfôret kan då betalast etter fôreiningar (FEm) eller  NEL20 (MJ) per kg tørrstoff.     

Omsetting av grovfôr til inntil ein verdi på 70 % av kraftfôrpris rekna på energibasis, bør kunna forsvarast. Dersom proteininnhaldet er under 130 gram per kg tørrstoff, bør verdien av rundballen reduserast med 10 %.

Det er tørrstoffinnhaldet i rundballen som er mest avgjerande for næringsinnhald og pris, deretter vekt på rundballe og så innhald av FEm eller NEL20 (MJ) per kg tørrstoff. Vekta av rundballane minkar med aukande tørrstoffinnhald.  Frakt vil naturligvis koma i tillegg. Frakt kan utgjera ein stor sum når det er lange avstandar slik at grovfôret levert på garden kjem langt over kraftfôrpris. Tabellen nedanfor viser eksempel på grovfôrpris ved betaling av rundballe til ein fast sum men med ulik kvalitet (FEm/kg tørrstoff). Frakt er ikkje tatt med!

Eksempel på variasjon i pris per FEm når rundballen har fast pris og vekt og tørrstoff varier:

Kr per rundballe

600

600

600

600

600

600

Tørrstoff %

20

25

30

35

40

45

Vekt per balle, kg

850

800

750

700

650

600

Kg tørrstoff per balle

170

200

225

245

260

270

0,90 FEm/kg tørrstoff:

 

       

 

FEm per balle

153

180

203

221

234

243

Kr per FEm

3,92

3,33

2,96

2,72

2,56

2,47

% av kraftfôrpris

98

83

74

68

64

62

0,75 FEm/kg tørrstoff:

 

       

 

FEm per balle

128

150

169

184

195

203

Kr per FEm

4,71

4,00

3,56

3,27

3,08

2,96

% av kraftfôrpris

118

100

89

82

77

74


Kraftfôrpris er sett  kr 4,00 per FEm

Dersom ein får regn i perioden med fortørking, vil innhald av sukker og råprotein (N*6,25) bli redusert på grunn av utvasking. Når graset ligg lenge i ramser med dårleg turk, vil sukkerinnhaldet gå ned på grunn av anding i planter med høgt vassinnhald. Kort og god fortørking til 30-40 % tørrstoff er derfor gunstig for fôrkvalitet i ferdig gjæra rundballar.

Det er betydeleg variasjon i FEm/kg tørrstoff i grovfôret ut frå planteart og ikkje minst utviklingssteg av dominerande grasart i enga. Innhald av FEm per kg tørrstoff går raskt ned etter skyting av aks i plantene. Innhald av fiber (NDF) aukar, mens proteininnhaldet går ned.

I eksempelet med ein rundballe på 700 kg og 35 % tørrstoff vil fôrverdien bli redusert med 25 FEm når FEm per kg tørrstoff  blir redusert frå 0,90 til 0,80. Dersom prisen på rundballen er  600 kr per stykk, vil dette utgjera ein auke i fôrpris på  kr 0,34 per FEm.

Konklusjonen: Ikkje sel eller kjøp grasrundballar berre etter pris per rundballe!   

Kor mykje grovfôr er nødvendig?
Ein drøvtyggar skal utnytta beite og grovfôr til å produsera kjøt og mjølk. Det er best med fri tilgang på tidleg hausta og godt konservert grovfôr til kalvar, ungdyr og oksar i sterk vekst, mens ammekyr og sauer gjerne kan ha grovfôr av dårlegare kvalitet fram til 3-4 veker før kalving/lamming.

Forsøk både i Norge og utlandet har studert effekt av ulike forhold mellom grovfôr og kraftfôr i rasjonen. Som ein regel kan ein seia at drøvtyggarar bør ha minst 40 % grovfôr rekna på tørrstoffbasis (tilsvarande ca. 30 % på energibasis). Dersom ein aukar kraftfôrandelen i rasjonen, bør ein fordela kraftfôret på fleire fôringar for å unngå sterk vomgjæring med ustabil og sur vom som resultat. For lite struktur (NDF)  i rasjonen, kan føra til rask passasjehastighet gjennom vomma med lågare fordøyelighet, blaut gjødsel og gjerne meir problem med skitne dyr. Dei dyra som har høgast produksjon, treng også mest og best grovfôr.  

Forsøk ved Institutt for husdyrfag og akvakulturvitenskap, NMBU, og utanlandske registreringar viser at ein kan redusera grovfôrdelen heilt ned til 20-30 % av dagsfôret rekna på tørrstoffbasis utan drastiske utslag ved produksjon av kjøtt og mjølk. I praktiske fôrplanar har instituttet sett opp minimum dagsrasjon av grassurfôr eller høy til 1 FEm for ungfe til rekruttering og kjøttproduksjon. Dersom ein brukar ammoniakkbehandla halm, kan ein som minimum bruka 1 FEm halm per dag og 1 FEm surfôr.

Meir kraftfôr i rasjonen
Først og fremst vil det vera aktuelt å bruka meir kraftfôr i rasjonen og korta ned framfôrings-tida.  Dersom ein har liten tilgang på fôringskalv, kan ein prøva å halda oppe slaktevekta. Men på NRF og lette kjøttferasar er ein då meir utsett for feitt-trekk. Tilgang på grovfôr kan reduserast til 60-70 % av appetitt, men då er det viktig å bruka  meir fiber i kraftfôret. Ta kontakt med kraftfôrleverandøren din og diskuter aktuelle blandingar når du må spara på grovfôret.

Kraftfôr av ureabehandla korn (Maxammon Bygg frå Fiskå, Alka SuperVom frå Norgesfôr eller FK ProAmmon Bygg) er aktuelt når ein skal gi større mengder kraftfôr og unngå problem med laus mage. Reduksjon av slaktealder frå 18 til 16 månader vil redusera fôrbehovet totalt med 300 FEm og dermed spara grovfôr. I det lengste bør ein unngå å levera ungdyr som ikkje er slaktemogne.  

Bruk av ammoniakkbehandla halm
Ammoniakkbehandla halm kan erstatta noko grassurfôr i rasjonen. Dersom ein driv storfekjøttproduksjon i eit korndistrikt, er det aktuelt å tinga på halm. Pris på halm etter pressing og behandling er ofte så høg at det blir eit dyrt fôr dersom transporten er lang. For ammoniakkbehandla halm med 80 % tørrstoff, bør ein rekna ca. 2 kg per FEm. Ammoniakkbehandla frøhøy har næringsverdi som halm eller litt lågare. Om ein betalar inntil kr 2,00 per FEm for halmen, vil prisen på ein rundballe med ei vekt på 300-350 kg og 80 % tørrstoff liggja kring 300-350 kr.   

Ammoniakk-behandla halm kan brukast som einaste grovfôr til oksar og kviger over 6 månader, men halm er ikkje kalvefôr.  Fôr å dekka næringsbehovet, er det då bruk for meir kraftfôr. Det er likevel gunstig ernæringsmessig at ungdyr får ca.1 FEm grassurfôr  per dag.   

I område der ein dyrkar korn, kan det for enkelte vera aktuelt å hausta noko av avlinga som grønfôr når kornet skyt, spesielt  når vekstsesongen blir for kort. Ved tresking av korn som dekkvekst, kan ein pressa og pakka rundballar av fuktig halm, spillkorn og attlegg. Halm og ulike typar grønfôr med innslag av halm blir ofte rik på fiber (NDF). Dette grovfôret er best eigna til ammekyr, sinkyr og ungdyr som ikkje skal ha maksimal tilvekst. Ved ammoniakkbehandling av fuktig halm og frøhøy med innslag av mykje grøntmateriale, kan ein få danna eit giftstoff (4-metyl-imidazol). Under slike situasjonar skal ein vera varsam med å gi dette som einaste grovfôr til ungdyra.

Tiltak for å få nok grovfôr
Alt i oktober bør ein planleggja korleis ein skal takla redusert  mengde eller kvalitet på grovfôravlinga. Nedanfor har me sett opp nokre tiltak som ein bør vurdera om dette kan bli situasjonen ut over vinteren:

  1. Skaff tidleg oversikt over grovfôrmengde og kvalitet. Ta fôranalysar 5-6 veker etter hausting når surfôrgjæringa er stabil. Minimum ei prøve per slått. Hugs på representative prøver!
  2. Er det aktuelt å kjøpa grovfôr? Ver tidleg ute med bestilling. Ting gjerne på halm om det finst i nabolaget. Spør etter vekt og analyse av rundballar. Har du tilgang på alternative fôrmiddel?
  3. Vurder slaktetidspunkt på ung okse og kvige. Reduser slaktealder til 15-16 månader for ung okse med litt redusert slaktevekt.  Driftsopplegget krev god tilvekst på dyra og at oksane toler sterk fôring.  Bruk meir kraftfôr per dag med høgare innhald av fiber og/eller ureabehandla korn.  Kontakt kraftfôrleverandør for meir informasjon.
  4. Utrangering av dårlege produksjonsdyr
  5. Sett opp fôrplanar for alle grupper av dyr i fjøset. Mest og best grovfôr til dei som produserer mest. I det lengste bør kyr som mjølkar, kalvar, kviger under eitt år og oksar i sterk vekst få fri tilgang på grassurfôr.

Litt endra driftsopplegg med meir bruk av kraftfôr og eventuelt kjøp av grovfôr til ein fornuftig pris, kan berga økonomien i storfekjøtproduksjonen når tilgang på grassurfôr er mindre enn ønskeleg. Ta gjerne kontakt med rådgivar i Nortura, Tine eller kraftfôrleverandøren din for å diskutera driftsopplegg og fôring. 

Lykke til med produksjonen!