Ny Nortura-sauebonde samling i Bergen

(07.03.22) – 19 ferske og komande sauebønder var samla på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen fredag 4. og laurdag 5. mars, fortel fagsjef småfe Finn Avdem.

Nortura-rådgjevarane Per Johan Lyse og Johannes Nedrebø hadde sett saman eit allsidig program der Nortura, Felleskjøpet og Helsetjenesten for sau i Animalia hadde faginnlegg om fôring, avl, økonomi og lamming.

2. nestleiarnestleiar i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit orienterte om dei komande jordbruksforhandlingane og Innovasjon Norge ved Karsten Valland fortalde om finansieringsordningar for bygg til sau.

19 inspirerte nye sauebønder reiste heim litt klokare etter intensive og sosiale fagdagar. Team småfe har som mål å arrangere tilsvarande fagdagar også i andre delar av landet.