Kor mykje kan sauen produsere på godt grovfôr?

(10.03.11) I prosjektet "Mer og bedre grovfôr" ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap (UMB) var hovudmålet å: "Finne ut hvordan en med godt økonomisk utbytte kan utnytte grovfôr med høg potensiell næringsverdi i kjøtt- og mjølkeproduksjon uten at det går på bekostning av dyra sin helse og velferd og viktige miljømål for norsk landbruksproduksjon".

Av: Finn Avdem, Nortura, Margrete Eknæs og Åshild Randby, UMB

Dette vart eit matnyttig forskingsprosjekt som gav oss kunnskap om korleis vi må tilpasse oss dersom vi i framtida må basere produksjonen av sau- og lammekjøtt i hovudsak på grovfôr.

I "Mer og bedre grovfôr" vart det gjort forsøk med søyer rundt lamming og lam på sluttfôring. Søyer med lam og lam på sluttfôring er den sauen som produserer mest i forhold til kapasiteten til å ta opp fôr. Difor har dei også høgast krav til fôrkvaliteten, og det var naturleg å teste ut grovfôret på dei.

Vi oppsummerer her resultata frå prosjektet. 

Grovfôret i prosjektet

Grasslaga i enga som vart brukt var timotei, engsvingel og raudkløver. Det vart hausta grovfôr ved tre haustetider og utviklingssteg vart vurdert ut i frå utviklinga av timoteien:

Tabell 1 Kvalitet på grovfôret ved ulikt haustetidspunkt:

 

Haustetid 1:
Start stengelstrekking

Haustetid 2:
Stengelstrekking /Byrjande skyting

Haustetid 3:
Full Skyting

Energi, FEm/ kg tørrstoff

1,04

0,90

0,76

AAT g/ kg tørrstoff

78

77

70

PBV g/ kg tørrstoff

+47

+4

-20

Fiber (NDF) g/ kg tørrstoff

449

531

567

Graset vart lagt i streng, fortørka, tilsett syrebasert ensileringsmiddel, pressa i rundballar, frakta til lagringsplass og pakka i seks lag plast. Gjæringskvaliteten var god på alle surfôrslag. Avlingsnivået på 1. slått på dei ulike haustetidene var:

Tabell 2 Avlingsnivå ved ulikt haustetidspunkt:

 

Haustetid 1:

Haustetid 2

Haustetid 3

Kg TS pr dekar

335

521

625

FEm pr dekar

348

468

475

Ca plantehøgde cm

30

60

85

Kraftfôret i forsøket

Kraftfôret som vart brukt i forsøka var produsert hovudsakeleg på norske råvarer (havre, bygg, kveite, erter, raps og melasse) og hadde dette næringsinnhaldet:

  • FEm/kg TS: 1,04
  • AAT, g/kg TS: 97
  • PBV, g/kg TS: 0,6
  • NDF, g/kg TS: 218

Søyer rundt lamming

I forsøket med søyer rundt lamming, kombinerte ein surfôret med tre ulike kraftfôrnivå på tvilling og trillingsøyer:
Tvillingsøyer Trillingsøyer

  1. Utan kraftfôr, kg/dag 0 0
  2. Lavt kraftfôrnivå, kg/dag 0,2 0,4
  3. "Normalt" kraftfôrnivå, kg/dag 0,4 0,8

Ein kombinerte kraftfôrnivå og grovfôr i 6 forsøksledd slik:

  1. Høstetid 1, uten kraftfôr
  2. Høstetid 1, lavt kraftfôrnivå
  3. Høstetid 1, normalt kraftfôrnivå
  4. Høstetid 2, lavt kraftfôrnivå
  5. Høstetid 2, "normalt" kraftfôrnivå
  6. Høstetid 3, "normalt" kraftfôrnivå

Det var altså berre på haustetid 1 ein ikkje brukte kraftfôr i det heile. "Normalt" kraftfôrnivå er sett i hermeteikn fordi dette også er eit lavt kraftfôrnivå i forhold til det mange bruker. Ein valde eit lågt kraftfôrnivå fordi ein ynskte å utfordre grovfôropptaket mest mogleg. Det var fire søyer på kvart forsøksledd.

Forsøksperioden varte frå 6 veker før lamming til fire veker etter lamming. Ein registrerte:

  • Fôropptak før og etter lamming
  • Energistatus på søyene før lamming (blodprøver som målte glukosenivå og frie feittsyrer)
  • Vektendring etter lamming hjå søyer
  • Fødselsvekt og tilvekst på lam

Etter forsøksperioden gikk søyer med lam på felles permanent innmarksbeite

Fôropptak

bilde 1
Seks veker før lamming til lamming

bilde 2
Lamming til fire veker etter lamming

Figurer over: Totalt fôropptak i kg tørrstoff og FEm pr dag i sein drektigheit og etter lamming

Ikkje uventa, gjekk fôropptaket opp etter lamming, noko som skuldast både auka kraftfôrtildeling og større kapasitet til å ta grovfôr. Energiopptaket på haustetid 1 utan kraftfôr var fullt på høgde med haustetid 2 og 3 med kraftfôr, spesielt før lamming.

Tilvekst på lam og holdendring hjå søyer

Tabell 3: Lammevekter og tilvekst på lam av ulik burd

bilde 3

Det var fine fødselsvekter på lamma i forsøket, 4 - 4,5 kg på trillinglamma og 5 - 6 kg på tvillinglamma. Dette tyder på at fôringa i høgdrektigheitstida har vore tilstrekkeleg, sjølv om blodprøveresultat frå gruppa som fekk haustetid 3 og "normalt kraftfôrnivå" tyder på at søyene i denne gruppa hadde ein del mobilisering av kroppsfeitt også i høgdrektigheitsperioden.

Det var heller ingen sikre forskjellar i tilveksten på lamma dei fyrste fire vekene. Trillinglamma voks 220 - 270 g/dag og dei fleste tvillinglamma frå 320 - 340 g/dag. Dei seks trillinglamma i gruppa "haustetid 1 og 0 kg kraftfôr" voks i middel nesten 250 g/dag.

bilde 4

Figur 3 Tilvekst hjå lam og vektendring hjå søyer i dei fire fyrste vekene etter lamming

Ser vi på lammetilveksten i samanheng med vektendring på søyene, ser vi at den store forskjellen mellom gruppene låg i vektendringa. I gruppene med lågast energiopptak (haustetid 2 lavt kr.fôr nivå og haustetid 3 normalt kr.fôr nivå) mobiliserte søyene over ¼ kg av kroppsreservane pr dag i innefôringsperioden. Dette viser kor stor evne søya har til å kompensere knapp fôring etter lamming med holdmobilisering. Difor er det så viktig at søya er i godt hold når ho lammar!

Ein vog haustvekt på lamma 25. august for å sjekke om fôringa omkring lamming hadde innverknad på tilveksten på beite. Her fann ein også noko interessant.

Tilvekst g/dag

bilde 5

Figur 4: Sommartilvekst og haustvekt på lam frå ulike grupper

Lamma frå haustetid 1 utan kraftfôr hadde best beitetilvekst og høgast haustvekt. Dette kan sannsynligvis forklarast med at søyene i denne gruppa fekk ein mjuk overgang frå innefôring til vårbeite og difor ikkje nokon knekk i mjølkeproduksjonen i samband med fôrskiftet. Dette viser kor viktig overgangsfôringa frå innefôring til beite er.

Sluttfôring av lam

Same tre type grovfôr vart brukt til eit forsøk med sluttfôring av lam. I dette forsøket hadde ein berre to kraftfôrnivå: 0 kg kraftfôr og 0,5 kg kraftfôr, slik at det var seks forsøksledd i dette forsøket. Det var 8 lam (2 søyelam av Norsk Kvit, 4 søyelam av NorX og 2 verlam av NorX) per forsøksledd. I dette forsøket målte ein fôropptak, tilvekst, slaktekvalitet og mørheit på kjøttet av lamma.

Fôropptak
bilde 6

Figur 5. Opptak av surfôr og kraftfôr hos lamma, og berekna substitusjonseffekt.

Ein ser at fôropptaket var størst i gruppene som fekk haustetid 1. Det var også i denne gruppa grovfôropptaket gjekk mest ned når ein supplerte med 0,5 kg kraftfôr. Haustetid 1 utan kraftfôr gav høgare energiopptak enn både haustetid 2 og 3 med kraftfôr.

Tilvekst

Forskjellig energiopptak ga seg utslag i ulik tilvekst på lamma. Haustetid 1 ga tilfredsstillande tilvekst både med og utan kraftfôr, medan ein ser at på surfôr frå dei andre haustetidspunkta, så må ein supplere med kraftfôr om tilveksten skal bli tilfredsstillande. Sluttfôring av lam med berre surfôr hausta ved full skyting (haustetid 3) ga nesten ikkje tilvekst i det heile. Det var på haustetid 2 og 3 ein hadde størst effekt av å supplere med kraftfôr.

Figur 6: Vekt og tilvekst i dei ulike gruppene med lam

bilde 7

Slaktekvalitet og kjøttkvalitet

Lamma vart slakta litt seint i forhold til å gje optimal slaktekvalitet med omsyn til feittavleiring. Årsaka til dette var at nokre av lamma var litt for tunge ved forsøksstart i forhold til det som var ideelt, og at ein ynskte å ha lamma eit visst tal dagar i forsøket for å få sikre registreringar på fôropptak og tilvekst.

Gruppa som fekk "Haustetid 3 utan kraftfôr" vart slakta ved ei lågare vekt enn dei andre gruppene fordi tilveksten var for liten til at denne gruppa kom opp i ynskt vekt innan rimeleg tid. For alle dei andre gruppene var klassifiseringa oppe i U klassene.

Lamma som fekk det tidlegast hausta surfôret var feitare enn dei andre. Dette kan kome av at slaktevekta var noko høgare, og særleg av at energiopptaket pr dag i desse gruppene var høgast. Kjøtt frå lam sluttfôra på haustetid 1 og 2 såg ut til å vera mørast.

Tabell 4: Slaktekvalitet, slaktevekt og kjøttkvalitet

tabell
 

Konklusjon:

Ved "super" grovfôrkvalitet (ca 1 FEm/kg TS) utan bruk av kraftfôr er det mogleg å produsere:

  • Over 700 g lammetilvekst pr dag på tvilling- og trillingsøyer med berre liten holdmobilisering
  • Over 200 g tilvekst pr dag for lam på sluttfôring

Andre viktige lærdomar frå forsøket:

  • Søyer i godt hold ved lamming greier å kompensere knapp fôring etter lamming med holdmobilisering:
    • DET ER VIKTIG AT SØYA ER I GODT HOLD NÅR HO LAMMAR
  • Godt grovfôr og høg andel grovfôr i innefôringsperioden ser også ut til å gje høgast tilvekst i beiteperioden
    • DET ER VIKTIG Å HA EIN MJUK OVERGANG TIL VÅRBEITE
  • Jo betre grovfôr ein har, jo mindre effekt har ein av å supplere med kraftfôr (større substitusjonseffekt)
    • EIN HAR LITE IGJEN FOR Å GJE MYKJE KRAFTFÔR I TILLEGG TIL SURFÔR AV VELDIG TIDLEG HAUSTA GRAS

Nokre erfaringar og råd til den som vurderer å satse på ein grovfôrstrategi med "super-grovfôr":

  • Det var tendensar til blaut møkk og "klinete" bingar ved bruk av det tidlegast hausta surfôret. Ein bør difor gje litt strukturfôr i tillegg til slik fôr for å oppnå betre bingehygiene
  • "Supergrovfôret" gjev eit veldig høgt fôr- og energiopptak. Det egnar seg difor best i perioden etter lamming når fôrbehovet er stort og søya ikkje lenger er "belasta" med foster og fostervatn. Ved maks fire veker innefôring etter lamming treng difor berre 15 - 20 % av grovfôret ein haustar å halde "super" kvalitet
  • Vær sikker på at grovfôrkvaliteten er så god som du trur- ta grovfôranalyser!
  • Ved veldig tidleg hausting, vil berre 30 % - 40 % av årsavlinga bli hausta som 1. slått og 60 - 70 %. vil bli hausta som 2. og 3. slått og beite. Gjenveksten etter ein veldig tidleg 1. slått vil i større grad bestå av strå og går raskare ned i kvalitet enn gjenvekst etter seinare 1. slått. Pass difor på kvaliteten av 2. slåtten etter ein veldig tidleg hausta 1. slått.
  • Det billegaste, viktigaste og beste grovfôret ein sauebonde dyrkar er gode vår- og haustbeite. Tenk igjennom om det kan passe med ei avling tidleg hausta "super-grovfôr" i vekstsesongen på garden din for å oppnå rett kvalitet på resten av grovfôret og best mogleg beitekvalitet. Dersom svaret er "ja" på det, er det ekstra aktuelt med ein fôringsstrategi med "supergrovfôr" til søyer etter lamming og lam som skal sluttfôrast inne på surfôr.

Faksimile Nationen 25.11.2010

Faksimile Nationen 25.11.2010