Nortura sauefôring

(Sist endret 13.09.23) Fôrplanleggingsverktøyet Nortura Sauefôring er lagt ut i ny versjon. Vi har i denne versjonen lagt inn ein reduksjon i grovfôropptak for høgdrektige søyer med bakgrunn fôropptaksforsøk gjort på NMBU. Kraftfôrtabellane er også oppdatert, ny versjon med TINE Fôranalyse er lagt til.

sauefôring

Nortura sauefôring tek utgangspunkt i at grovfôret blir tildelt etter appetitt. Ved appetittfôring, så er det NDF (NDF= fiber) -kapasiteten til dyret og NDF og FEm-innhaldet i fôret som styrer grovfôropptaket.

Kapasiteten til å ta NDF varierer med haustetidspunktet pga at NDF blir seinare brote ned i vomma jo seinare grovfôret er hausta. NDF kapasiteten til søya er også større etter lamming enn før lamming fordi fosteret ikkje lenger tek plass. NDF opptaket pr kg levandevekt blir berekna når du legg inn grovfôrkvalitetstal (berekninga blir styrt av FEm/kg TS og NDF/kg TS).

Det er mogleg å korrigere det berekna NDF opptaket ved hjelp av korrigeringsfaktoren.

Nytt i denne versjonen er at vi har fått med ein tabell med næringsinnhaldet i ein del spesialfôr frå kraftfôrleverandørane. Desse kan bruke dersom grovfôret inneheld for lite fiber (NDF) eller protein (PBV/AAT).

Åpne regnearket (Excel-format) og les meir i brukarrettleiinga

Nortura sauefôring, xls, 890 kb

Nortura sauefôring med TINE Fôranalyse, xls, 974 kb


Berre ta kontakt med Finn Avdem, tlf. 971 77 659, eller på e-post om de lurer på noko.