Flokkdyrhandtering i ammekuproduksjonen

(22.01.08) Framtidas storfehald vil i mykje større grad enn no, vere basert på at dyr går lause. Dette set andre krav til stell og handtering av dyr enn det som gjeld ved oppbinding. Grunnleggande kunnskap om dyra sine sansar og åtferd vil gjere det lettare å lukkast med dyrehald.

Hereforddyr

Av: Karl Vie, tidl. rådgjevar i Nortura 

Både med omsyn til dyra sin velferd og røktaren si sikkerheit vil fokus på dette temaet vere viktig. Laustgåande dyr vil i stor grad gje dyra mogelegheit til å etterleve sin naturlige åtferd til å heve dyra sin velferd, men det set og større krav til røktaren sine kunnskapar om dyra sin åtferd.

Med auka kunnskap om dette vil vi kunne stelle storfe på ein betre måte og å planlegge fjøset betre. Grunnleggande kunnskap om dyra sine sansar og åtferd er viktig for å lukkast med dyrehald i lausdrift. Vi vil her fokusere på utfordringar kring dette, knytt opp i mot ammekuproduksjonen.

Etter kalving

Rett etter kalving må kua og kalven få ro, og dei må vere for seg sjølv dei første timane. Her må røktar berre sjå etter at kalven ikkje har diar.

Ein kan spare seg mykje arbeid og problem seinare, dersom ein brukar litt tid på kalven dei første dagane. I denne perioden er kalven tillitsfull og ikkje minst lett å handtere. I denne fasen kan det vere lurt å stryke den, løfte den, la den verte vand med lydar, bråke litt.

OBS! Ver merksam på at enkelte kyr kan vise aggresjon fordi den kan føle at kalven er trua. Gå varsamt fram og hald eit auge med kua.

Ved avvenning

Når kalven vert teken vekk frå mora vil den orientere seg mot røktar. Nest etter perioden etter fødsel er dette perioden kor det er viktig å bruke tid på kalven og venne den til handtering.

Bruk av avlsoksen

Eit faremoment i ammekuproduksjonen kan vere knytt opp mot avlsoksen, særskild i høve til at den føler ansvar for flokken og vil beskytte den. Her kan oksen oppfatte røktar og andre personar som rival. Gå derfor aldri direkte inn i flokken dersom der er brunstige kyr. Snakk med oksen først, gå varsamt fram og sjå om du vert akseptert. Fjern oksen før handtering av andre dyr i flokken. Det er heller ikkje ufarleg å handtere slike store dyr og ein bør difor fylgje ein del grunnreglar for å førebygge at oksen får dårleg lynne:

  • Kjøp inn oksen minst ein månad før beiteslepp
  • Oksen må ha trygg oppstalling når den ankjem garden. Set aldri oksen aleine i eit tomt fjøs. Den må ha augekontakt med andre storfe.
  • Vent med å sette i nasering til etter første beitesesong. Sår nase kan gjere oksen irritabel og nervøs.

Normalt vil oksen ha den høgast rang i flokken. Røktar må heile tida gje oksen inntrykk av at han står over i rang. Dette oppnår ein best ved å vere roleg og ikkje minst bestemt i handteringa av oksen.

Ammekua på beite

Når ammekua går med kalv vil morsinstinktet gjere til at den vil verne kalven mot det som kua oppfattar som fare. Normalt vil kua akseptere at røktar går rundt i flokken både inne og ute på beite. Dersom framande går rundt i flokken kan dyra eller einskilde dyr reagere. Ein bør aldri bevege seg i beiteområdet med hund. Kua vil oppfatte at hunden er ein fare for kalven og kan lett angripe både hund og folk.

Kroppsspråket til storfe

Storfe er flokkdyr og for å leve i flokken må dei kommunisere. Dette skjer i stor grad gjennom kroppsspråket. Det er derfor mogeleg å forutsjå korleis eit storfe kan komme til å reagere. Storfe vil normalt gje signal på førehand. Krumma nakke og breisida til er eit signal som tilseier at det er best å komme seg unna. ( sjå under).

 

Litt om sansane til storfe

Syn 

Storfe har godt utvikla syn. Synsfeltet er på 330 grader, men ikkje meir enn 30 grader vert dekka av begge auger samtidig. Dette gjer til at storfe har dårleg djupnesyn. I praksis vil dette medføre at storfe vil vere forsiktige med å gå over skyggelinjer, dørstokkar osv.

Storfe har som nemnt stor synsradius, men kan ikkje sjå rett bakover. Dersom du må nærme deg eit storfe bakfrå, må du derfor bruke stemma for at dyret skal vere klar over at du kjem.

Storfe har fargesyn og forsking viser at ulike fargar påverkar dyra sin sinnstilstand. Grøn farge verkar meir trygt på storfe enn blå, og raud farge er den verste. Røktar bør derfor helst bruke grøn kjeledress.

Hørsel 

Storfe har ein hørsel som kan samanliknast med vår hørsel med unntak av at dei høyrer høgfrekvente lydar som vi ikkje kan høyre. Storfe vil derfor kunne reager på lydar som vi ikkje kan høyrer. Dyr kan derfor reagerar på slike lydar utan at vi forstår kvifor.

Lukt

Vi antar at dyr har godt utvikla luktesans. Eksempelvis kjenner kua att kalven ved hjelp av lukt.