Korleis opparbeide ei god talle?
(10.09.15) Det er lite som er like bra underlag for dyr som ei god talle, men likeeins er det lite som er like dårleg som ei dårleg talle.
Av: Tor Gunnarson Homme, tidl. spesialrådgiver, Bygg for småfe
Bruk av talle som underlag gjev moglegheit til å sette opp langt rimelegare bygg enn bygg med kjellar, men dyra krev også at det er lågare tettheit mellom seg for at talla skal halde seg tørr. Til dyr på drenerande golv reknast det minimum 0,9 m2 per dyr, medan det er vanleg å rekne 1,4 m2 per dyr på talle.
Varmgang
For at talla skal halde seg tørr må den anten drenere godt eller ha varmgang slik at væska fordampar. Det kan vere ein fordel å byrje med fin sagflis, som gjerne er fuktig, og det er ein fordel om dette leggjast inn medan det er relativt høg utetemperatur for få i gong den mikrobielle nedbrytinga. Det kan også vere ein fordel om det ikkje er støypt dekke under talla, slik at jordvarma går opp og hjelpar med nedbrytinga her.
Dersom det er litt att av talla frå året før, og dette vert blanda inn med ny flis, vil det verte lettare å få i gong nedbrytinga i talla. Starten på sesongen er viktig for at underlaget skal verte bra gjennom heile innefôringstida.
For å få nedbrytingsprosessen i gong i talla må det vere nok luft i den. Nedover Europa er det ikkje uvanleg å køyre ein fres eller liknande gjennom for å blande inn luft i talla. Det kan vere nok å berre rote litt i den også. For høg tettheit i bingane kan føre til ei meir tettpakka talle.
Varmgong startar den mikrobielle nedbrytinga og produserer ulike gassar
For å teste om det er varmgang i talla kan ein nytte «barfottesten»
Strø
Halm er det mest bruka strømaterialet i talle, og har veldig gode eigenskapar. Det er på ei anna side stort sett på Austlandet og i delar av Trøndelag det er god tilgang på halm, og det vil fort vere snakk om gode avtalar og transportkostnadar dersom det skal brukast halm til strø utom desse områda.
For halm som strø reknast det grovt sett 1 kg halm per dyr per dag.
Det er stor skilnad i kor mykje væske ulike strømateriale kan trekkje til seg. I tabellen under er det ei oversikt over kva strømateriale som absorberer mest væske. Det høgare talet er, det meir absorberer det.
Halm |
Kveite |
2,1 |
|
Bygg |
2,0 |
|
Havre |
2,5 |
Sagflis |
Løvtre |
1,5 |
|
Bartre |
2,5 |
Grovflis |
Løvtre |
1,5 |
|
Bartre |
2,0 |
Sand |
|
0,3 |
Torv |
|
10,0 |
» Bedding products for the Scottish livestock producer
Det er også mogleg å bruke anna strømateriale, som grove fliser. Då må det på si side vere tilgong på flis eller fliskuttar og eigen skog.
Ulike treslag har ulike eigenskapar og er ulikt egna for å brukast som underlag. Nokre treslag trekk betre til seg fukt, medan andre har meir drenerande eigenskapar.
Forsøk med flistalle
Eit forsøk gjort av Bioforsk Nord tok for seg bruk av eigenprodusera flistalle av bjørk som alternativ til halm. Her var arealet per dyr 3 m2, som er over det dobbelte av minste anbefalte areal på 1,4m2 per dyr. Dei fann at sauen hadde dobbelt så høg liggefrekvens på halmtalle enn på dei ulike løysingane for flistalle.
Forsøket fann vidare at det var reinast dyr og høgast liggefrekvens i løysing med flis med kutterlengde på ca. 5 cm utan innblanding av torv samanlikna med kortare lengde, 2,5 cm, og dei løysingane med innblanda torv. Det var også høgast tørrstoffprosent her, også samanlikna med halm. Talle med halm gav dei reinaste dyra.
» Lokalprodusert flistalle til sau og storfe
På ei anna side fann eit britisk forsøk at sau føretrakk grovflis framfor halm når dei kunne velje. Dette var om dyra stod eller låg, det var ingen forskjell i preferanse når dei åt.
» Behaviour of growing lambs housed on straw or woodchip bedding materials and their preference for floor type (Kun abstract)
Et forsøk fra NMBU viser at sau har ein preferanse for talleunderlag framfor både strekkmetall og trespaltegolv. Spesielt viste det at nyklipt sau heller ville ligge på talle enn på strekkmetall.
» Preferences of sheep for different types of pen flooring (Kun abstract)
Andre alternativ?
Eit spansk forsøk har tatt for seg lam sine preferansar til ulike underlag for å sjå om det er noko alternativ til å bruke halm. Her vart det bruka sagflis, risskrell og papiravfall i tillegg til halm. Her viste lamma ein klar preferanse for sagflis. Medan papiravfall vert trukke fram som eit interessant alternativ til halm.
» A note on lamb's choice for different types of bedding materials (Kun abstract)
Vatn og søl
Det er ikkje nokon fordel å ha mykje vassøl i talla. Ei våt talle er vanskelegare å få varmgong i, og då vert væta liggande i talla.
Val av drikkekar framfor drikkeniplar anbefalast i tallefjos. Det gjev mindre vassøl og er også enklare å sikre mot frost med omsyn til at dei fleste tallefjos ikkje er isolera.
Det er å anbefale å bruke tørt grovfôr også, så fram det let seg gjere. Spesielt rundt fôrplassar som er rett på talleunderlaget kan det føre til våt talle.
Tallefjos er også ofte i samband med utegang. Overgonga mellom inne og ute er ofte utsett for at det vert veldig våt talle. Mykje av dette kan skuldast korleis vinteren er akkurat dette året, men det bør vere godt drenera i området kor sauen går inn og ut i fjoset.