Leveringsvilkår for småfe 2023
(05.07.23) Nortura har gjort noen få endringer i årets leveringsvilkår i forhold til fjoråret. Stoppsatsen og KSL-trekket er økt og trekk for å ta skinn i retur og prisen Norilia betaler for ullne skinn, er justert. I tillegg er kvalitetstilskuddet fra staten økt betydelig.

Fullstendige leveringsvilkår for småfe finner du i informasjonsheftet på side 3.
Utnytt leveringsvilkåra og få betre pris
Nortura-sauebøndene fekk i 2022 utbetalt i middel nesten kr 9 per kg lammeslakt i form av tilleggsytingar. Dette er betaling frå fellesskapet for god kvalitet, marknadstilpassing og sparte kostnader, samt ein bonus for levering over eit visst kvantum sau- og lammeslakt til Nortura.
Det er difor viktig å setje seg inn i leveringsvilkåra og tenkje igjennom korleis ein kan ta ut høgast mogleg pris.
Her er eit eksempel på korleis du kan plusse på avrekningsprisen på neste side ved å utnytte leveringsvilkåra. Vi føreset slaktevekt som i 2022 i Nortura (18,7 kg), levert i Gourmetlam-perioden i ei pulje på minst 15 dyr og at garden leverer minst 1000 kg saue- og lammeslakt til Nortura.
- Puljetillegg: (kr 10-60,- per dyr): kr 0,53-3,21 pr kg
- Tillegg Stjernelam: kr 2,50 pr kg
- Tillegg Gourmetlam: kr 3,00 pr kg
- Kvantumstillegg min. 1000 kg slakt : kr 0,40-1,70 per kg
- Lammeringstillegg (kr 15 per dyr): kr 0,80 pr kg
- Støtte elektroniske øyremerke (kr 12 per dyr): 0,64 pr kg
- Sum: kr 7,87-11,85 pr kg lam
Dersom ein utnyttar leveringsvilkåra maksimalt og prisprognosen blir ein realitet, så vil eit R lam slakta i veke 35 betale seg med kr 76,- pr kg (inkludert grunntilskot). I tillegg kjem kvalitetstilskotet frå staten. Ein kan unngå stoppsats på kr 250,- dersom ein samlastar med ein eller fleire naboar.