Kan ammoniakkbehandla halm erstatta grassurfôr?

(Sist endret 23.06.20) Når grovfôravlinga er blitt mindre enn normalt pga. sein og våt vår, dårleg overvintring av enga, tørke, flaumskadar eller vanskelege hausteforhold, er det fort gjort å melda dyr inn til slakt. Men frå Nortura si side vil me i det lengste rå frå å redusera talet på produksjonsdyr eller senda dyr som ikkje er tunge nok til slakt. Sterkare fôring med kortare framfôringstid, kjøp av rundballar av gras eller NH3-behandla halm, mindre påsett enn vanleg eller sal av fôringskalvar, er andre tiltak som kan vera meir lønsame.

Halmballer

Av: Øystein Havrevoll, tidl. rådgivar storfe i Nortura

Når situasjonen er slik at det jamt over lite er grovfôr mange stader, kan det bli vanskeleg å få tak i rundballar av gras. Då er det svært nyttig at fleire bønder enn vanleg kan ta vare på halm til ammoniakkbehandling slik at det blir råd å skaffa seg halm for dei som manglar fôr. Spørsmålet er då om ammoniakkbehandla halm kan erstatta grassurfôr i kjøttproduksjon på storfe?

Næringsinnhald i ammoniakk-behandla halm
På 1970- og 1980-talet vart det gjennomført ei rekke forsøk med NH3-behandla halm til storfe, sau og hest ved Institutt for husdyrfag og akvakulturvitenskap  (NMBU Ås)  og i andre nordisk land. Desse forsøka gav tilfredsstillande resultat til vedlikehald og produksjon hos storfe frårekna mjølkedyr og dyr under 6 månaders alder.

Men det er nødvendig å auka kraftfôrrasjonen for å få høg nok produksjon. Tørrluta halm (NaOH) og dyppeluta halm (1,5 % NaOH-løysing, Bechmanns metode) gir høgare energiverdi enn ammoniakkbehandla halm. Men luting av halm er lite brukt på grunn av praktiske årsaker og fare for forureinsing. Ammoniakkbehandling aukar også proteinverdien i halmen fordi ein del av ammoniakken kan nyttast til proteinsyntese av mikroorganismar i vomma hos drøvtyggarar. 

Auke i temperatur, fuktighet og lagringstid er gunstig for effekt av behandlinga. Lagringstemperatur bør vera godt over 0 grader, optimal tørrstoffinnhald på 75 - 80 % og lagringstid minst 4 veker.

I fôrtabell ved IHA/Mattilsynet er NH3-behandla bygghalm med ca. 80 % tørrstoff oppgitt til 0,71 FEm, 70 g AAT og -83 g PBV per kg tørrstoff.  I praksis kan ein rekna med ca. 2 kg tørr NH3-halm per FEm.

Bruk av ammoniakkbehandla halm
I forsøk ved Institutt for husdyrfag og akvakulturvitenskap, NMBU, med 1,5 - 2 år gamle kastratar som fekk fri tilgang på NH3-behandla bygghalm pluss mineral og vitamin, la dyra på seg 300-400 gram per dag. Dei tok opp 10 - 11 kg behandla halm om dagen.

Fôr slakteoksar som får 4-5 kg kraftfôr, vil dei ved fri tilgang eta 4-5 kg NH3-behandla halm per dyr og dag. Kviger andre vinteren vil normalt kunna ta opp 6 - 8 kg NH3-halm når dei får fri tilgang og 1 - 2 kg kraftfôr om dagen.

Ammoniakkbehandla halm kan brukast som einaste grovfôr til oksar og kviger over 6 månader. Fôr å dekka næringsbehovet, er det då bruk for meir kraftfôr. Det er likevel gunstig ernæringsmessig at ungdyra får minst 1 FEm grassurfôr  per dag.  

Dersom ein driv storfekjøttproduksjon i eit korndistrikt, er det aktuelt å tinga på halm. Pris på halm etter pressing og behandling er ofte så høg at det blir eit dyrt fôr dersom transporten er lang.

Ammoniakkbehandla frøhøy har næringsverdi som halm eller litt lågare. Om ein betalar inntil kr 2,00 per FEm for halmen, vil prisen på ein rundballe med ei vekt på 300 - 350 kg og 80 % tørrstoff liggja kring 300-350 kr.  Frakt vil koma i tillegg.   

I område der ein dyrkar korn, kan det for enkelte vera aktuelt å hausta noko av avlinga som grønfôr når kornet skyt, spesielt  når vekstsesongen blir for kort. Ved tresking av korn som dekkvekst, kan ein pressa og pakka rundballar av fuktig halm, spillkorn og attlegg. Her snakkar ein om konservering i rundballar og ikkje ammoniakk-behandling. 

Halm og ulike typar grønfôr med innslag av halm blir ofte rik på fiber (NDF).  Dette grovfôret er best eigna til ammekyr, sinkyr og ungdyr som ikkje skal ha maksimal tilvekst.

Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving om råd for dyrking, hausting og konservering av grønnfôr og heilgrøde.

Ved ammoniakkbehandling av fuktig halm og frøhøy med innslag av mykje grønt, kan ein få danna eit giftstoff (4-metyl-imidazol). Under slike situasjonar skal ein vera varsam med å gi dette som einaste grovfôr til ungdyra.

Fôrplanar med ammoniakkbehandla halm
I tabellane nedanfor har eg tatt med eksempel på fôrplanar for kviger, ammekyr og ung okse.  I alle planane er det brukt litt grassurfôr. I desse rasjonane skal det vera nok fiber slik at dyra held vomma i orden. Men når ein brukar meir kraftfôr, er det viktig å følgja med på gjødselkonsistensen. Ved beiteslepp og innsetting er det nyttig å få vekt på kvigene (vekt eller målband). Då ser ein om fôring og beiteopptak har gitt tilvekst som planlagt. 

Ei ammeku i godt hold som skal kalva i mars/april kan gjerne tæra på holdet den første del av vinteren.  Passe holdpoeng før kalving er 3,0 - 3,5.

Tabell 1. Fôrplan til kviger

Alder i mnd.

Vekt  kg

Behov
FEm/dag

Behov
AAT/dag

Tilvekst
g/dag

Fôrplan med halm
Dagsrasjon

Første vinter
7-14 mnd.

200 - 350

3,2 - 4,5

325 - 440

600 - 650

5-6 kg surfôr
(1 FEm), NH3-halm e. app., 1,5-2,5 FEm/dag,
2 kg kraftfôr, vit./mineral + saltstein

Andre vinter
19-24 mnd

400 - 550

5,2 - 8,5

500 - 900

650

5-6 kg surfôr
NH3-halm e. app.3,5- 4,5
2-3 kg kraftfôr
Vit./min + saltstein


Tabell 2. Fôrplan til ei ammeku på 650 kg

Periode

Behov
FEm/dag

Behov
AAT/dag

Fôrplan m/NH3-halm
Dagsrasjon

Drektig ku (tidleg)

5,0

400

5-6 kg surfôr (1 FEm), NH3-halm e. app., 1,5-2,5 FEm, 1,5 kg kraftfôr, 100 g/dag vitamin- og mineralbl. + saltstein

Drektig ku (seint)

7,5

600

10-12 kg surfôr
NH3-halm e. app., 2 kg kraftfôr + saltstein

Etter kalving

10

900

10-12 kg surfôr, NH3-halm e. app., 3-4 kg kraftfôr + saltstein


I desse fôrplanane er det sett opp avgrensa mengde grassurfôr og fri tilgang på halm.  Å gi både surfôr og halm kan by på problem at dyra et opp surfôret og står og rautar etter meir sjølv om det er fullt av halm på fôrbrettet. Her er det ulike praktiske erfaringar. Det er viktig å kunna sortera ammekyrne i to til tre grupper, slik at unge kyr og tynne kyr går saman og vaksne kyr passe hold går i ei anna gruppe.

Alternativ kan vera å gi berre ammoniakkbehandla halm til vaksne kyr i godt hold etter innsett og til 3-2 månader før kalving deretter gradvis overgang til surfôr. Hugs tilskot av mineral og vitamin. 

Tabell 3. Fôrplan til slakteoksar av NRF 

Alder,mnd.

3

6

9

12

15

16

17

Vekt, kg

100

185

290

400

510

545

575

Behov:

  • FEm/dag
  • g AAT/FEm


3,1
115


4,3
100


6,1
90


7,3
87


8,0
86


8,1
85


8,2
85

Rasjon:

 

 

 

 

 

 

 

  Kraftfôr

2,2

2,5

3,5

4,0

4,5

4,5

4,5

  Grassurfôr, 30 % ts, kg/dag

6

8

8

8

8

8

8

  NH3-halm, kg/dag

0

1

3

4

4

4

4


I denne fôrplanen er det rekna med 2800 FEm totalt frå kalven er 3 månader til slakting. NH3-behandla halm utgjer 20-25 % av samla energi i denne planen.

Når det er svært lite tilgang på grovfôr, kan ein redusera tilgang på surfôr og likevel halda oppe produksjonen. Institutt for husdyrfag og akvakulturvitenskap tilrår som eit absolutt minimum at dyra får 1-2 FEm dagleg i form av surfôr eller halm.

Oppsummering
Det går med ca. 2 kg tørr ammoniakkbehandla halm per FEm. Halmen har ein viss proteinverdi pga. mikroorganismar i vomma kan utnytta nitrogenet. NH3-behandla halm kan brukast som einaste grovfôr til ammekyr i godt hold fram til 2-3 månader før kalving. For dyr i vekst er det gunstig med 1-2 FEm grassurfôr per dag og fri tilgang på behandla halm. Dersom ein brukar 1-2 kg meir kraftfôr per dag, er det mulig å halda oppe tilveksten hos desse dyra sjølv om rasjonen innheld 20-30 % halm rekna på energibasis.

Pris på ammoniakkbehandla halm inklusiv transport blir ofte på nivå med grassurfôr når ein reknar per FEm.