Rett grovfôr til rett tid

(Oppdatert 13.09.23) Det er ikkje ein fasit på kva som er rett grovfôrkvalitet. Det kjem an på arealtilgong, avlingsmengder, veksttid og kva som er alternativ bruk av jorda. Det viktige er at ein kjenner fôrtrongen, veit noko om kva fôropptak og produksjonsrespons ein kan få av ulike kvalitetar. Da treng du ein plan for fôringa og arealbruken. For å lage ein god plan, treng ein fôranalyser.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura 


Appetittfôring med grovfôr gjev mogelegheit for rasjonell grovfôrtildeling

Grovfôret har ulike funksjonar og skal gje: 

  • Energi og protein 
  • Nok fiber (NDF) og struktur til at drøvtygginga og vomma fungerer optimalt 
  • Mineral og vitamin 
  • Dyrevelferd (mette og tidtrøyte) 

For husdyrbrukaren er det også eit mål at grovfôret skal ha låge kostnadar

Fôropptak og næringsverdi

Fôrbehov og krav til næringsverdi

For å illustrere at det er stor variasjon i fôrbehov og difor krav til næringsverdien i grovfôret, har vi sett på totalt FEm behov for ulik type sau i høve til vedlikehaldsbehovet for dei same sauene. Vedlikehaldsbehovet er fyrst og fremst bestemt av storleiken på dyret og difor kapasiteten til å ta opp fôr. Jo høgare det totale fôrbehovet er i høve til kapasiteten til å ta opp grovfôr, jo større krav stiller sauen til næringsinnhald og kvalitet på grovfôret.

Tabell 2. Vedlikehaldsfôr i høve til totalt fôrbehov i FEm for ulik type sau

 

Vedlikehaldsbehov
(FEm)

Totalbehov
(FEm)

Totalbehov/
vedlikehaldsbehov

Vaksen søye tom/ lågdrektig

0,9

0,9

1

Vaksen søye på "flushing" før paring

0,9

1,4

1,5

Vaksen søye høgdrektig siste 14 dagar før lamming

0,9

1,3-1,9

1,4-2,1

Vaksen søye m. lam

0,9

2,1 - 3,5

2,3-3,5

Påsettlam

0,6

1,2

2

Lam på intensiv sluttfôring

0,6

1,8

3

Denne tabellen syner at lam på intensiv sluttfôring og søyer som mjølker til lamma sine, er dei sauene i flokken med høgast krav til næringsverdi i grovfôret, høgdrektige søyer og påsettlamma kjem på ein god nr 2 og dei tomme/lågdrektige søyene har lågast krav til næringsinnhald i fôret. 

Sidan kravet til næringsinnhald varierer mykje, bør eit sauebruk eigentleg legge opp til å ha to slag grovfôr, eit høgenergi-fôr og eit lågenergi-fôr. Høgenergi-fôret skal brukast når fôrbehovet er størst for å gje maksimalt fôropptak og tilgang på næringsstoff. Med næringsstoff meiner vi energi (FEm) og protein (AAT/PBV). Lågenergi-fôret skal, i tillegg til å gje tilgang på passeleg mengder med næringsstoff, også gje tidtrøytte og mettheitskjensle til søyene utan at dei blir for feite. 

 


Rett grovfôr skal gje både næring og dyrevelferd for sauen

Kva styrer grovfôropptaket?

Grovfôropptaket blir styrt av ulike faktorar. Ein hovudfaktor er kor mykje søya produserer. Dersom ein bruker same grovfôret før og etter lamming, vil ei produktiv søye som mjølkar ta opp meir grovfôr enn ei lågdrektig søye fordi fôrbehovet er større og svoltsignala sterkare hjå søya som produserer mjølk. 

Ein annan hovudfaktor som styrer grovfôropptaket, er kor mykje fôret fysisk fyller opp i vomma. Kor mykje fôr søya et før "tanken er full" blir styrt av kor fort fôret blir brote ned, og kor fort den delen av fôret som ikkje blir melta og soge opp i vomma, kan passere vidare til tarmen. Det er som regel ein positiv samanheng mellom næringsverdien i grovfôret og fôropptaket til søya. Næringsrikt fôr er lettmelteleg og blir raskt brote ned i vomma. Den fysiske fôropptaksreguleringa blir difor ikkje så avgrensande for grovfôropptaket. Det næringsrike grovfôret er som regel hausta tidleg og har lågt innhald av fiber (NDF). Tidleg hausta grovfôr vil difor i tillegg til å vera næringsrikt, også stimulere til eit høgt grovfôropptak. 

Ein tredje faktor som er viktig for grovfôropptaket, er andelen kraftfôr i rasjonen. Jo høgare næringsverdien er i grovfôret, jo meir vil grovfôropptaket bli redusert av å gje kraftfôr i tillegg. 

Vi har samla ein del resultat frå fôringsforsøk på sau der ein har målt grovfôropptaket med forskjellige grovfôrkvalitetar og kraftfôrmengder i rasjonen. 

Tabell 3. Fôropptak med ulik grovfôrkvalitet målt på vaksne søyer 

Type sau

FEm/ kg TS i grovfôret

g NDF / kg TS i grovfôret

FEm kraftfôr i rasjonen

Opptak Grovfôr, Kg TS

FEm

1) Lågdrektige søyer

0,88

522*

0

1,9

1,6

1) Lågdrektige søyer

0,74

593*

0

1,4

1,0

2) Høgdrektige søyer

1,02

438

0,3

2,0

2,0

2) Hødrektige søyer

0,77

643

0,3

1,5

1,2

2) Mjølkande søyer

1,02

438

0,8

2,2

2,2

2) Mjølkande søyer

0,77

643

0,8

1,8

1,4

3) Mjølkande søyer

Vårbeite

 

0

 

3,0**

*Omrekna frå trevlar til NDF
** Berekna ut i frå tilveksttal på lam

1) Lind 99
2) Johansen og Todnem 2006
3) Avdem 2007

I desse forsøka gjekk grovfôropptaket ned med ca 0,25 kg TS når FEm/kg TS gjekk ned med 0,1.

Forsøk 1) og 2) syner at ei søye i drektigheitsperioden har kapasitet til å ta det doble av vedlikehaldsbehovet sitt dersom grovfôret har høg næringsverdi og blir gjeven etter appetitt. Overskotsenergien vil bli avleira som fett på søya. Dersom søya er i dårleg hold ved innsett, er det gunstig med ei viss feittavleiring i lågdrektigheitstida, men direkte feite søyer ved lamming er ingen fordel fordi dette reduserer fôropptaket og aukar faren for drektigheitsforgifting (ketose). Ein kan rasjonere grovfôret slik at opptaket passar til fôrbehovet. Ulempa med det er at ein mistar moglegheita for å rasjonalisere grovfôrtildelinga ved å fôre grovfôr etter appetitt. Søyene vil også stå store delar av dagen utan sysselsetting, noko som kan føre til uvanar som ulleting eller gnaging på tre-innreiingar

For mjølkande søyer derimot, vil eit slik grovfôr passe godt fordi ein større del av fôrbehovet kan dekkast opp av grovfôr. Dette er billegare fôring og gjer det enklare å fôre søya intensivt utan at ho blir matlei på grunn av sur vomgjæring i samband med fôring med store kraftfôrrasjonar. Ei trillingsøye treng eit samla fôropptak på minst 3 FEm/dag dersom ho skal mjølke godt. Dersom vi brukar grovfôropptaket frå tabell 3, krev dette ein kraftfôrrasjon på 0,8 FEm/dag med svært tidleg hausta surfôr med eit næringsinnhald på 1 FEm/kg TS. Dersom ein fôrar med kraftfôr to gonger om dagen, vil dette bli 0,4 FEm kraftfôr pr fôring. For å oppnå same FEm opptaket på middels tidleg hausta surfôr, må ein opp i ein kraftfôrrasjon på 1,6 FEm/dag eller 0,8 kg kraftfôr pr fôring. Så store kraftfôrrasjonar gjev lett sur vomgjæring og matleie søyer. Her bør ein difor dele opp kraftfôrrasjonen i enda fleire rasjonar med det meirarbeidet dette medfører i ei travel tid. Dette blir også ein dyrare rasjon.

Nok fiber og struktur

Fiberinnhaldet (NDF) i den totale fôrrasjonen er viktig for gjødselkonsistensen, bingehygienen og at drøvtygginga og vomma skal fungerer optimalt med god fôrutnytting. Ein reknar difor at fiberinnhaldet i samla rasjon av grovfôr og kraftfôr bør vera minimum 30 % av tørrstoffet (Lantmännen 2003). Vi har rekne på korleis fiberinnhaldet blir i desse to rasjonane vi hadde ovanfor. Det tidleg hausta surfôret med ca 1 FEm/kg TS inneheldt 438 g NDF/ kg TS. Det middels tidleg hausta surfôret med 0,77 FEm/kg TS inneheldt 643 g NDF/kg TS. Det mest vanlege kraftfôret som blir brukt til sau rundt lamming har eit fiberinnhald på 19 %. 


Fuktig surfôr med lite fiber (NDF) gjev tett strekkmetall og dårleg bingehygiene

Tidleg hausta surfôr:
2,2 kg TS grovfôr à 438 g NDF = 963 gNDF,
+ 0,8 kg TS kraftfôr à 190 g NDF=152 gNDF
Sum 1030 g NDF

1030 g NDF/3 kg TS = 372 gNDF/kg TS i samla rasjon eller 37,2 %

Middels tidleg hausta surfôr:
1,8 kg TS grovfôr à 643 g NDF = 1157 g NDF
+1,6 kg TS kraftfôr à 190 g NDF= 304 g NDF
Sum 1461 g NDF

1461 g NDF /3,4 kg TS = 429 g NDF/kg TS i samla rasjon eller 42,9%.

Vi ser her at vi nærmer oss grensa når det gjeld fiberinnhald i rasjonen med det tidlege hausta surfôret sjølv om kraftfôrrasjonen er mindre. Det ideelle grovfôret i lammings-perioden bør difor ha ca 0,9 FEm/kg TS og ha ca 50 % NDF både for å oppnå eit høgt grovfôropptak, men også fungere optimalt i vomma.

Korleis produsere grovfôr av rett kvalitet?

Rett haustetidspunkt

Bioforsk har sett på næringsverdien av fyrsteslått og andreslått ved forskjellig haustetider og grasartar. (Lunnan et.al 2007)

Tabell: Energi og NDF-innhald på ulike grasartar ved ulike haustetidspunkt 

1.slått

Timotei

Engrapp

Raigras

Engsvingel

 

FEm/kg TS

NDF % av TS

FEm/kg TS

NDF % av TS

FEm/kg TS

NDF % av TS

FEm/kg TS

NDF % av TS

Start strekking

1.01

45

1,04

39

1,05

41

 

 

I strekking

0,94

52

0,99

46

0,97

46

0,95

 

Beg. Skyting

0,86

57

0,90

50

0,97

46

0,89

 

Full skyting

0,77

63

0,80

56

 

 

 

 

2.slått

Timotei

Engrapp

Raigras

Engsvingel

Tidleg 350-400 do*)

0,93

46,2

0,92

45,1

0,96

45,2

0,97

 

Sein 550-600 do

0,84

52,9

0,82

53,1

0,85

50,5

0,97

 

*) do = Døgngrader = Middeltemperatur x tal vekstdøgn 

Desse resultata tyder på at hausting ved stråstrekking, byrjande skyting er optimalt for å oppnå den kvaliteten vi ynskjer til "høgenergi-fôret" på ca 0.9 FEm pr kg tørrstoff. Ein tidleg hausta andreslått gjev også den FEm konsentrasjonen vi ynskjer. Gras hausta ved full skyting eller ein sein 2.slått (ca 600 d0 ser ut til å gje ein kvalitet som kan passe til ”lågenergi-fôret” på ca 0.7-0.8 FEm / kg TS. 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

  1. Bladstadie (Berre blad)
  2. Byrjande skyting (Ein del av aksa synleg på minst 10% av skota)
  3. Skyting (Halve akset synleg på minst 50% av skota)
  4. Full skyting (aksberande strå synleg på 50% av skota)

Rett konservering

Grovfôrkvalitetar med ulikt haustetidspunkt og energiinnhald har ulike krav til konserveringsmetode. Tidlig hausta gras til høgenergi-grovfôr høver best som surfôr fordi ungt gras er vassrikt og pakkar seg godt i silo/rundballar. Dette bør om mogleg bli fortørka til om lag 30% TS og ein bør nytta ensileringsmiddel som avgrensar gjæringa (syremiddel). Gras hausta ved full skyting til lågenergi- grovfôr har den ulempa at det inneheld mykje stive strå og blad. Dette gjev vanskelege forhold for god pakking og vellykka ensilering. Slikt gras er ofte relativt tørt allereie "på rot" og om ein fortørkar ytterlegare, så blir massen svært porøs. Langt komen eng har også ofte ein del daudgras der mugg allereie har starta vekst. Mugg og varmgang er ein gjengangar i slikt fôr i både silo og rundballar. Om ein har vêrtilhøve og mekanisering for det, så er seint hausta gras betre eigna for høy enn surfôr. Skal ein ensilere slikt gras, så unngå å fortørka mykje, kutt graset så mykje som mogleg og press harde rundballar eller trakk godt i siloen. Bruk godt med plast på rundballane og gjerne ein type ensileringsmiddel som verkar mot mugg (med propionsyre/propionat, benzosyre/benzoat). 

Fôr med tvilsam hygienisk kvalitet er ikkje fôr til nokon dyregruppe, men drektige dyr er særs vare. Dersom søya kaster lamma på grunn av skjemt fôr, så er økonomien ved det dyret spolert. Ver nøye med å sortere vekk skjemt fôr. Der det har vakse mugg, stig også pH. Listeriabakteriar trivst der pH er høg og resultatet kan bli kasting av foster og hjernebetennelse hos søyer. Kravet til låg pH er mindre jo høgare tørrstoff-innhaldet er i surfôret. I fuktig gras vil pH under 4,5 vere nok til å hindre listeriabakteriar. I tørrare gras kan pH vere høgare. Hugs at der det veks muggsopp, blir fôret oppfukta og da held det ikkje med ein pH på 5,0. Ensileringsmiddel med nitritt (KOFASIL®) er særs effektivt til å drepe listeriabakteriar, men slike middel er ikkje godkjende i økologisk landbruk. Andre ensileringsmiddel verker meir indirekte gjennom pH senking.

Kva er nok grovfôr?

Nok grovfôr av ulike kvalitetar er ei føresetnad for å kunne tilby rett grovfôr til rett tid. Nok beite vår og haust bør vera prioritet nr 1 på ein sauegard fordi det er da ein har mest dyr med høg næringstrong og beite er det billegaste og beste grovfôret. Vårbeitet skal vera i god vekst når sauen blir slept ut, dvs frå 5-7 cm høgt. Vårbeitet bør difor gjødslast ved vekststart og normalt vil beitet vera klart 10-14 dagar seinare. For å ha nok vårbeite til ei søye med to lam i to veker, trengs ca 0,7 dekar avhengig av beitekvalitet. Beitetrykket bør vera passe stort slik at vårbeitet held seg på 5-7 cm gjennom vårbeiteperioden ( Nesheim 2000). 


Gjenvekst av raigras er ypperleg høgenergigrovfôr for sluttfôring av lam

Kor lang tid det bør ta frå du haustar siste grasavling til sauen kan hauste gjenveksten, kjem an på kva grasartar du har i enga og veksttilhøva om hausten. For raigras vil det som regel vera nok med 3-4 veker gjenveksttid, medan ei vanleg graseng kanskje treng ca 6 veker. Tidspunkt for siste hausting av vinterfôr må tilpassast dette! Gjødsling for å få i gang gjenveksten er sjølvsagt. Kor mykje haustbeite ein treng, kjem an på kor mange lam som ein erfaringsvis treng å sluttfôre på beite. Det ideelle haustbeitet er ein kombinasjon av ca 0,1 dekar grønnfôr (for eksempel raigrasgjenvekst) og 0,25 dekar godt gjødsla håbeite pr lam som skal sluttfôrast. I tillegg bør ein ha noko kulturbeite- eller beiteareal som skal pussast med mindre god beitekvalitet til dei vaksne søyene om hausten.

Kva strategi ein skal velje når det gjeld haustetidspunkt, kjem an på kor stort grovfôrareal ein har tilgjengeleg. Dersom ein har knapt med areal i høve til sauetalet, og ynskjer å hauste maksimalt med FEm, vil ei haustetid ca 1 veke etter byrjande skyting vera optimalt (Mo 2005). Dette vil ikkje bli noko høg-energi fôr. Ein bør difor uansett prøve å hauste ein del høgenergi-fôr som ein kan bruke i høgdrektigheits- og lammingsperioden. Tek vi utgangspunkt i ein sauegard med innsett i midten av oktober, lamming frå starten av mai og utslepp på vårbeite i siste halvdel av mai, bør ca 40 % av innhausta grovfôr vera høgenergi-fôr og ca 60% vera lågenergi-fôr. Eg reknar da med at ein brukar høgenergi-fôr frå ca 1. april og til beiteslepp. Det vil da vera nødvendig å supplere med kraftfôr i tillegg til låg-energi-grovfôr i samband med paring og oppdrett av livlam .

Dersom ein har rikeleg med grovfôrareal og ynskjer å prioritere grovfôrkvalitet framfôr grovfôrmengde, bør ein også bruke høgenergi-fôr i frå innsett til paringa er unnagjort. Ein treng da ikkje bruke kraftfôr i samband med paring av søyene. Da bør kanskje 80 % av grovfôret vera høg-energi fôr. Kor mykje innhausta grovfôr ein treng, vil variere med kvalitet, smakeligheit, fôringsmåte (appetittfôring eller ikkje) og ikkje minst, kor stort fôrspill ein har. Ved appetittfôring, kan eit godt utgangspunkt vera å rekne eit snitt fôrforbruk på 1,2-1,5 kg grovfôrtørrstoff pr dag. Ved 200 dagars innefôring tilsvarar dette 240-300 kg grovfôrtørrstoff pr sau.

Ei grovfôranalyse er nyttig!

Ei grovfôranalyse er nyttig å ha for å få vurdert kor god grovfôrkvaliteten er. Er fôret eg har hausta eit høg- eller lågenergi-fôr? FEm/kg TS er det viktigaste talet for å vurdere dette. Tørrstoffinnhaldet er viktig for å kontrollere kor mykje fôr du eigentleg har på lager eller kor mykje fôr sauen et. PBV i totalrasjonen seier noko om det er nok protein i rasjonen eller ikkje og kva kraftfôr du bør bruke. Til vaksne dyr tidleg i drektigheita kan PBV godt vere litt negativ, medan dyr i høgare produksjon bør ha PBV kring null eller over. Fibermålet NDF er nyttig i situasjonar der ein fôrar med særs mykje konsentrert fôr.

Skal ein unngå blaut møkk/diarè og dårleg fôrutnytting bør ikkje NDF-innhaldet under 300 g/kg TS i totalrasjonen. Gjæringskvalitet er nyttig for å avgjere om ensileringa har vore vellykka. Det er spesielt viktig i fuktig gras (under 30% TS) der mindre vellykka gjæring kan forklara lågt fôropptak eller sjukdom. Analyse for innhaldet av vitamin og mineral er som oftast ikkje rekningssvarande. Kostnaden vert ofte høgare enn kva det kostar å sikre seg med vitamin/mineraltilskot. Har ein sjukdom som kan relatere seg til ubalanse og mangel på mineral, så må ein sjølvsagt ta analyser for å finne svar.

Oppsummering

Rett grovfôr til rett tid på ein sauegard med lamming i månadsskiftet april/mai og utmarksbeite frå slutten av juni til starten av september kan oppsummerast på denne måten: 

Mai Juni

Juni Juli August

September Oktober

November Desember

Januar Februar Mars

 April

Lamming

Utmarks-beiting

Sluttfôring av lam. Beite til påsettlam / søyer

Paring

Lågdrektig-heit

Høg-
drektig
heit

Høgenergi-grovfôr +0,7 – 1 dekar godt vårbeite pr søye

Utmarks-beite

0,1 dekar Rai-grasbeite + 0,25 dekar håbeite pr lam på sluttfôring. Håbeite til påsettlam/
To-åringar. Kulturbeite/beitepussing til vaksne søyer

Høgenergi- eller lågenergi grovfôr

Lågenergi- grovfôr

Høg-energi-grovfôr