Eit godt år for marknadssituasjonen for sau og lam

(20.01.21) – 2020 er historie, og dette har vore eit godt år for marknadssituasjonen på både sau og lam. Nortura-sauebonden har levert lam med flott slaktekvalitet, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

Medel slaktevekt i Nortura vart 18,9 kg. Dette er 0,2 kg over fjoråret, berre i 2008 og 2015 det har vore høgare medel slaktevekt dei siste 25 åra. Medel klasse ligg stabilt på R og medel feittgruppe rundt 2+.

– Det er jamn og god slaktekvalitet over heile landet, og dette er flotte lam å foredle vidare til gode Gilde-produkt, seier Avdem.

Mindre sau og lam på lager
Totalmarked startar 2021 med ca 1900 tonn lam på lager, mot nesten 3000 tonn lam og sau året før. Samstundes som reguleringslageret av heile slakt er bygd ned, så har også Nortura bygd ned lageret av skore vare av sau/lam med 860 tonn.

Sjå også ny prognose lagt ut i dag, 20. januar

Lågare lager kjem fyrst og fremst av godt sal i alle salskanalar. Gilde satsa tungt på ny design og produktutvikling før lammesesongen 2020. Det kom seks nye "Hverdagslam"-produkt og sesong-produkta kom i ny innpakning. Samstundes er prisane på sesongprodukta på eit slik nivå at det var enklare å få kjedene med på ein lengre salssesong i butikk.

– Vi trur at meirsalet fyrst og fremst kjem av ein vellykka og lengre lammesesong i samarbeid med kjedene, og målretta satsing på "Hverdagslam" som gjer at produkt av lam blir meir tilgjengeleg i butikken året rundt, seier Avdem.

Godt sal og mindre lager gjer det mogleg for Nortura å ta ut ein betre pris på vegne av sauebonden. Avrekningspris inkludert tilleggsytingar har auka med i medel kr 4,40 på sau og kr 3,80 på ung sau i 2020, og prisen skal vidare opp dette året.

– Det er god interesse for å ta ut lam frå reguleringslager nå. Det er difor lov å vera optimist med tanke vidare prisvekst i 2. halvår 2021. Prisveksten kjem heile sauenæringa til gode. Det er som kjent Samvirket sin pris alle andre aktørar legg til grunn for sin pris. Difor treng Nortura enda fleire sauebønder i ryggen når det skal forhandlast prisar som gjer det mogleg å få til vidare prisvekst i 2021, avsluttar Finn Avdem.