Ta vare på ullkvaliteten!

(01.07.21) Norske ullvarefabrikkar og merkevarer set høge krav til ullkvalitet. God ullkvalitet er også viktig for eit godt ulloppgjer.

Hvit Crossbred. Foto: Norilia

Å ta vare på ullkvaliteten er difor viktig for ein god økonomi i sauehaldet. Vi minner om desse viktige tiltaka for å ta vare på ullkvaliteten:

  1. Levér tørre lam. Når en pressar våt ull, skjer det same som når ein pressar vått høy, det går varmt og det blir mugg og ulla blir øydelagd.
  2. Unngå bruk av kutterflis ved transport og fjern tistlar frå haustbeitet. Kutterflis og tistlar er dei mest vanlege årsakene til at ull kjem i klasse V i staden for i klasse C1. Dette gir ei endring i prisen på ull frå kr 56 pr kilo til kr 0 pr kilo.
  3. Hald ulla rein. Unngå at ulla blir veldig tilskitna eller full av grovfôrrestar. Sørg for at lam som blir sluttfôra på grovfôr og kraftfôr har eit fôringsopplegg som held ulla rein. Skitten og tilgrisa ull kan også gje store pristap.
  4. Unngå merkemaling i ulla. Ull med merkemaling blir kassert. Bruk i staden sida av mulen til merking. Merk ikkje lamma i ullfellen eller nedst eller midt på mulen, då dette kan føre til at lamma «merkar» kvarandre i fellen.

Under «Rapporter» og «Slakteanalyse sau/lam» på Min Side kan du sjekke kor mykje du får i oppgjer for ulla du leverer, og om du ligg over eller under middelet i Nortura i kr pr kg ull.