Transport av storfe 

– HMS og dyrevelferd

(23.11.18) Vi registrerer diverre litt for ofte hendingar der dyr eller personell blir skadd under lasting og lossing av storfe. Både Nortura, sjåføren og leverandøren av dyra har ansvar for å bidra til trygg lasting og transport. 

Lasting dyrebil (Foto: Nortura)

Av: Sigrunn Hestenes, fagsjef inntransport i Nortura

Rutine ved lasting
Sjåføren skal på førehand vera varsla om det påmelde dyret han skal henta treng spesiell handtering. Det kan vera dyr med store horn, som for eksempel Skotsk Høglandsfe, eller dyr som av ein annan grunn treng ekstra plass eller eige rom i bilen under transporten. Dersom det ikkje er gjeve melding om dette på førehand, og det ikkje er sett av ekstra plass, må han setja att dyret det gjeld.

Produsenten må difor alltid varsla om dette ved innmelding av dyr til slakt:

  • Har dyret store horn/er det av rasen Skotsk Høglandsfe?
  • Treng dyret ekstra plass av andre årsaker?

Lasting på garden

  • Det bør ved lasting av alle kategoriar storfe vera ein drivgong av solide grinder frå der dyra er oppstalla, fram til dyrebilen 
  • Drivgongen bør vera 2-2,4 meter brei eller 0,8-1,0m brei, slik at dyra enten kan gå fleire i breidda eller berre eitt og eitt
  • Grindene skal vera minst 1,6 meter høge 

Husk at godt lys i drivgangen og ut mot bilen gjer det lettare å få dyra til å gå fram.

Sosialisering og tilvenning til nye miljø
Alle storfe skal vera vant til handtering, for å lukkast er det greitt å starta alt ved fødselen. Dyra skal vera så tamme at ein kan ta på dei, og dei bør ikkje stå i same miljø heile oppfôringstida. Dersom du har plass til å flytta dei ein eller to gonger i løpet av framfôringstida, er dette positivt. Dyra bør vera vande med å gå under tak, stå tett saman i binge osv. 

Avbryting av lasting
Dersom det av ulike grunnar ikkje let seg gjere å få dei fyrste dyra til å gå inn på bilen i løpet av rimeleg tid, kan sjåføren avbryte lastinga. Det same kan han gjera dersom dyr reagerer med full panikk under lasting, slik at andre dyr eller personell står i stor fare for å bli skadd. 

Det er produsenten sitt ansvar å sørga for at dyra kan handterast trygt, og med lågast mogeleg risiko for skade på folk og andre dyr.