Vinterfôring av sau

(21.08.07) Sauer som er i passe hold og får godt grovfòr er meir motstandsdyktige mot sjukdom og vil få lam som er meir livskraftige enn sauer som er tynne eller feite.

Av: Ove Myklebust, tidligere rådgiver småfe i Region Vest

Det er ein fordel både når det gjeld foring
og ikkje minst undervenning av lam å få
greie på kor mange foster sauene har.
Foto: Finn Avdem

Fosterteljing
Ein god del sauebønder har fosterteljing i januar. Det passar bra for dei som har hatt paringa av sauene i november. Fosterteljing passar godt i perioden frå 75 dagar etter ein byrja med veren til 35 dagar etter ein slutta med veren. Skal ein ha fosterteljing på dagtid bør sauene ikkje forast om morgonen. Det er ein fordel både når det gjeld foring og ikkje minst undervenning av lam å få greie på kor mange foster sauene har. Vi skal i tillegg ha holdet som ei rettesnor når det gjeld foringa. Fosterteljing er ein jobb der ein treng god trening. I tillegg kan eit foster gå til grunne etter teljinga og det kan vere vanskeleg å sjå om sauen har 3 eller 4 foster.

Grovfòret
Ein avgjerande ting for eit godt resultat i sauehaldet er alltid å ha godt grovfòr til sauene. Det ser ut som det den siste drektigheitsmånaden kan vere fordel å gje eit måltid med høy av god kvalitet i tillegg til silo eller rundballefôr. Ein del sauebønder er redd for å fòre sauene etter appetitt når det gjeld grovfòr den siste tida. Dette på grunn av vommiskinn. Det beste er å fòre ofte med grovfòr, minst 2 gonger per dag.

Jord og myggel i foret kan blant anna føre til hjernehinnebetennelse på sauene. Har sauene før paringa eller andre år ikkje blitt smitta av toksoplasmose vil smitte på denne tida av året føra til kasting eller svakfødde lam. Har ein ikkje kattar på garden må ein passa på at ein ikkje får inn unge kattar frå andre plassar. Det er spesielt avføring frå unge kattar med parasittar som er smittekjelda. Har ein problem med at det kjem framande kattar til gards er det betre å ha eigne kattar og satsa på at påsettlamma blir smitta før paringa om hausten.

Hold på sauene og kva det kostar å få dei opp ei holdgruppe
Det beste både for sauene og bonden er å ha påsettlamma, gimrar og vaksne sauer i holdgruppe 3 til 4. Det vil sei at torntappane er mjuke og avrunda og knoklane kan berre kjennast ved trykk. Tverrutvekstane er også mjuke og godt dekt med feittlag. Ein må pressa hardt med fingrane for å kjenna beinendane. Sadelen er velutvikla med middels feitlag. Det kostar minst og ein får høgt lammetal til våren om ein får sauene opp i holdgruppe 3 til 4 før paringa om hausten. For at vaksne sauar skal komma opp frå holdgruppe 2 til 3 må den leggja på seg ca 6,5 kg. Når vi veit att ein vaksen sau må ha ca 5 Fem per kg tilvekst må den ha ca 32,5 Fem for å komma opp ei holdgruppe. Gimrane treng ca 4 Fem per kg tilvekst og påsettlamma kan laga 1 kg tilvekst med ca 2,5 Fem. På godt haustbeite kan ein rekna med ein kostnad på ca 1 kr per Fem og då vil det kosta mellom 30 og 40 kr for å få sauen opp ei holdgruppe. Skal ein få sauene opp ei holdgruppe med grovfòr, må ein ha svært godt grovfòr og det vil ta lang tid, ca 80 dagar. Med ein grovfòrkostnad på 2 kr vil det kosta 65 kr for å få opp sauen i frå holdgruppe 2 til 3. Det mest vanlege er etter innsett å tilføre sauen ekstra hold med kraftfòr. Viss vi gjev sauen 0,4 kg kraftfòr per døgn vil det ta ca 81 dagar å få sauen opp ei holdgruppe og kosta ca 85 kr. Har vi fått sauene opp i holdgruppe 3 til 4 om hausten, må vi prøva og halda dei der mot lamming. Er det problem med å få sauene opp i hold om hausten kan det vere eit varsel om at sauen er for gamal, kan ha ringe tenner, fordøyelseproblem, ha dårlege bein eller anna sjukdom. Har sauen store mengder innvendige snyltarar og ikkje minst leverikter vil det vere vanskeleg å få den opp i hold. Her må ein vurdere slakting eller behandling.

Holdvurdering av sau og lam

  • Holdvurdering er vurdering av mengden underhudsfeitt
  • Feittmengda må vurderast på stader der det er lite eller ikkje kjøt mellom bein og skinn.

Dei enklaste plassane er:

  • på toppen av torntappane
  • tverrutvekstane på sadelen
  • i halerota

Det er krevjande å vurdere feittmengda på levande dyr. Kjøttfulle dyr vil tilsynelatande virke feitare enn mindre kjøttfulle.

Gruppering og foring av sauene etter fosterteljing i januar
Etter fosterteljinga bør sauene igjen delast etter alder, hold og fostertal. Dette fordi det kan vere stor forskjell i etetid hjå dei forskjellige aldersgruppene. Vi skal og hugse på at både påsette lam og gimrar treng fòr til vekst. Påsettlamma og til dels gimrane klarer heller ikkje eta så mykje grovfòr som dei vaksne sauene. Sauer som er feite treng ikkje kraftfòr i januar. Går dei i lag med sauer som treng kraftfòr er det ofte dei feite sauene som forsyner seg mest og dei tynnaste får ofte minst anledning til å få i seg kraftfòr. Mange syt med å skjilja sauene fordi dyra skal kunne gå fritt inn og ut av sauefjøsen. Her må ein i alle fall skilje frå dei tynnaste sauene. Det er dei feite som har mest behov for mosjon.

Påsette lam som er drektige
Livlamma må minst delast i 2 grupper. Dei som har 1 foster og får godt grovfòr og er i holdgruppe 3 og oppover kan få 0,3 til 0,5 kg kraftfòr per døgn, gjerne formel sau. Er grovfòret godt og åringane ikkje tar av i hold kan dei stå på same kraftfòrmengda fram mot lamming. Den siste drektighetsmånaden må ein ikkje auka kratfòrmengda til desse åringane. Auke i kraftfòrmengden på denne tida kan føre til eit stort foster og lammingsvanskar.

Livlamma som har 2 foster kan ved godt grovfòr få 0.5 kg kraftfòr fram mot lamming. Er ikkje grovfòret av topp kvalitet kan det vere aktuelt å auka kraftfòret til 0.7 kg per døgn. Dei siste 14 dagane før lamming kan ein dersom åringen er i godt hold gå ned til 0,5 kg kraftfòr. Dette vil kunne minska storleiken på fødde lam.

Dei få åringane som har 3 foster bør få 0,7 kg kraftfòr frå januar/februar og fram mot lamming. Åringar med 3 foster bør stå i lag og få det beste grovfòret.

Gimrane
bør og delast i 2 grupper. Dei kan ha problem med tenna som går ut over grovfòropptaket og dei skal dessutan ha 0,3 Fem til vekst heile vinteren. Gimrane som har eitt foster kan stå på 0,3 kg kraftfòr fram til ein mnd før lamminga. Det kan då vere aktuelt å auka til 0,5 kg per døgn.

Gimrar som har 2 eller 3 foster bør få 0,5 kg kraftfòr i januar/februar fram til ein mnd før lamminga. Dei bør då opp i 0,5 til 0,8 kg kraftfòr per døgn.

Ein vaksen sau
som har eitt foster og får godt grovfòr og er i passe hold treng ikkje kraftfòr før den siste drektighetsmnd. Desse sauene skal ein prøva å sette eit ekstra lam under, så ein bør derfor gi 0,5 kg kraftfòr den siste drektighetsmånaden. Alle sauegrupper bør ha tilgang til kvit saltslikkestein, viss ikkje anna er avtalt med veterinær. Dersom sauene får under 0,3 kg kraftfòr bør dei få tilskott av mineraler og vitaminar.

Vaksne sauer som ligg an til å få 2 og 3 lam bør frå februar få 0,5 kg kraftfòr. Sauar med 3 og 4 foster må den siste drektighetsmnd. utanom godt grovfòr liggja på 0,7 til 0,8 kg kraftfòr. Vi skal hugse på at dei siste 14 dagane av drektighetstida krev 3 foster rundt 0,8 Fem til tilvekst.

Dagleg fôrbehov i FEm til fostervekst, søye 80 kg AAT-behovet pr FEm: 95 g

 

 

6-5 veker
før lamming

4-3 veker
før lamming

2-1 veker
før lamming

Burd 1

0,08

0,22

0,42

Burd 2

0,13

0,34

0,70

Burd 3

0,16

0,44

0,83

Når vi veit at sauen et mindre gròvfor i slutten på drektigheten, er det nødvendig at den må ha ein god del kraftfòr. Det er naturleg at sauene tar av i hold dei siste 14 dagane. Sauene tar då energi og litt protein frå kroppsfeitet og er tilvendt til dette før lamminga. Første veke etter lamming vil sauen ha behov for rundt 3 Fem og ca 270 gram AAT til vedlikehald og mjølkeproduksjon. Dette er over ein tredobling av vedlikehaldsfòr. Så stort fòrbehov er det vanskeleg å få i sauen med grovfòr og kraftfòr. Det er frå 14 dagar før lamming til 1 mnd etter lamming vi no kan ta ut reserven sauen har i å vere i holdgruppe 3 til 4. Vi får att ca 70 % av det vi sette inn i sauen med å auka ei holdgruppe, det vil sei ca 22 Fem. Tar vi ut 0,3 Fem per dag vil denne reserven kunne vara i 73 dagar. Tar vi ut 0,5 Fem per dag vil reserven vara i ca 44 dagar. Vi har og ein viss mobilisering av protein frå kroppen, men sauar i godt hold treng eit meir proteinrikt kraftfòrslag enn tynne sauar. Tynne sauar treng likevel meir kraftfòr etter lamming. Det er viktig å få sauene ut på beite innan det har gått 14 dagar etter lamminga, spesielt dei sauene med meir enn 2 lam og åringar med meir enn eitt lam.

Snyltarbehandling og vaksine
Sauer som har gått ute om vinteren bør behandlast i mars mnd. Det går i staden an å behandla etter lamming, men vi skal vere klar over at det i tillegg til mange foster kan vere ein belastning for sauene å ha mykje snyltarar rundt lamminga. Då er immunforsvaret til sauen svekka og det vil føre til ei oppblomstring av snyltere viss ein ikkje behandlar i mars.

Sauene bør vaksinerast seinast 14 dagar før første pulje skal lamma. Kontakt veterinær om dette.

Pass på å ikkje stress opp sauene den siste drektighetsmånaden. Handtèr dei varsamt. Stress kan føre til kasting og dei kan bli mindre motstandsdyktige mot sjukdom. La sauene vere mest mogleg i lag med dei andre dei kjennar frå før.

Lykke til med eit resultat som gir passe lammetal og fødselsvekter på lam mellom 4 til 6 kg!