Fagbibliotek for småfe - Fôring

  • Gode råd for å få påsettlamma drektige

    (16.10.24) Rådgjevarane i Nortura får av og til spørsmål frå produsentar som har utfordringar med å få påsettlamma drektige. Vi har difor samla ein del råd frå produsentar som har gode resultat på dette. Vi har også gjort eit feltforsøk i samarbeid med NMBU og ein masterstudent der vi har prøvd ut to ulike kraftfôrnivå frå innsett til paringa er over, for å sjå om dette har innverknad på andelen tomme påsettlam.

  • Fôring og stell av produktive søyer rundt lamming

    (Sist endret 29.02.24) Sauekontrollen syner at tal totalfødte lam ligg stabilt på i overkant av to lam pr søye og tal lam om hausten ligg på mellom 1,6 og 1,7 lam pr søye. Det bør vera eit mål å redusere denne forskjellen. Forsking syner at det er lam frå store kull som er mest utsette for å gå tapt.

  • Fôring, stell og økonomi ved ulikt oppdrett av overskotslam

    (Oppdatert 29.02.24) Eit overskotslam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at det får tilfredstillande tilvekst og blir difor teken frå søya og fôra opp på mjølkeerstatning, kraftfôr, grovfôr og beite. For å få økonomi i eit overskotslam-oppdrett, er det viktig at ein alt før lamming har tenkt igjennom korleis ein ynskjer å ta vare på overskotslamma.

  • Rett grovfôr til rett tid

    (Oppdatert 13.09.23) Det er ikkje ein fasit på kva som er rett grovfôrkvalitet. Det kjem an på arealtilgong, avlingsmengder, veksttid og kva som er alternativ bruk av jorda. Det viktige er at ein kjenner fôrtrongen, veit noko om kva fôropptak og produksjonsrespons ein kan få av ulike kvalitetar. Da treng du ein plan for fôringa og arealbruken. For å lage ein god plan, treng ein fôranalyser.

  • Krevjande grovfôrsituasjon

    (07.09.23) Grovfôrhaustinga i 2023 har for vore krevjande for mange. Både tørke, regnvær og flom gjer at ein del ikkje har grovfôret ein treng, både når det gjeld mengde og kvalitet. Det betyr at ein må planlegge innefôringssesongen ekstra godt.

  • Tolking av resultata av ei grovfôranalyse

    (Oppdatert 28.10.22) Det er mange tal å forhalda seg til når du får att resultatet av ei grovfôranalyse. Eg vil her gå igjennom dei resultata eg legg mest vekt på når eg skal vurdere resultata på eit analysebevis.

  • Tid for fôrplanlegging

    (Oppdatert 28.10.22) Vinterfôret og sauen er i hus stort sett over heile landet. Da er det på tide å planlegge bruken av grovfôret som er hausta i løpet av vekstsesongen.

  • Fôring av sau og lam

    (Ny versjon 11.05.18) Livskraftige lam med god fødselsvekt og søyer med mykje opplagsnæring å mjølke av etter lamming, er målet med god vinterfôring. Alderen på søya, holdet ho er i, talet på foster, og om ho er i låg- eller høgdrektigheits- eller mjølkeperioden avgjer fôringa.