Optimal utnytting av beitesesongen

(29.08.07) Beite er ein viktig ressurs i kjøtproduksjon på storfe. Alt etter driftsform og tilgang kan opptil halvparten av årsfôret haustast direkte frå beite. Mange nyttar også utmarka til beite i 10-15 veker og utvidar dermed fôrgrunnlaget på garden. Beitande bufe er også viktig for kulturlandskapet og god reklame for norsk storfehald.

Av: Øystein Havrevoll, Fagsjef Team Storfe

Produksjon på utmarksbeite vil avhenge av
areal, topografi, jordsmonn, fuktighet,
plantesetnad og høgda over havet. For
ungdyr som ikkje får tilskot, kan ein i snitt
for 12-15 veker rekna med ein tilvekst på
400 g/dag som bra resultat

Produksjonen hos dyra vil variera både med tilgang og kvalitet på beitet. I denne artikkelen skal eg ta for meg ulike beitetypar, stell av beite og kva produksjon ein kan venta på dei ulike beitetypane.

Ulike beitetypar
Beite til storfe kan grovt sett delast inn i utmarksbeite og innmarksbeite.

Produksjon på utmarksbeite vil avhenge av areal, topografi, jordsmonn, fuktighet, plantesetnad og høgda over havet. Hos ungdyr som ikkje får tilskot, kan ein i snitt for 12-15 veker rekna med ein tilvekst på 400 g/dag som eit bra resultat. Men det finst store variasjonar. Rolege dyr er eit teikn på god beitetilgang. Trass i ulike vekstvilkår på utmarksbeite, vil ungdyra utover i september ofte få i seg for lite mat til å halda opp tilveksten.

Innmarksbeite vil også variera mykje i kvalitet for eksempel frå beite på fulldyrka eng i korte omløp, til permanente kulturbeite. Vekst av beitegrøde er størst om våren og forsommaren og minkar sterkt ut etter hausten. Både for svak og for sterk avbeiting vil redusera veksten av beitegrøda. Ei åringskvige vil ha behov for 4-6 FEm per dag, mens ei ammeku gjerne bør ta opp 9-10 FEm om dagen. Den daglege tilgangen på beitegrøda bør vera minst 25 % meir enn dagsbehovet, elles vil tilgangen gå ut over beiteopptaket og produksjonen hos dyra.

På våren er det nok med 8-10 cm grashøgde ved slepping på nytt beite, mens seinare på sommaren kan grashøgda vera 15-20 cm når dyra kjem inn på nytt skifte. Maskinell beitepussing, overgjødsling og nok vatn gir jamt plantedekke og frodige beite til neste skifte. Dersom ein brukar same beite heile sesongen, kan ein styra beiteveksten med gjødsling og beitetrykk. Også her er det viktig å unngå utvakse beitegrøde.

Deling av beitearealet i fleire skifte lettar arbeidet med å styra avbeitinga mellom anna etter kor tidleg beiteveksten kjem i gang på dei ulike areala. Med fleire skifte er det også lettare å laga grupper av dyr som kan beita saman. Stripebeiting er ei intensiv form for beitestyring, som mange nyttar til mjølkekyr, men det er mindre vanleg til ungdyr og ammekyr.

I snitt for innmarksbeite på 4,5-5 månader, bør ein kunna rekna med tilvekst på 500 g/dag hos ungdyr som ikkje får anna tilskot enn salt på beite. Dersom skifta blir pussa og gjødsla etter kvar avbeiting, bør tilveksten kunna vera over 600 g/dag dersom ein har lågt smittepress av snyltarar.

Val av beitevekster
Det er all grunn til å rådføra seg med forsøksringen i området dersom ein skal fornya ein større del av beita. Forsøksringen hjelper også til med å setja opp gjødselplan og plan for ugrasrydding. Klima, tal slåttar per år og kor lenge ein skal beita vil verka inn på val av frøsortar.

Når ein skal bruka arealet til både slått og beite, bør frøblandinga innehalda engrapp og kvitkløver i tillegg til timotei, engsvingel og raudkløver. Raigras, spesielt italiensk, gir god gjenvekst ut over hausten og store avlingar. Dyra likar godt raigrasbeite. Det er lett å fordøya, men utnyttinga kan bli redusert på grunn av lite fiber og kort opphaldstid i vomma. Tillegg av grovare grovfôr i form av anna beite, surfôr, halm eller høy, kan gi meir fiber (NDF) og stabilisera fordøyelsen. Korte beiteintervall favoriserer engrapp og kvitkløver i grasdekket, mens lange beiteintervall tilgodeser typiske slåttegras som timotei og engsvingel.

Ved mangelfull drenering aukar innslag av sølvbunke, knereverumpe, krypsoleie og kjerringrokk. Når næringstilstanden i jorda er dårleg eller pH i jorda er låg, vil det favorisera småsyre, smyle og sauesvingel. Dersom arealet har for mykje dyr med store trakkskader, vil tungras og balderbrå frå innpass på beitet.

Gjødsling og stell av beite
Gjødslinga skal planleggjast godt for å oppnå nok og smakleg beite. I prinsippet bør ein gjødsla slik at plantene får nok næring og heller gi nødvendig tilskot til dyra. I dei fleste område i landet er det lite selen i jordsmonnet. Dersom ein brukar mineralgjødsel, bør denne vera tilsett selen.

Fast husdyrgjødsel på beite bør spreiast jamt og helst kjørast ut før grasveksten er i gang. Flytande gjødsel (gylle) kan også spreiast etter avbeiting, men i god tid før neste beiteperiode. Det er viktig å bruka nok vatn for ikkje å få eit gjødselbelegg over graset. Beite skal elles ha svak gjødsling, 3-5 kg N per gong. Dersom det er kløver i beitet, bør gjødselmengda avgrensast til 3-4 kg N per gong.

Pussing av beite
Stell av beite vil i stor grad seia å bruka maskin til å pussa bort det som dyra ikkje tek for å halda opp eit jamt og fint grasdekke. Pussing av beite gjer vilkåra verre for ugras og renningar som veks til og gir meir lys og næring for gode beiteplanter. Bruk av sau eller hest kan også vera nyttig for å pussa beita, men med meir einsidig dyrehald blir dette mindre vanleg.

For få dyr eller for dårleg pussing av beita vil gi rom til f. eks. brennesle, åkertistel, soleie, einstape og sølvbunke. Sølvbunke er også teikn på dårleg drenering. På beite med få dyr vil skog og kratt etter kvart ta over. For å auka beiteverdien av arealet att, må det rydding i form av skoging og krattknusing til.

Korleis redusera åtak av parasittar
Gode beite er ikkje nok. Kalvar og ungdyr som blir sleppte på beite skal vera friske og i godt hold. Robuste dyr og lågt smittepress av snyltarar er ein god strategi for å halda dyra friske. Kalvar og ungdyr som er på beite første året er mest utsett for åtak av parasittar. Eldre dyr blir meir immune. Bruk helst beite som det ikkje har gått storfe på året før. Førebyggjande behandling mot parasittar er nødvendig dersom ein må bruka same beite år etter år. Rådfør deg med dyrlegen. Mykje dyr på lite areal aukar smittepresset. På utmarksbeite er problemet mindre, men ein kan ikkje sjå bort frå at ungdyr som går mykje på setervollar kan få problem med snyltarar.

Løypeorm er kanskje det største helseproblemet hos kalvar på beite. Dette er ein rundorm som set seg fast i løypen og tynntarmen og fører til sjukdom 3-4 veker etter at smitten er tatt opp i dyret. Diaré, tynne dyr, stygg pels, vassrennande augo og liten tilvekst er symptom på dette. I verste fall kan dyra stryka med etter kort tid. Ammande kalvar er mindre utsett, men problemet kan visa seg ved avvenning.

Koksidier er ein eincella parasitt som overlever vinteren i beitet, og den kan årsaka sjukdomsutbrot når same beitet blir brukt til ungdyr året etter. Symptom på sjukdom syner seg 8-9 dagar etter at smitten er tatt opp, og den gir kraftig, mørk diaré og sterk uttørking. Sjuke dyr må behandlast raskt. Husk også god tilgang på friskt og reint vatn.

Overgangsfôring - tilleggsfôring
Det er gunstig for dyra å koma tidleg ut på beite. Kalven er ikkje noko unntak. Men kalvar under 5 månaders alder bør få tilskot av kraftfôr på beite når dei ikkje ammar. Tilskot av kraftfôr og grovfôr til ungdyr og ammekyr lettar overgangen til beite dei første dagane og syter for god kontakt mellom dyr og røktar. Litt grovfôr på beite kan vera buffer for å sjå korleis tilgang av beitegrøda er. I Sverige er det vanleg å gi litt høy som bufferfôr til mjølkekyr.

Alle dyr bør ha tilgang på saltstein på beite. Det er også gunstig av dyra har tilgang på mineral- og vitaminblanding frå automatar så lenge dei går på innmarksbeite. Desse næringsstoffa kan dyra lagra i organismen til bruk i periodar med mindre opptak, for eksempel på utmarksbeite.

For dei som skal inseminera kviger før jul, er det særs viktig at dyra veks godt nok ut over sommaren og hausten. Det er fint for dyra å gå ute, men dei må få tilskot av rundballesurfôr og gjerne litt kraftfôr for å halda oppe tilveksten.

Kontroll med dyra
Produksjon på beite er ikkje like lett å vurdera. Bruk difor målband og mål kalvane dine før og etter beiteslepp? På denne måten får du eit sikkert tal for kor godt dyra har utnytta beiteperioden. Dessutan vil positiv kontakt, gjerne kombinert med litt godt fôr, skapa tillit mellom kalv og røktar. Det lettar handtering av heile storfeflokken seinare. Lynne vil variera frå dyr til dyr og gjerne mellom rasar av dyr. Men kanskje bør me i sterkare grad undersøkja kva bønder som har rolege flokar og tame dyr gjer, i staden for å diskutera raseforskjellar? Tilsyn med dyra på beite så ofte som råd er positivt. Det vil gi rolege dyr og sikra oss at dyra har nok næring og vatn, og at dei er fri for sjukdom og skadar.