Korleis spare grovfôr?

(20.06.13) På grunn av overvintringskader på enga spesielt på Vestlandet, kan mange sauebønder oppleve å få ei grovfôravling langt under normalen dette året. Mykje kan bli retta opp dersom vi får ein fin sommar og haust.

Sau grovforAv: Finn Avdem, fagrådgjevar småfe

Skulle situasjonen likevel bli slik at ein har langt mindre grovfôr på lager enn normalt når siste avling er i hus, så er det viktig å veta at det er godt mogleg å spare betydelege mengder grovfôr dersom ein er bevisst på bruken av grovfôret sitt. Det minst lønsame ein kan gjera, er å gå ned på dyretalet på grunn av grovförmangel.

Det er enklast å spare grovfôr i starten av innefôringsperioden og medan søya er lågdrektig fordi fôrkravet da er lågt. Ein bør difor ha ein plan for korleis ein skal bruke grovfôret alt frå innsett.

Vi tilrår denne framgangsmåten:

  1. Skaff deg tilgang på ei surfôr- eller rundballevekt. Aktuell leverandør
  2. Ta ut grovförprøver slik at du veit kva grovfôrkvalitet du har: Les om uttak og innsending av grovfôrprøver på Eurofins.
  3. Ta ei vurdering av kor mykje grovfôr du treng frå lamming til normalt beiteslepp. På denne tida er fôrkravet høgt og det er vanskeleg å spare grovfôr. Søyene bør difor få grovfôr etter appetitt da.
  4. Vurder om søyene er i godt nok hold, eller om dei bør få nok fôr til å bygge hold.
  5. Set opp ein dagsrasjonar med grovfôr og kraftfôr som dekker fôrbehovet til vedlikehald evt. holdoppbygging og drektigheit. Dagsrasjonen bør innhalde minst 40% fiber (NDF). Da vil vomma fungere godt. Det vil lønne seg å bruke fiberrike kraftfôrslag som Formel Sau intensiv. Mange kraftfôrleverandørar vil sikkert også levere eigne kraftfôrblandingar spesielt berekna på ein grovfôrmangelituasjon..
  6. Vurder til slutt om du greier å spare så mykje grovfôr at du har nok, eller om du må kjøpe litt grovfôr.
  7. Fôr etter planen, dvs du må alltid ha kontroll på kor mykje grovfôr og kraftfôr du gir kvar dag.

Søyer som ikkje får grovfôr etter appetitt, er ikkje mette. Dei kan bli litt frustrerte og byrje å gnage på treinnreiing osv. Det er difor ikkje dumt å la dei få tilgang på litt kvist o.l. som dei kan gnage på.

I Team småfe i Nortura har vi laga eit fôrplanleggingsverktøy som kan hjelpe deg å lage ein plan for bruken av grovfôret ditt. Spør oss om råd!

Det er som regel godt mogleg å lage ein fôrplan der du kan ha normalt antall dyr på 50 % av normal grovfôrmengde.