Søk:

Verktøylinje

Utforming av sankegjerde

(08.07.16) Fleire vel å ha felles sanking av sau etter beitesesongen er ferdig. For å enkelt skilje dyra etter sanking bør ein ha eit godt utforma sankegjerde. Det kan vere fleire hundre dyr som er drive over lengre avstand, og når dyra skal sorterast etter dei er komne til samlegjerdet, bør dette skje utan unødige påkjenningar for både sau og bonde.

Oversikt over sankegjerdet til Beinhelleren Sankelag, med ei overbygd drivrenne i midten. Foto: Ingrid Sødal Eidsnes
Oversikt over sankegjerdet til Beinhelleren Sankelag, med ei overbygd drivrenne i midten. Foto: Ingrid Sødal Eidsnes

Dyra bør fyrst samlast i eit større fellesområde før sortering. På ei side krev dette meir areal, men det er med på å gjere arbeidet mest mogleg rasjonelt. Det er lurt å bruke stødige portar som er enkle å opne og lukke.

Driverenne
For sortering av dyr er det praktisk å lage ei driverenne kor det kan plasserast eit sorteringssystem. Driverenna bør plasserast i eit hjørne eller det bør lagast ei trakt, slik at det er enkelt å drive dyra inn i renna. Det er også mogleg å bruke ein karusell, men dette gjev sjølvsagt ei større investeringskostnad og er mindre mobilt.

Driverenna bør ikkje vere for brei, då kan dyr snu seg og stoppe framgonga. Den bør difor ikkje vere breiare enn 50- 55 cm, avhengig av rase. Dersom gonga er smalare i botnen, vil det verte vanskelegare for dyr å snu seg. Tette veggar vil også gjere at dyra ikkje vert så lett forstyrra av dyr eller menneskje utanfor bingane.

Dersom det er ulike stopparar eller steg, vil det vere vanskelegare for dyra å rygge. På den måten vil den einaste vegen dei kan gå vere framover.

Dersom sauen ikkje ser kvar han er på veg, vil han lettare gå framover. Driverenna bør difor ikkje vera heilt rett. På same måte vil ofte sauen vegre seg frå å gå utanfrå og inn under tak, og motsett. Spesielt dersom det er stor forskjell på ljoset. Dette er ofte vanskeleg å unngå, men er nyttig å vite. Dette gjeld typisk om eit sorteringssystem er under tak, eller når dyr skal på ein bil eller hengar med tak.

Førebuing
Det er ein stor fordel å gå gjennom korleis sorteringa i sankegjerdet skal gjerast før sanking, slik at folk veit sine oppgåver og er kjende med korleis systema fungerer. Det er ofte vanskelegegare å forklare ting med sankegjerdet full av sau, etter ein har gått heile dagen i fjellet. Det er også lurt å opne og lukke alle grinder, slik at det er klart for at sauen skal kome.

Eksempel på utforming av sankegjerde
Eksempel på utforming av sankegjerde

Fint utforma drivrenne hjå Bjørn Arne Skoglund på Andøya i Nordland. Foto: Grethe Ringdal, Animalia
Fint utforma drivrenne hjå Bjørn Arne Skoglund på Andøya i Nordland. Foto: Grethe Ringdal, Animalia