Lammesesongen 2023 – God marknadssituasjon for sau og lam

(05.07.23) Ein ny slaktesesong for sau og lam står for døra. På nokre hektiske haust-veker skal eit års arbeid med sauen omsetjast til slakteoppgjer til Nortura-sauebøndene og kvalitets-mat til forbrukarane. Dette krev god planlegging frå bonde til butikk.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Det som gjer det ekstra spanande med slaktesesongen på sau og lam, er at ein også er avhengig av kva naturen byr på av vær og vind. Våren var sein i mange beiteområde, men mykje snø betyr ofte gode utmarksbeite. Forsommaren har vore tørr på store delar av Aust- og Sør-landet, men kald og våt i nord. Korleis vil det verke inn?

Nortura-sauebonden er kvalitetsbevisst, og spaninga ligg ikkje på kva kvalitet lamma har, men kva tid lamma kjem til slakting. 

I 2022 fekk vi ein seinare slaktesesong enn forventa. Dette kom av at ein uventa stor andel av lamma trong sluttfôring før slakting. Difor måtte planane justerast, og dei viktigaste salskanalane i butikk prioriterast i starten av slaktesesongen. Dette lykkast vi bra med, og Nortura kunne notere seg ein salsvekst på 3 % i slaktesesongen 2022. Eit godt sal til industrikundane var ein viktig årsak til dette. Saman med stabile tilførslar, gjev dette ein god marknadssituasjon for sau og lam. Vi starta 2023 med tomme reguleringslager, men det har ikkje vore behov for nedsette tollsatsar og regulerings-import. Slakting utanom sesong, kvoteimport og uttak av stykkingsdelar frå eigne industri-lager, ser ut til å forsyne marknaden med nok råvarer fram til ny slaktesesong.  

Førebuingane til årets slaktesesong har gått føre seg lenge. Ein stor del av personellet som bemannar skjere- og slaktelinene på småfe i Nortura er sesongarbeidskraft frå utlandet. Krig i Ukraina, auka levestandard i Aust-Europa, brexit i Storbritannia og svak kronekurs gjer det vanskelegare og mindre interessant å kome til Noreg som sesongarbeidarar. Nortura må difor strekke seg langt for å få inn nok folk. Vikarbyråa som jobbar for Nortura har god tru på at dei skal greie jobben i år også.  

Seljarane våre har avtalt salsaktivitetar med daglegvarekundane. Nortura etablerer sesong-sortimentet i butikk i fyrste veka i september (veke 36). Dei store salskampanjane startar i veke 37 og varar til midt i oktober. Samstundes skal pinnekjøtt-produksjonen i gang. Nortura ynskjer seg difor at ein del av dykk som har sau på utmarksbeite er i gang med sanking og plukkslakting i veke 35, og at vi er i gang for fullt med sesongslakting frå veke 36. Det går litt over ei veke frå slakting til produkta er klare i butikk.  

Ei anna viktig kundegruppe for Nortura er andre industriverksemder som kjøper heile slakt. Nortura hadde eit rekord-høgt sal til industrikundane i 2022. Signala er at behova er like store dette året. Det er positivt for marknadsbalansen og moglegheitene Nortura har for å ta ut høgare pris til bonden. Medel avrekningspris i 2022 inkludert tilleggsytingar låg kr 7,30 over 2021 på lam og kr 6,90 på sau. Prisprognosane viser at Nortura har ambisjonar om vidare prisvekst til bonden også denne sesongen. Godt sesongsal og høg marknadsandel på tilførslar er to viktige føresetnader for at Nortura skal lykkast med dette.  

Nortura er difor klare for ein ny slaktesesong. Sjå eigen oversikt over når slaktinga startar opp på slakteriet du leverer til. Vi håpar årets Lammesesonghefte er eit godt grunnlag for å lage ein god plan for deg og dei du samarbeider med.  

Vi skal stå på for godt sal og vidare prisvekst til sauebonden.  

Lykke til med Lammesesongen 2023, i samarbeid med Nortura! 

Sign.

Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura

 

Informasjonsheftet «Lammesesongen 2023»

Informasjonsheftet i pdf. (2,5 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen.

Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.