Brunstsynkronisering på sau
(Oppdatert 10.11.20) Mange sauebønder ynskjer seg ei kort og intensiv lammingsperiode om våren av ulike årsaker. Det kan ein få til ved å gjennomføre brunstsynkronisering slik at mange søyer kjem i brunst samstundes. Seksjonssjef for Mattilsynet i Sør-Trøndelag, Heiko Paulenz beskriv her ei metode for brunstsynkronisering som har lykkast i praksis.
Ein eldre, dominant vær passer godt til brunstsynkronsering av søyer |
Av: Finn Avdem fagsjef småfe i Nortura
Fordelar med brunstsynkronisering
Brunstsynkronisering har fleire fordelar utanom konsentrert lamming:
- Du får kontroll med om søya er i brunst etter ein kort eller normal syklus noko som aukar muligheitene for å lykkast med inseminering med frossen sæd.
- Du har større utval i brunstige søyer ved inseminasjon med fersksæd.
- Fostertelling og oppfôring før lamming blir enklare fordi fleire søyer vil vera like langt komen i drektigheita.
Det du treng for å gjennomføre metoden er ein dominant vaksen ver og litt innsikt i reproduksjonsfysiologien til søya.
Brunstsynkroniseringa må sjølvsagt også starte så tidleg søyene ikkje er komen i syklus av seg sjølv!
Reproduksjonsfysiologien til søya
Brunstsesongen til søya startar med hormonproduksjon hjå søya slik at egg byrjar å mognast på eggstokken og søya får eggløysing som ikkje fører til synleg brunst. Dersom kvaliteten på den fyrste eggløysinga er god, vil søya vera i normal syklus og neste brunst kjem etter 16 - 17 dagar. Er eggløysinga derimot av dårleg kvalitet, vil søya koma i ny brunst alt etter 5 - 6 dagar.
Tidspunktet for eggløysing varierer meir etter ein kort syklus enn ein normal syklus. Sæden må difor leve lenger i søya for at søya skal bli drektig. Sæd som har vore frosen lever i kortare tid enn fersk sæd eller sæd frå naturleg paring. Tilslagsprosenten vil difor oftast bli låg ved inseminering med frosen sæd etter ein kort syklus. Brunstsynkronisering kan difor også føre til mindre omløp etter inseminering fordi du da alltid vil inseminere etter ein normal syklus som vist nedanfor:
Slik gjennomfører du brunstsynkronisering:
- Hald søyene og veren frå kvarandre i minst to månader, slik at dei ikkje kan sjå, lukte eller høyre kvarandre.
- Ca tre veker før du ynskjer brunst, samlar du søyene i ein forholdsvis trong innhegning eller i ein binge og slepper inn veren. Veren bør bruke forkle i starten slik at du får plukka ut søyer som alt er i brunst slik at dei ikkje blir para. Dersom du har sett inn søyene for vinteren i småbingar, vil ein også ha effekt av at veren kjem inn i fjøset slik at søyene høyrer og lukter han, men best effekt blir det dersom veren blir slept inn til søyene og dei får fysisk kontakt i 1 - 2 dagar.
- Etter 1 - 2 dagar fjerner du veren. Kontakten med veren fører til hormonproduksjon hjå søyene slik at dei får synkron eggløysing utan brunstsymptom etter 2 - 3 dagar.
- Etter 16 - 17 dagar introduserer du veren på nytt. Skal søyene bli para med denne veren, er det berre å sleppe han inn og la naturen gå sin gang ! Dersom du skal inseminere, må veren stå inne i ein solid boks med høge vegger, men veren må kunne stikke ut hovudet for å koma i kontakt med søyene. Brunstige søyer vil da oppsøkje veren og stå rundt boksen. Stårefleksen sjekkar du på vanleg måte med prøvever før evt. inseminering. Tilrådd tidspunkt for inseminering er 15 - 24 timar etter ståbrunst.
Brunst-toppar
Dersom du fylgjer denne oppskrifta, kan du forventa at søyene kjem i brunst 18 - 20 dagar eller 23 - 25 dagar etter introduksjon av veren. (18 - 20 dagar = Stille brunst 2 - 3 dagar + normal syklus 16 - 17 dagar. 23 - 25 dagar = Stille brunst 2 - 3 dagar + kort syklus 5 - 6 dagar + normal syklus 16 - 17 dagar).
Val av ver
Det er viktig å bruke ein eldre dominant ver med høgare rang enn alle søyene i flokken til denne jobben. Slike verar tør å "hoppe på" søyene og har mykje luktstoff i ull og ullfeittet som er viktig for å få søya i gang.
Brunstkontroll etter brunstsynkronisering kan foregå ved at væren står inne i ein solid boks med høge vegger, men med mulighet for å stikke fram hodet. Søyene som er brunstige vil da aktivt oppsøke væren.