Ta vare på kalven – framtida i fjøset!

(Oppdatert 23.06.20) Her er nokre råd om fôring for å ta vare på kalven slik at han får ein god start.

kalven

Av: Øystein Havrevoll, tidl. spesialrådgiver storfe

Ved fødsel:

  • Tørr og rein fødebinge med nok strø
  • Nok råmjølk – 1,5 l råmjølk per 10 kg levande vekt det første døgnet fordelt på minst 4 mål (etter appetitt). Seinare 6-8 l/døgn så lenge råmjølka varer. Ta vare på råmjølka til dei yngste kalvane
  • Følg med at ammekalvar får i seg nok råmjølk
  • Gi mjølk med sonde til påkjente kalvar som ikkje vil suga. Om du ikkje kan dette, rådfør deg med dyrlege. Husk at næring reddar liv!

Mjølkefôring

  • Råmjølk/heilmjølk, 6-8 l/dag fordelt på meir enn to mål per dag. Avvenning ved 6-8 vekers alder eller når kalven et minst 3/4 kg kalvekraftfôr. Bruk gjerne syrna mjølk.
  • Alternativ mjølkefôring: Heilmjølk til 4 vekers alder. Overgang til mjølkeerstatning i løpet av ei veke. Bruk moderate rasjonar mjølkeerstatning, dvs. 750-900 g pulver per kalv og dag. Følg nøye oppskrift på sekken for utblanding av pulver og vatn. Avvenning når kalven et minst ¾ kg kraftfôr/dag.

Kraftfôr og grovfôr

  • Tidleg tilgang på friskt kraftfôr og velberga høy eller grassurfôr. Bruk gjerne kalvekraftfôr og høy til 10-12 vekers alder. Alle kalvar i bingen må ha plass til å eta grovfôr samtidig.

Vatn til kalvar

  • Fri tilgang på reint og friskt vatn frå første dag. Væskebehov på 8-10 % av kroppsvekt per dag
  • Behov for 2-3 l/dag så lenge kalven får mjølk og 10-12 l/dag etter avvenning når kalven får høy og kraftfôr (4 l vatn/ kg opptatt tørrstoff frå fôret)

Stell av kalven

  • God kontakt med kalven frå første dag - nok tilsyn både inne og på beite
  • Rein, tørr og trekkfri liggeplass.
  • Nok plass
  • Avhorning i god tid før omsetting

Omsetting av kalv

  • Berre kalvar som er friske og i jamn, god vekst er aktuelle for omsetting. Sjå tilvekstkurve frå Nortura.
  • Kalven skal vera avvendt frå mjølk minst 14 dagar før omsetting.
  • Ver nøye med eigenerklæringa
  • Kalv som får mjølk ved omsetting skal berre omsettast gjennom direkte avtalar mellom seljar og kjøpar.
  • Innkjøpte kalvar bør stå i eige rom/avdeling dei to første vekene (seksjonering)
  • Ved problem med sjukdom på innkjøpte kalvar, kontakt dyrlege og lag ein tiltaksplan.

Kalven på beite

  • Kalven kan ut på beite så snart som råd når ein legg forholda til rette for det.
  • Ver obs på trommesjuke hos kalvar som får mjølk og kraftfôr på beite
  • Kalvar som ikkje går med mor si må få tilskot av kraftfôr når dei er yngre enn 5 månader.
  • La gjerne ammekalvar ha tilgang på kalvegøyme med kraftfôr på beite (kraftfôrautomat)