Prøv italiensk raigras i år!

(Sist oppdatert 01.06.17) Ettersom raigraset under våre forhold oftast blir dyrka som eittårig vekst, kan ein la dyra beite på raigraset så lenge dei er ute. Ei undersøking gjennomført av Nibio på oppdrag frå Nortura viser at når lamma får beite på italiensk raigras i tillegg til hå kan ein oppnå høgare tilvekst og betre slaktekvalitet, sjølv når vilkåra for haustbeiting på hå er uvanleg gode.

Av: Astrid Johansen og Jørgen Todnem, Bioforsk

Dei aller fleste lama gjekk på raigrasbeitet når dei
fyrst fekk smaken på det.

Hausten 2005 vart tre ulike kvalitetar av haustbeite til lam samanlikna ved Bioforsk Øst Sæter, Kvikne i Nord-Østerdalen: 1) Gjenvekst av italiensk raigras + gjødsla håbeite (0,25 dekar raigras+ 0,15 dekar gjødsla håbeite pr sluttfôringlam), 2) gjødsla håbeite (0,4 dekar pr sluttfôringslam) og 3) ugjødsla håbeite (0,55 dekar pr sluttfôringslam). Raigraset var sådd i blanding med havre i slutten av juni, etter vårbeiting av enga, hausta åtte veker seinare og deretter gjødsla. Det gjødsla håbeitet var eitt år gamal timoteieng medan det ugjødsla håbeitet var gamal eng med høgt innhald av engrapp, kveke og løvetann. Lamma (Norsk kvit sau) vart plukkslakta ved 43 kg (søyelam) og 45 kg (værlam) levandevekt.

Gode vekstforhold om hausten gir høge slaktevekter
På Kvikne var temperaturen høgare og det kom mindre nedbør enn normalt hausten 2005. Etter rikeleg med nedbør tidlegare i vekstsesongen gav dette gode vekstforhold for plantene. Samtidig var beitearealet relativt stort (0,44-0,55 dekar per lam). Det var såleis rikeleg beitegrøde til alle forsøksgruppene, kanskje med unnatak av dei siste par vekene på ugjødsla hå då plantehøgda kom ned i 6-7 cm. Forsøksresultata viser at med gode beiteforhold og rikeleg areal kan ein oppnå høg tilvekst på lamma, jamvel på haustbeite av ugjødsla hå (Tabell 1).

Italiensk raigras aukar slakteverdien
Tilsynelatande var det ikkje forskjell i tilveksten på lam som fekk raigras og lam som fekk ugjødsla hå. Lågare slakteprosent tyder likevel på at den reelle tilveksten var lågare hjå lam som fekk ugjødsla hå. Såleis oppnådde desse lamma klart lågare slaktevekt og lågare feittklassifisering samanlikna med lam som fekk italiensk raigras og/eller gjødsla hå.

Tendensen var den same for slakteklassifiseringa. Dårlegare plantevekst, lågare energiverdi (Tabell 2) og større botanisk variasjon er faktorar som kan forklare at ugjødsla håbeite gav dårlegare slakteresultat og lågare slakteverdi uttrykt i kroner per dyr samanlikna med dei to andre beitekvalitetane. I dette forsøket var det liten forskjell i slakteverdi mellom italiensk raigras + gjødsla hå, og gjødsla hå. Under driftsforhold med mindre arealtilgang er det grunn til å rekne med større forskjell, mellom anna fordi rein hå i undersøkinga gav lågare tilvekst og seinare slaktemodne lam enn raigraset.

Kvalitet som for kraftfôr
Generelt var næringsverdien av alle beitetypane høg (Tabell 2), men kvaliteten gjekk meir ned utover hausten på hå samanlikna med italiensk raigras. Raigraset inneheldt 1,1 FEm per kg tørrstoff og nesten 19 % protein så seint som i siste halvdel av oktober. Den høge energikonsentrasjonen i raigraset vil truleg verke positivt på opptaket av raigraset, men det låge fiberinnhaldet kan på same måte som store kraftfôrmengder gi ugunstig vommiljø og redusere fôrutnyttinga. Lamma bør derfor ha tilgang på hå eller anna fôr med god struktur i tillegg til italiensk raigras. På grunn av den høge næringsverdien kan lamma lett bli for feite dersom dei får beite for lenge på italiensk raigras. Lam av rasen Norsk kvit sau som har tilgang på slikt beite bør derfor slaktast ved 44-46 kg levandevekt (høgast vekt for værlam).

På Sæter vart førsteslåtten av italiensk raigras og havre (såmengd: 4 kg raigras+8 kg havre per dekar) svakt fortørka og ensilert i rundballar. Analyser tyder på at det gav eit velgjæra og næringsrikt rundballesurfôr som kan gje grunnlag for høgt grovfôropptak og reduserte kraftfôrkostnader i tida omkring lamming. Frøkostnadene til Italiensk raigras vil utgjera ein kostnad på i underkant av kr 40 pr sluttfôringslam.


Lekker gjenvekst av Italiensk raigras 24 dagar
etter hausting.


Ugjødsla hå til venstre og raigrasbeite
til høgre

 Tabell 1. Tilvekst (g/døgn), slakteprosent og slaktekvalitet hos lam som fekk ulike beitekvalitetar ved Sæter fagsenter hausten 2005.

 

Tilvekst,
g/døgn

Slakte-%

Slaktevekt,
kg

Slakte-
klasse*

Feitt-
gruppe*

Slakteverdi
kr/dyr

Italiensk raigras + gjødsla hå


504


40,7


18,5


7,2


6,1


530,33

Gjødsla hå

415

40,9

18,4

7,2

5,9

529,62

Ugjødsla hå

468

38,9

17,6

6,6

5,1

503,28

 

* Slakteklasse er omgjort frå EUROP-systemet til ein poengskala frå 1 til 15 , der 1 svar til P- og 15 svarar til E+. Også feittklassifiseringa er omgjort til ein poengskala frå 1-15, der 1 svarar til 1- og 15 svarar til 5+.
 

Tabell 2. Grashøgde (cm) og næringsverdi av ulike typar haustbeite til lam. Gjennomsnittsverdiar for perioden 16.september-13.oktober 2005, Kvikne i Nord-Østerdalen.

   

Per kg tørrstoff

 

Cm

Protein, g

NDF, g

PBV, g

AAT, g

FEm

Italiensk raigras

12,5

200

336

34

96

1,11

Gjødsla hå

14,1

130

483

-16

85

0,95

Ugjødsla hå

9,3

146

482

3

83

0,91

 

For spørsmål, ta kontakt med fagsjef Finn Avdem i Nortura team Sau, eller din lokale småferådgjevar.