Innmarksbeite til oppdrett og kjøtproduksjon på storfe

(09.11.16) Beite er ein viktig ressurs i kjøtproduksjon på storfe. Alt etter driftsform og tilgang kan opptil halvparten av årsfôret haustast direkte frå beite, gjerne med dyra 10-15 veker i utmarka.

Ansvarlig for temaheftet: Team storfe, Nortura og Norsk Landbruksrådgiving

Fôrkvalitet og fôropptak av ungt beitegras vil ofte vera betre enn innhausta fôr når tilgangen er god. Dessutan viser økonomiske utrekningar at variable kostnader per fôrverdi (kg tørrstoff, FEm eller NEg) er under halvparten av innhausta grovfôr (Økoplan, Nortura 2016).

I tillegg til å hausta store fôrverdiar, gir bruk av beite dyra mosjon og høve til naturleg åtferd. Beitande bufe er viktig for kulturlandskapet og god reklame for norsk storfehald.

Bruk av beite er godt for både dyra, bonden og kulturlandskapet.

 

Innmarksbeite til oppdrett og kjøtproduksjon på storfe, pdf. 5 832 kb

For å vise PDF-filen trenger du Adobe Reader. Hvis du ikke har dette programmet installert, kan det lastes ned her: