Korleis redusere feitt-trekket på lam?

(21.07.07) Overfeite lam er ikkje kvalitetslam. Lam som har vore kvalitetslam, er ikkje det lengre når dei kjem til slakting. Forbrukarane vil ikkje ha overfeite lam og sauebøndene tapar på å ha dyra til dei kjem opp i feitgruppe 3 og oppover.

Av: Ove Myklebust, tidl. tilførselssjef

Korleis produsere lam i gode slakteklasser med snitt slaktevekt på rundt 20 kg utan at lamma kjem i feitgruppe 3 og oppover? Her er nokre råd.

Val av seminver og innkjøp av ver
Her er Sauekontrollen med delindeksane eit godt hjelpemiddel. Tar vi utgangspunkt i ein saueflokk på 100 vinterfòra sauar kan det vere aktuelt og inseminere dei 65 første sauene som kjem i brunst. Har ein problem med at lamma blir overfeite på låge slaktevekter bør ein velja seminver med høge delindeksar på morsevne og feittmengde. Er det sauar blant desse som ein ikkje kan tenkja seg å setja på lam etter er det lurt å bruka ein kjøttver. Ein får då og ein sjekk 16 til 19 dagar etter paring om veren er i orden.

Tre til fire av sauene som har høgast K-indeks bør ein inseminera med ein kjøttver med gode feitmål.( NOR X kjøttsæd). Ein kan då laga sin eigen kjøttver. Viss ein ikkje har tilgang på eigen kjøttver bør ein prøva å få kjøpa inn kjøttkåra ver med høge kjøtmål og låge feitmål. Når ein har inseminert 65 sauar, kan ein para resten av sauene og omløp med kjøttveren.

Lamma etter kjøtveren bør slaktast. Arbeidsmessig er det viktig at lammingsesongen ikkje blir for lang. All lamming bør vere unnagjort på ein mnd. Har ein inseminert 65 av sauene og oppnådd ein drektigheit på 70%, skulle 45 av sauene vere drektige etter seminver. Vi skal her kunne finne nok gode påsettlam og eventuelt ver til å bruka i bruksdyrkryssing. Viss kjøttveren gjev gode slakteavkom (god slaktevekt, gode slakteklassar og lite overfeite lam) kan den brukast i fleire år.

Planlegg paringsstart
Her må ein tenkja på kva forhold ein har på garden og kva tid ein ynskjer å levere lamma til slakt. Har ein gode forhold til å levere tidleglam eller skal lamma gå på heibeite/fjellbeite?

Sanking av lam frå hei og fjellbeitar skjer for det meste i september. Har ein hatt tidleg lamming og god tilvekst, kan enkelte lam ha vore slaktemogne i august. Er det etter denne tid fortsatt gode beiter blir desse lamma feite. Har ein god lammetilvekst og ikkje vil produsere tidleglam kan det ofte svare seg å utsetje lamminga. Det har dei seinare år og blitt mindre forskjell i kilopris på slaktelam levert i august og september.

Tilvekst - og når blir lamma overfeite?
Skal ein oppnå god lammetilvekst og lite sjukdom er det viktig å få sauar med lam ut så snart som råd. Dette vil og spara sauebonden for mykje arbeid. Er det opphaldsver kan godt lamma komma ut når dei er 3 til 4 dagar gamle. I alle fall bør dei ut innan dei er 14 dagar gamle. I store saueflokkar med for lite vårbeite kan det vere eit godt råd først å sleppa ut sauar med trillingar og åringar med 2 lam på godt vårbeite. Står sauene inne i meir enn 14 dagar ved høgt lammetal treng dei ofte 1,5 til 2,0 kg kraftfòr. Overgang for sauene til vårbeite kan då bli hard. Vi må hugse på at mikrobane i vomma treng om lag 14 dagar for å omstilla seg til nye fôrmiddel som beitegras vil vere.

Får lamma maksimale forhold kan dei vekse 550 til 650 gram per døgn. Det viser seg at veks lamma over 550 gram per døgn kan dei allereie vere overfeite på 1,5 mnd og ha ei slaktevekt på 14 til 15 kg. Her er det ofte snakk om saulam. Dei kan ved høg tilvekst oppnå gode slakteklassar på låge slaktevekter, men med fare for at dei blir overfeite.

Det ser ut til at ein vårtilvekst på mellom 350 og 400 gram er bra for lamma. Dei vil då utvikle ein god kjøttfylde med lite feit. Veks eit verlam 300 gram i snitt per døgn vil det ta 5 mnd før det er slaktemogne på 50 kg levande vekt. Eit saulam med same tilvekst vil bli slaktemogne på 45 kg levande vekt på 4,5mnd. Texelsaulam kan vere slaktemogne heilt ned i 38 kg levande vekt. Texellam kan som kjent ha ein slakteprosent opp mot 50.

Slaktetidspunkt
Lamma er i utgangspunkt slaktemogne ved ei slaktevekt på mellom 17 og 23 kg og er i feitgruppe 2 til og med 3-.  Veks lammet 250 gram levande vekt per døgn vil det for Norsk kvit sau bli ca 100 gram slaktevekt. Lammet vil då på 7 dagar leggja på seg ca 700 gram slaktevekt som er verd ca 23 kr. Viss auka slaktevekt fører til ein betre slakteklasse vil vi på eit lam på 18 kg slaktevekt få 9 kr i tillegg, d.v.s. ein verdiauke på 32 kr. Går lammeprisen ned 1 kr i veka vil dette utgjere frå 17 til 23 kr alt etter slaktevekt på lammet.

Veks lamma rundt 250 gram per døgn og det ikkje er fare for feittrekk vil det svare seg å ha lamma utover hausten. 3+ i feitgruppe vil i utgangspunktet utgjere eit tap på mellom 68 og 92 kr per lam mellom 17 og 23 kg. Vi må og ta med at store lam med rundt 3 i feitgruppe ofte får gode slakteklassar. Fører feittrekket til høgare slakteklasse vil tapet liggja på mellom 60 og 80 kr per lam.


Slaktet til venstre er i feittgruppe 3, det i midten i gruppe 1 og slaktet til høgre i feittgruppe 5

Gi verlamma det beste haustbeitet
Det er ein fordel å slakta flest mogleg lam direkte frå heia. Ein sparer beite og arbeid. Ved veging av lam etter sanking frå hei/fjellbeiter er ofte slakteprosenten høg. Det skyldast at lamma ofte har fått i seg lite fòr medan sankinga har pågått. Slakteprosenten på Norsk kvit sau ligg då som regel på mellom 40 og 50. Verlam over 50 kg levande vekt og i feitgruppe 2 til og med 3+ bør slaktast. Tynne verlam bør skiljast frå flokken og komma gradvis over på godt haustbeite. Dei bør vaksinerast mot pulpanyre og tåler då ei tilvekst opp mot 400 gram uten å bli overfeite. Brunstsmaken kjem heller ikkje så raskt når dei går for seg sjølve, men dei bør bli slaktemogne i løpet av oktober og leverast til slakt før november.

Søyelam til slakt og livdyr
Saulam som frå heia er frå 40 til 45 kg og i feitgruppe 2 til og med 3+ og ikkje skal vere livdyr bør slaktast rett frå heia. Saulam som ikkje er slaktemogne og store livlam bør gå på moderate beiter. Eit godt hjelpemiddel kan vere og ultralydmåla saulamma og verlamma som er aktuelle å setja inn i avlen og ta ut endeleg livlam etter feit og kjøtmål. Er det problem med feite slaktelam bør ein ikkje setja på saulam eller verlam som har noko særs over gjennomsnitt feitmål i lammeflokken. Lam som har over 4 millimeter feitmål i august/september bør ikkje setjast på som livdyr. Veks saulamma over 250 gram per dag kan dei bli overfeite allereie i løpet av 14 dagar. For å bli ein god mjølkesau og oppnå eit høgt lammetal på åringane ser det ut som livlamma må ha moderat vekst i september og oktober. Ca 3 veker før planlagd paringsstart må dei over på god fòring, så dei er i oppadgåande hold ved paringa.


Ultralydmåling av kjøt og feitt er eit viktig tiltak for å finne
avlsdyr som ikkje avleirar feitt tidleg

Lønsam slanking
Overfeite lam frå 4- og oppover som skal til slakt bør gå på dårlege beitar. Dette er ofte einstaka saulam som kan ha vore slaktemogne sidan august. Desse kan det vera mogleg å "slanke" på eit dårleg beite. Har eit lam på 20 kg ikkje auka i vekt, men slanke seg frå feitgruppe 4- til 3 vil bonden likevel ha att ca 150 kr med å utsetje slaktinga av lammet til november. Vi kan og rekne med eit høgare ulloppgjer med å slakta ein del saulam i november i staden for september.

 10 gode råd for mindre feittrekk
  • Du bør ikkje bruke verer i avl som har under 90 i delindeks på feitt
  • Sauene må vere i passeleg hold ved lamming.
  • Lamma bør ut på vårbeite innan 14 dagar. Dei utviklar då god muskulatur, lite feit.
  • Fordel med ein vårtilvekst på mellom 350 og 400 gram.
  • Ha eit høgt lammetal per sau.
  • Pass på at lamma ikkje stoppar opp i vekst.
  • Kraftfòrtilskot berre til små lam etter 1.juli.
  • Slakt lamma når dei er slaktemogne, dvs 2 til 3- i feitgruppe. Kjenn etter feit ved halerot, rygg og sider.
  • Ultralydmåling av aktuelle saulam og verlam til livdyr for å unngå å setje på dei dårlegaste lamma når det gjeld feit og kjøttmål.
  • Skil saulam og verlam om hausten. Overfeite saulam kan vere aktuelle å slanke. Er dei ikkje i vekst kan dette ta tid.