Kraftfôr til lam

(16.08.07, endret 30.07.12) Tilskott av kraftfôr til lam er aktuelt når tilgangen på beite og morsmjølk er for liten til at vi oppnår den tilveksten på lamma som vi ynskjer. Det blir ofte lite mjølk når vaksne søyer går med tre eller fleire lam eller åringar skal gå med tvillingar.

kopplamAv: Finn Avdem, fagrådgjevar Team Småfe

Prisforskjellen mellom Kalvegodt og kraftfôr er stor (10-12 kr pr FEm.) Ein bør difor bruke mest mogleg kraftfôr, grovfôr og beite og minst mogleg mjølkefôr i oppdrettet av kopplam for å få økonomi i denne produksjonen.

Vi har tre situasjonar der det er aktuelt å bruke kraftfôr til lam:

  • Oppdrett av kopplam om våren/sommaren
  • Tilleggsfôring av lam om våren (krypfôring)
  • Framfôring av lam som ikkje er slaktemogne om hausten

Utvikling av fordøyelseskanalen til lammet
Ved fødselen er lammet nærast å rekne som eit einmaga dyr, med relativt stor løpemage og lita vom. Lammet må difor få tid til å utvikla vomma og den mikrobielle fordøyelsen som gjer at lammet greier å nytte grovfôr som fôr. I starten er difor lammet avhengig av å få høgverdig næringsemne som morsmjølk eller mjølkeerstatning for å få nok næring. Lammet må dessutan alltid få rikeleg med råmjølk så raskt som mogleg og seinast innan 4-5 timar etter fødselen på grunn av at råmjølka inneheld immunstoff som lammet er avhengig av. Evna til å ta opp immunstoff frå råmjølka avtek raskt etter fødselen.

Utviklinga av drøvtyggjarmagen skjer gradvis og blir påverka av kva fôr ein gjev lammet. Tidleg tilgang på kraftfôr eller ungt beitegras gjer at vomgjæringa kjem i gang. Dei flyktige syrene som er produktet av vomgjæringa, stimulerer utviklinga av dei såkalla vompapillane og veksten av vomma. Vompapillane er viktige for at vomveggen skal kunne suge opp dei flyktige syrene som er viktige næringsemne for dyret. Lamma kan gjerne få høy eller godt surfôr, det kan verke godt diettisk.

Dersom eit lam berre får tilgang på mjølk og mjølkeerstatning, vil utviklinga av vomma bli hemma. Vi bør difor stimulerer til ei tidleg utvikling av vomma. Lammet vil da utvikle seg til å bli ein drøvtyggjar alt ved 3-4 vekers alder og kunne nytte grovfôr, kraftfôr og beite som fôr. Vomma vil vera fullt utvikla etter ca 8 veker.

Kopplam
Kopplam er lam som blir tekne frå mora i ung alder og fôra fram på mjølk, kraftfôr, grovfôr og beite.

Fyrst må kopplammet få rikeleg tilgang på råmjølk frå sau før ein går over til Mjølkeerstatning. Som før nemnt, vert mjølkefôring dyrt og ein bør avvenne tidleg. For å få til det, er det viktig at kopplamma får tilgang på kraftfôr så tidleg som råd i tillegg til Kalvegodt. I starten vil lamma ta til seg svært lite kraftfôr. Ein bør difor skifte ut kraftfôret kvar dag, elles blir kraftfôret fuktig, surt og lite smakeleg. Dei fyrste 3-4 vekene skal kopplamma ha fri tilgang på mjølkeerstatning. Ein kan avvenne lamma ved ca 30 dagers alder eller 15 kg`s levandevekt. Lamma skal da vera godt i gang med å eta kraftfôr. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring med same konsentrasjon morgon og kveld i fire til fem dagar. Det er også mogleg med brå avvenning, men da kan lamma stagnere meir. Det er viktig at lamma får fri tilgang på friskt vatn heile tida og spesielt når ein trappar ned på mjølka.

Felleskjøpet tilrår FORMEL lam vår som kraftfôr heilt frå fødsel. Dette kraftfôret høver godt ved sterk fôring da da det inneheld forholdsvis mykje fiber.FORMEL Sau er meir proteinrikt, men her må ein passe på at lammet elles får nok struktur i fôrrasjonen da denne kraftfôrtypen ikkje inneheld spesielt mykje fiber, dvs at lamma i tillegg må få grovfôr av god kvalitet med litt struktur.

Etter avvenning må ein rekne med at lamma byrjar å ta større mengder med kraftfôr. Ein kan da avpasse kraftfôrmengda etter kva tilvekst ein ynskjer og kva tilgang ein har på grovfôr og beite. Har du mykje gode sommarbeiter du ynskjer å bruke, kan det vera aktuelt å avgrensa kraftfôrrasjonen til f.eks 0,5-0,6 kg pr dag. Da vil lamma vil ta meir beitegras og du får ei billegare fôring. Ein må da dele kraftfôrrasjonen i minimum to mål om dagen. Har du avgrensa med gode beiter og du ynskjer høg tilvekst, er appetitt-fôring med kraftfôr frå ein kraftfôrautomat aktuelt. Appetittfôring krev og mindre arbeid da du ikkje treng å fylle etter med kraftfôr kvar dag. Det er likevel viktig å passe på at automaten ikkje går tom da lamma har lett for å forete seg ved påfylling av nytt kraftfôr.

Skal kopplamma bli gode beitedyr, bør dei gå saman med ei eller to vaksne søyer med eller utan lam alt medan dei er inne. Søyene skal sleppast saman med kopplamma på beite for å lære dei god beiteadferd.

Støttefôring om våren
Med støttefôring av lam meiner vi lam som går saman med søya, men får tilgang på kraftfôr i tillegg til morsmjølk, grovfôr og beite.

Ein bør ha som mål at tilveksten på alle lam skal vera mellom 350 og 400 g/dag frå fødsel til vårveging. Søyer med tre lam og åringar med to lam har ofte for lite mjølk til at lamma får tilfredsstillande tilvekst. Høg tilvekst om våren gjev betre tilvekst på sommarbeite og betre kjøtfylde på lamma. Fleire lam vil difor vera slaktemogne tidleg på hausten og oppnå betre klassifisering og pris. Også for søyene vil støttefôring vera gunstig fordi lamma ikkje går så hardt på juret slik at det blir jurbetennelse. Arbeidsmessig og etisk er dette eit godt alternativ til å fôre fram "overskotslam" som kopplam fordi lamma heile tida går saman med søya.

Støttefôring er spesielt gunstig dersom våren er sein og ein får lang innefôring og knapt med vårbeite. Når våren er tidleg, kan det likevel vera aktuelt å støttefôre for å sikre seg at alle lam er i god tilvekst og stand når dei blir slepte på utmarksbeite. Ein kan da halde søyer med tre eller fleire lam og åringar med to lam heime litt lengre enn resten av flokken.

For å lykkast med støttefôring er det også her viktig at lamma får tidleg tilgang på kraftfôr. I innefôringstida bør ein difor lage seg eit lammegjømme der lamma får tilgang på kraftfôr, reint drikkevatn og høy av god kvalitet. I den fyrste tida bør ein skifte ut kraftfôret kvar dag slik at kraftfôret alltid er ferskt og smakeleg. Fyrst ved 3-4 vekers alder vil lamma byrje å ta større mengder med kraftfôr.

Søyer med lam som skal ha støttefôring må få eit beite for seg sjølve. Kraftfôrautomaten bør plasserast på ein stad der søyene passerer ofte, helst på ein naturleg kvileplass. Automaten bør ha justerbare eteåpningar mot fleire kantar og den bør vera utforma slik at lamma ikkje forureinar kraftfôret.

Kraftfôr som skal brukast bør vera smakeleg og proteinrikt. FORMEL lam vår høver godt. I praktisk utprøving med støttefôring til trillinglam med to veker innefôring og ca 1 månad vårbeite har ein oppnådd dette resultatet:

Tabell 1: Verknad av støttefôring på tilvekst om våren og haustvekt

 

Tilvekst fødsel/vårvekt g/dag

Haustvekt kg 20/9

Kraftfôrforbruk, kg pr lam

Med støttefôring

397

54

7,5

Utan støttefôring

318

46

 

 
Alle lamma som fekk støttefôring var slaktemogne ved haustveging, medan lamma som ikkje fekk støttefôring måtte fôrast utover hausten for å bli slaktemogne.

Framfôring av lam som ikkje er slaktemogne om hausten
Det vil alltid vera ein del lam som ikkje har ynska vekt og hold ved vanleg slaktetid om hausten. Desse bør ein fôre vidare for å oppnå betre vekt, klassifisering og pris på lammet. Kva framfôringsalternativ ein bør satse på, varierer med kva tilvekst ein ynskjer og kva fôrgrunnlag ein har. Har ein rikeleg med gode håbeite og/eller grønnfôrvekster som raps og raigras er det godt mogleg å få til bra tilvekst utan bruk av kraftfôr:

Tabell 2: Forventa tilvekst på ulike haustbeite

Beitetype

Forventa tilvekst g/dag

Godt håbeite

250-270

Raigras

350-370

Raps + hå

380-400

 

Dersom ein ikkje har rikeleg tilgang på slikt beite, er framfôring der ein gjev kraftfôr i tillegg til grovfôr/beite eit godt alternativ. Ein kan styre tilveksten med kor mykje kraftfôr ein gjev. Mange ynskjer ei rask framfôring for å vera kvitt framfôringslamma før livsauen skal i hus. Fare for brunstsmak på verlam, lågt fôrforbruk pr kg kjøtt og betre slaktekvalitet talar også for ei rask framfôring.

Ein kan bruke fylgjande tabell som utgangspunkt for kraftfôrtildelinga i framfôringsperioden.

Tabell 3: Forventa tilvekst ved ulike mengder kraftfôr

Planlagt tilvekst g/dag

Kraftfôr kg/dag

Grovfôr

100 g/dag

0,2 kg

Godt grovfôr etter appetitt dvs velberga fôr hausta ved byrjande skyting

200 g/dag

0,6 kg

300 g/dag*)

0,9 kg

400 g/dag eller meir*)

Etter appetitt frå kraftfôrautomat

 
*) Det er viktig å fylgje med på at lamma ikkje blir for feite ved intensiv framfôring

Ved intensiv framfôring av lam vil FORMEL Lam haust vera det kraftfôrslaget som høver best. Dette kraftfôrslaget er fiberrikt og har mineralinnhald som førbyggjer urinstein. Andre kraftfôrslag kan også brukast, men da må ein i tillegg ha eit godt grovfôr og syte for ei forsiktig overgangsfôring. Ved meir ekstensiv framfôring av lam kan ein bruke same slags kraftfôr som resten av flokken, gjerne FORMEL Sau.

Dette er viktig når du bruker kraftfôr på lam:

Innvortes parasittar
Dersom du har problem med innvortes parasittar på utmarksbeite, bør lamma bli behandla før du byrjar å fôre på lamma om hausten. Spør veterinæren om råd.

Pulpanyre
Sjukdommen pulpanyre skuldast giftstoff frå ei ein bestemt type bakterie. Bakteriane finst også i tarmen hjå friske dyr, men vil oppformere seg når dyret får særs god næringstilførsel, gjerne i samband med omlegging av fôringa ved at fôr som ikkje er melta passerer vomma og over i løypemagen. Lam som blir sett på store kraftfôrrasjonar, kan difor vera utsett for pulpanyre. Drøft evt. vaksinering med veterinæren. Dersom ein vaksinerer søyene på våren og lamma får rikeleg med råmjølk, skal lamma vera beskytta mot pulpanyre i 2-3 månader. Det bør difor ikkje vera nødvendig å vaksinere kopplam. Dersom søya ikkje er vaksinert, bør kopplamma bli vaksinert 1. gong ved 2 vekers og 2. gong ved 6-8 vekers alder. Lam som blir sett på kraftig håbeite om hausten kan vera utsett for pulpanyre. Får dei kraftfôr/grønnfôr i tillegg, er risikoen enda større. Desse bør difor bli vaksinerte så snart som råd. Ein har ikkje verknad av vaksinen før etter ca 14 dagar. Ein bør difor starte gradvis med kraftfôret og vente ca 14 dagar før ein er oppe i full kraftfôrrasjon. Dette forebygger både mot appetittsvikt og pulpanyre.

Urinstein
Urinstein er ei særs smertefull tilstand hjå lam. Båe kjønn er utsette, men særleg hjå verlam kan det føre til blokkering av urinstraumen, store smerter ved vasslatinga og i verste fall urinforgiftning med dødeleg utgang. Urinstein oppstår dersom det er ubalanse i mineralforsyninga. Eit viktig førebyggande tiltak er å syte for at fôrrasjonen har høgt kalsium/fosfor –forhold dvs 2:1. Ein bør difor vera ekstra merksam på mineralforsyninga når ein bruker kalsiumfattige fôrvarer som bygg, havre og avfallsbrød. Kraftfôrblandinga FORMEL Lam haust har gunstig mineralsamansetnad med tanke på urinstein. . Eit anna førebyggande tiltak er å stimulere til høgt vassinntak. Ein må difor syte for at lamma har tilgang på saltslikkestein og rikeleg med vatn av god kvalitet.

Sur vomgjæring (acidose)
Sur vomgjæring (acidose) oppstår dersom det er for mykje lett fordøyelege næringsstoff i rasjonen. Acidose fører til appetittsvikt hjå lammet. Førebyggande tiltak er å syte for gradvis opptrapping av kraftfôrrasjonen over eit par veker og dele kraftfôret opp i minimum to rasjonar. Ved appetittfôring med kraftfôr er det mindre risiko for acidose fordi lamma vil ta opp mindre mengder kraftfôr om gongen.

Koparforgifting
Koparforgiftning er mest vanleg i innlandet, og intensivt fôra lam er meir utsett enn meir ekstensivt fôra dyr. Ein bør difor unngå koparhaldige mineralblandingar og saltslikkesteinar når ein er redd for koparforgiftning.