Vinterfôringa av sauen - viktigare enn ein trur

(Oppdatert 03.02.12) Livskraftige lam med passeleg fødselsvekt og søyer med mykje opplagsnæring å mjølke av etter lamming, er målet med god vinterfôring. Alderen på søya, holdet ho er i, talet på foster, og om ho er i låg- eller høgdrektigheitsperiode avgjer fôringa. God vinterfôring er starten på ein vellykka saueår!

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Gruppering

Grunnlaget for rett innefôring er at saueflokken er rett gruppert. Søyene må minimum bli grupperte etter alder i tre grupper:

  • Åringar
  • To-åringar
  • Vaksne søyer

Dette er viktig fordi dei ulike søyegruppene har ulikt fôrbehov, ulik kapasitet til å ta fôr og ulik etehastigheit. Dette krev ulik mengde kraftfôr pr dag. Yngre søyer blir difor taparar i konkurransen om grovfôret dersom dei må gå saman med eldre søyer. Dersom tilhøva ligg til rette for det, bør også vaksne søyer i dårleg hold få ein binge for seg sjølv eller bli sett saman med 2-åringane.

Mange får gjennomført fostertelling på sauene sine. For å få full utnytting av fostertellinga bør også søyene ideelt bli gruppert etter talet på foster slik:

Figur fostertelling

Kor mange grupper det er mogleg å få til i praksis, avheng sjølvsagt av kor mange bingar og fôrbrett ein har i sauefjøset. Det viktigaste er å få skilt ut søyer med eit foster slik at dei ikkje blir fôra for hardt og får for store lam.

Energibehov til ulike grupper

Drektigheitstida deler vi inn to periodar:

  1. Lågdrektigheitperioden er tida frå paring og fram til åtte veker før lamming
  2. Høgdrektigheitsperioden er dei siste åtte vekene før lamming

Energibehovet til sau måler vi i FEm (Fôreining mjølk). Energibehovet til ulike grupper søyer i lågdrektigheitsperioden er fylgjande:

Tabell 1: Dagleg energibehov til ulike grupper sau i lågdregtigheitsperioden (Norsk kvit sau)

Gruppe sau

Vedlikehald

Tilvekst / haldoppbygging

Sum

1-åringar

0,6-0,7 Fem

0,6 FEm

1,2-1,3 FEm

2-åringar

0,8 Fem

0,2 FEm

1,0 FEm

Vaksne i godt hold

0,9 FEm

 

0,9 FEm

Vaksne dårleg hold

0,9 FEm

0,4 FEm

1,3 FEm

I høgdrektigheitsperioden byrjar fosterveksten verkeleg å krevje energi frå søya. 70 % av fosterveksten går føre seg i denne perioden. Tabell 2 syner energibehovet til fostervekst. Dette må vi ta omsyn til i fôringa dersom ikkje søya skal tape all opplagsnæringa før lamming.

Tabell 2: Energibehov til fosterproduksjon i FEm pr dag ved ulik kullstorleik*

Kullstorleik

Fødselsvekt pr lam kg

Veker før lamming

8-7

6-5

4-3

2-1

1

5-6

0,1

0,2

0,3

0,4

2

5-6

0,2

0,3

0,6

0,8

3

4-5

0,3

0,4

0,8

1,0

I tillegg kjem sjølvsagt vedlikehaldsbehovet.

Kor mykje grovfôr et sauen?

Rett kraftfôrrasjon er avhengig av at ein er bevisst på kor mykje- og kva kvalitet det er på grovfôr sauen får. Tabell 2 syner nokre eksempel på kor mykje grovfôr som må til for at det skal svare til 1 FEm.

Tabell 3: Kg fôr pr FEm av ulike fôrslag

 

Haustetidspunkt *)

Grovfôrslag

Tidleg

Middels

Seint

Surfôr 1. slått direktehausta 18-22 % tørrstoff

5,8

5,9

6,3

Surfôr 1. slått litt fortørka 30 % tørrstoff

3,5

4

4,7

Surfôr 1. slått middels fortørka 45 % tørrstoff

2,4

2,7

3,2

Låvetørka høy 1. slått

1,4

1,5

1,8

Bakketørka høy 1.slått

1,5

1,6

1,9

*) Tidleg = 1-2 veker før skyting Middels = Skyting Seint = Blomstring

Fleire faktorar verkar inn på grovfôropptaket til sauen, men det viktigaste er sjølvsagt kvaliteten på grovfôret. Tidleg hausting, god gjæringskvalitet, kutting og høg tørrstoff % i surfôret vil verke positivt på fôropptaket. Ein bør difor ta seg tid til å vega grovfôret ein gong iblant for å få eit bilete på kor mykje fôr sauen et. Mange brukar surfôrrundballar. Har ein ei rundballevekt, antall sau og kor lenge rundballen varer og ca kort stort svinnet er, så har ein eit godt mål på kg grovfôr sauen et. Dersom ein i tillegg sender inn ei fôrprøve til grovfôranalyse, vil ein ha eit godt utgangspunkt for å vurdere grovfôrpptaket til sauen.

Dersom dette er vanskeleg å få til, kan ein ta utgangspunkt i tabell 4 om syner sannsynleg grovfôropptak i drektigheitsperioden for ulike grupper av dyr og grovfôrkvalitet:

Tabell 4: Sannsynlig grovfôropptak i FEm for ulike grupper av dyr ved ulik grovfôrkvalitet

 

Haustetidspunkt

Dyregruppe

1-2 veker før skyting

Skyting

Blomstring

1-åringar

1,1

0,7

0,4

2-åringar

1,3

0,8

0,6

Vaksne

1,7

1,1

0,7

Ved å bruke desse tabellane kan ein rekne ut kraftfôrbehovet til sauene i ulike perioder.

Eksempel:

I siloen ligg eit grovfôr som er hausta ved skyting og som du vurderer til å vera av middels kvalitet. Ei vaksen søye vil da kunne ta opp 1,1 FEm av dette surfôret. Søya er i magraste laget og du ynskjer å fôre slik at søyene går noko opp i hold, og fôrbehovet blir difor sett til 1,3 FEm/dag.

Fôrbehov = 1,3 FEm
- Grovfôropptak = 1,1 FEm
= Kraftfôrbehov = 0,2 FEm

Etter fostertelling får du melding om at søya går med trillingar. Fôrplan fram mot lamming blir som synt i tabell 5.

Tabell 5: Fôrplan fram mot lamming for ei trillingsøye som får medels tidleg hausta grovfôr

 

8-6 veker før lamming

6-5 veker før lamming

4-3 veker før lamming

2-1 veker før lamming

Fôrbehov

1,2 FEm

1,3 FEm

1,7 FEm

1,9 FEm

- fôropptak

1,1 FEm

1,1 FEm

1,1 FEm

1,1 FEm

Kraftfôrbehov

0,2 FEm

0,3 FEm

 0,7 FEm

0,9 FEm

Ved å fylgje ein slik fôrplan, vil ein unngå at søya brukar av opplagsnæringa til fosterproduksjon, og lamma vil få god fødselsvekt (5-6 kg på enkelt- og tvillinglam og 4-5 kg på trillinglam).

Dersom ein ikkje har gjennomført fostertelling, bør ein bruke holdvurdering som styringsverktøy når ein skal trappe opp fôringa før lamming. Særleg til åringar må ein vera varsam med sterk fôring dersom ein ikkje veit kor mange foster åringen går med, elles kan åringar få lammingsvanskar på grunn av store lam.

Protein

Behovet for protein er oppgjeve i PBV og AAt. PBV syner balansen mellom nedbrote og oppbygd mikrobeprotein i vomma. AAt syner kor mykje protein sauen må suge opp frå tarmen for å få dekt proteinbehovet sitt. Det er praktisk å vurdera proteinbehovet til sauen som PBV/FEm og AAt/FEm fordi proteininnhaldet i kraftfôr er deklarert på denne måten.

Tabell 6: Proteinbehov pr FEm i drektigheitstida:

Periode

AAt/FEm

PBV/FEm

Lågdrektigheitsperioden

80g

- 30 g

Siste 6 veker før lamming

95 g

- 30 g

 Dei fleste grovfôrslag inneheld ca 80-85 g AAt/FEm og dekkjer difor proteinbehovet til sauen i lågdrektigheitperioden.

Kraftfôret treng heller ikkje å ha høgare proteininnhald i denne tida. For å dekkja AAt-behovet dei siste seks vekene før lamming bør kraftfôret innehalde 105-120 g AAt/FEm. Kraftfôret etter lamming bør òg ha så høgt proteininnhald. Ved å skifte til eit meir proteinrikt kraftfôrslag seks veker før lamming, unngår ein difor også kraftfôrskifte i samband med lamminga.

Mineral og vitamin

Mangel på mineraler og vitaminer kan føre til mangelsjukdomar av ymse slag, nedsett appetitt og tilvekst. Grovfôr åleine inneheld ikkje nok mineraler og vitaminer i høve til behovet til sauen. Kraftfôr er difor tilsett både vitamin og mineral for å bøte på dette. Ein bør ha som regel at alle søyer som får mindre enn 0,3 kg kraftfôr, får tilskot av ei allsidig vitamin- og mineralblanding. I tillegg skal sauen ha tilgang på kvit saltslikkestein for å dekke behovet for salt.

Vatn

Vassbehovet til søyene aukar utover i drektigheitstida, særleg dersom grovfôret inneheld lite vatn. Uansett vassbehov skal alle søyer ha fri tilgang på vatn av god kvalitet. Drikkekar og drikkeniplar må difor bli sjekka og reingjort med jamne mellomrom slik at dei fungerer som dei skal!

Hold og fødselsvekt er fasiten!

I starten av kvar innefôringssesong bør ein vurdere holdet på sauen, grovfôrkvalitet og -mengde og leggje opp ein plan for korleis ein bør fôre sauen. Svaret på om fôrplanen fungerer slik du trur, er å fylgje med på korleis holdet på søyene utviklar seg. Dersom søya går ned i hold, må ein justere planen ved å gje meir grovfôr eller supplere med kraftfôr. Sauen betalar godt for skikkeleg fôring! 


Grovfôrmomsing
Vurdering av grovfôropptaket er avgjerande for god vinterfôring av sau