Storfekjøtt produksjon på innkjøpt kalv - Del 1

(29.08.07) Del 1: Artiklane omhandlar driftsopplegg for spesialisert storfekjøttproduksjon ved innkjøp av kalv, samt aktuelt stoff for dei som vurderer kva opplegg dei skal velje ved framfôring av eigenproduserte kalvar.

Av: Karl Vie, fagrådgjevar i Team Storfe

 

Ulike driftsopplegg
Før ein avgjer kva driftsopplegg ein vil velje i kjøttproduksjonen er det viktig å ha ei klar meining om kva opplegg ein ynskjer. Alternativa er tradisjonell oksekjøttproduksjon, utradisjonell oksekjøttproduksjon ved bruk av beite, kastratproduksjon eller kjøttproduksjon på kvige.

Ressursane på garden med vurdering av fôrtilgang, beite, bygningar, arrondering og klima/jordsmonn bør ha stor betydning for om ein vel det eine eller det andre eller ein kombinasjon.

Tradisjonell oksekjøttproduksjon er i sin form ein intensiv produksjon der det hovudsaklege vil vere rett å få produsert mest mogeleg kjøtt på kortast mogeleg tid. Det vil seie hard fôrstyrke, høg tilvekst og rask framfôringstid. Dersom tilhøva ligg til rette for ein av dei tre andre formene vil fokus ligge på å utnytte rimelege ressursar som billeg grovfôr og beite.

Alder ved innkjøp

Helse/miljø
Tilrådd alder ved omsetting av fôringskalv er avhengig av tilhøve i mottakande buskap. Med enkeltbinge, varmelampe og individuell fôring og stell, kan mjølkekalvar omsettast med godt resultat.

Dersom mottakarbuskap berre kan tilby fellesbinge og grovfôr/kraftfôr. Bør ikkje kalven vere under 4 mnd. ved innkjøp, og dei må i alle fall vere avvende med mjølk minst to veker før omsetting. Når dei nærmar seg halvt års alder er dyra meir robuste til å tåle påkjenninga det er med transport og innsetjing i nytt miljø, og dei er og meir stabile med tanke på opptak av grovfôr

Økonomi
Dekningsbidraget p.r. dyr vil verte høgast ved innkjøp av mindre kalvar. Dekningsbidraget PR. tidseining (mnd.) vil derimot kunne auke ved innkjøp av større dyr. Dersom kalvetilgangen er god og plassen vert utnytta heile tida vil det vere god økonomi i å kjøpe større fôringsdyr. På grunn av varierande behov for innhald og kvalitet på fôrmidlane i høve til alder og vekt på kalven vil kostnaden p.r. Fem kunne verte lågare ved innkjøp av større fôringsdyr.

For eksempel vil mjølkefôring med heilmjølk koste mellom seks og åtte kroner pr. foreining medan prisen på ei foreining kraftfôr vil utgjere mellom kr 2.50 og kr 3.00.

Planmessig , spreidd innkjøp av dyr gjennom året vil ha nokre fordelar i høve til eit opplegg med "alt inn/ alt ut". Ein vert meir fleksibel i høve sesongmessige svingingar i livdyrmaknaden og ein vil spre slaktetidspunket og difor få ei jamnare inntekt gjennom året.

For oksar som vert fôra inne vil fødselstidspunktet ha liten betydning.

Arbeid
Ventar ein med innkjøp av kalv til etter at dei er avvende frå mjølk vil ein spare arbeidsmessig på å sleppe mjølkefôring.

Val av rase
Ved begrensa tilgang på oksekalv vil det vere nødvendig å vere fleksibel i høve til å velje rase. Det vil hovudsaklege verte aktuelt å rekruttere oksekalvar frå buskapar med mjølkeproduksjo, og då vil NRF vere dominerande. Ved å etablere faste avtalar med ammekuprodusentar som sel oksakalvar ved fråvenning, kan ein sikre seg kalvar av kjøttferasar. Før ein avgjer kva rase ein vil velje er det viktig å bestemme kva driftsopplegg ein ynskjer. Ressursane på garden vil ha betydning også for val av rase ved framfôring av oksar, sjølv om det langt frå har same betydning ved denne produksjonen som det har i ammekuproduksjonen.

Ved tradisjonell innefôring av oksane vil ikkje val av rase vere avgjerande. Ein kan velje eit opplegg der val av rase ikkje har den store betydning, under føresetnad av at ein har høve til gruppering og differensiert fôrtildeling.

Ved driftsopplegg med kastratar, kviger eller enkelte kjøttferasar som kan sleppast på sommarbeite (Aberdeen Angus, Hereford ? eller Høglandsfe) vil ressursar som beite, klima, arrondering og jordsmonn vere faktorar som må vurderast.

Inndeling av raser
Vi kan dele storferasane i fleire grupper avhengig av eigenskapane rasane har. Hovudsaklege kan vi dele inn i ekstensive og intensive rasar.

Lette rasar
Det som særmerkjer dei lette rasane, er att dei er relativt seintveksande og nøysame. Dei er gode beitedyr som utnyttar beite av ulik kvalitet, og dei klarar seg på meir ekstensivt fôr enn dei tunge rasane. Dei er "tidleg " slaktemodne. Lette rasar: Highland Cattle, Aberdeen Angus, Hereford, Tiroler Grauvieh, Dexter og Galloway.

Tunge rasar
Dei tunge rasane er prega av store dyr som veks fort og har god slaktekvalitet. Dei vert seinare slaktemodne enn dei lette rasane og avleirar feitt ved høgare vekter. Dei krev derfor intensiv fôring. Tunge rasar: Charolais, Limousine, Simmental og Blonde D` aquitaine.

NRF kjem i ein mellomstilling. Den ligg på same nivå som dei lette med omsyn til vekstevne, men den må forast meir intensivt for at vekstevna skal kunne utnyttast. NRF oksar er slaktemodne på eit vektnivå som ligg mellom dei tunge og dei lette rasane.

NØKKELTAL:
Tradisjonell oksekjøttproduksjon

Nøkkeltal - fôrstyrke

Rase

Intensiv

Moderat

 

Tilv./dag

Slaktealder mnd.

Tilv./dag

Slaktealder mnd.

NRF

1000 - 1200

15 - 17

900 - 1000

18 - 21

Intensive raser

1300 - 1500

14 - 16

1100 - 1300

17 - 20

Ekst. raser

1000 - 1200

14 - 15

800 - 1000

16 - 21


 

Nøkkeltal for totalt fôrbehov, kraftfôrbehov og FEm /kg slaktetilvekst

Rase

Intensiv

Moderat

 

FEm i alt

FEm
kr. fôr

FEm/kg tilvekst

FEm i alt

FEm
kr. fôr

FEm/kg
tilvekst

NRF

2100-2500

1150-1400

8-9

2500-3200

1100-1200

9.5-10.5

Intensive rasar

2600-2900

1400-1500

8

2900-3300

1200-1400

8.5

Ekst. rasar

1800-2300

900-1100

8-9

2300-3200

600-1000

9.5- 11.5


 

Kastratproduksjon - nøkkeltal

 

" Intensivt"

Moderat

"Ekstensivt"

Slaktealder mnd.

17-19

22-24

26-30

FEm i alt

2300- 2700

2800-3200

3500- 3900

Kraftfôrprosent

25-30

10-15

10-15

Beiteprosent

30-35

40-45

40-45

Antall beitesomrar

1

2

2


 

Kjøttproduksjon på kviger - nøkkeltal

Rase

Sl.alder mnd.

FEm i alt

Kraftfor %

FEm/tilvekst

Til. gr/dag

NRF

18-24

2100-2600

10-20

12-13

600-700

Tung rase

17-24

2200-3100

10-30

10-12

700-800

Lett rase

16-24

1600-2500

10-20

11-13

500-700