7,3 % salsauke hittil i sesongen

(30.10.18) Vi nå endeleg fått inn slaktedata for veke 40 og 41 (1. oktober - 14. oktober).

Bilete frå Kari Mørkve JordalenAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I desse vekene slakta Nortura 134 500 lam med medel slaktevekt 19,4 kg, medel klasse 7,8 (R/R-) og medel feittgruppe 6,1 (2+).

Vi slakta ca 4000 fleire lam i same vekene i fjor, men medel slaktevekt ligg 1 kg over fjoråret. Nortura-sauebonden leverer difor lam med veldig god slaktekvalitet også i siste del av slaktesesongen. Takk for det!

Salet av ferske sau/lam i sesongen har også godt bra! Ved utgangen av veke 42 ligg vi 7,3 % eller nesten 300 tonn over fjoråret. Norfersk (EMV for Norgesgruppen), Proff (storkjøkken) og industrisalget har auka, medan salet av Gilde-lam dessverre har gått ned.

Daglegvarekjedene ynskjer å profilere eigne merkevarer framfor Gilde, ser det ut til.

Gode tilførslar tidleg i sesongen er eit viktig bidrag til det gode salget i hittil i sesongen. Så snart ein bikkar oktober, så går dessverre etterspørselen ned.

Statistikk

Graf


» Oversikt veke 27 - 41, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 39, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 38, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 37, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 36, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 35, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 34, pdf. 35 kb

» Oversikt veke 27 - 33, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 32, pdf. 38 kb

 


 

Statistikk frå Animalia