Avl, fòring og stell for eit høveleg lammetal

(28.08.07) Dette vil variera frå distrikt til distrikt og frå gard til gard kva som er høveleg lammetal. Arbeidssituasjonen til bonden, og kva grovfòr og kor gode beitar ein kan tilby sauer med lam er med og avgjer dette.

Av: Ove Myklebust, tidligere rådgiver småfe i Refion Vest

Kva som er høveleg tal lam varierar frå
gard til gard. Foto: Knut E. Øygard

Kva er eit høveleg lammetal?
Ved høgt lammetal må ein vere innstilt på meirarbeid både under og etter lamminga. Det er ikkje ønskeleg at åringane får 3 lam og vaksne sauar meir enn 3 lam. Sauer med høgt lammetal er meir utsett for sjukdommar og uhell, både før og etter lamming.

Fødselsvekt og fôring
Fødselsvekta på lam av Norsk kvit sau bør liggja på mellom 4 og 6 kg. Er lamma store blir fødselen ofte hardare for sauen. Lamma krev og meir drikke av mora viss dei er store ved fødsel. Fødselsvekta på lam burde vore registert på verane som er far til lamma. I dag vil store fødselsvekter få ekstra pluss på tilvekst, spesielt viss bonden ikkje har reelle fødselsvekter. Verane kunne få ein merknad ved utskriving av indeksen om hausten etter opplysningane om avkoma på forventa store fødselsvekter og forventa små fødselsvekter. Dette hadde vore nyttige opplysningar ved val av ver, spesielt på åringane. Klarar ein å handtera høgt lammetal vil økonomien i sauehaldet betra seg mykje.

Livlamma
Livlamma som lammar årsgamle kan ved gode forhold, godt grovfòr, gode vår,- sommar- og haustbeiter gå med 2 lam. Får åringane 1 lam ved fødsel bør ein ved gode forhold setja under eit overskottslam. Her kan det vera ønskeleg at åringane får 2 lam fødde. Er grovfòret, vår-, sommar- og haustbeite av middels kvalitet kan det vera nok om åringane går med 1 lam. Blir åringane fòra på dårleg grovfòr, har lammingsvanskar eller lamma har problem med å bli slaktemogne, har sauebonden valet om å leggja om fòring og stell eller la vere med å para livlamma.

Uttak av livlam.
Her bør ein sjå på fruktbarheiten til slekta til lammet. Det er ikkje nok å sjå berre på fruktbarheiten til mora og slekta hennar. Farslekta har som regel fleire avkom bak seg og bør derfor telja meir. Her kan delindeks for tal lam vera eit godt hjelpemiddel. Legg vi stadig vekt på god kjøttfylde kan det på sikt gå ut over lammetalet. Vi bør vera svært obs på feitet på lamma. Er det ei slekt som gjev mykje feite lam til slakt bør ein ikkje setja på desse lamma. Ultralydmåling av livlamma om hausten kan vera eit godt hjelpemiddel til å finna lam som har for mykje feit.

Einstaka lam

I utgangspunktet set ein ikkje på lam som er fødd einstaka. Ein kan gjera unntak viss det er semin som er årsak til at lammet er fødd einstaka og det elles er frå ei fruktbar slekt. Set på livlam etter åringar som har gått med 2 lam og saueslektar som får 2 og 3 lam. Går vi over dette kan fruktbarheiten bli for høg. Set på lam under haldbare slekter, der sauene i snitt blir gamle. Blir slekta til livlamma gamle er det eit bevis på at sauene produserer godt og er plaga med lite sjukdom.

At livlamma har god avstamming vil i snitt sei at det blir gode dyr. Påsettlamma skal ha ein god kropp, breitt og hallande kryss, gode bein og 2 høveleg store spenar. Vi må heller ikkje gløyma ullmengde og ullkvalitet. 1 kg haustull og heilårsull av god kvalitet blir no betalt med ca 48 kr kiloen, så her er pengar å hente.

Fòring av livlam.
Livlamma som har ei levande vekt på over 45 kg (Norsk kvit sau) ved uttak i august/sept bør ikkje gå på alt for gode haustbeiter. Går dei på gode beiter vil dei kunne bli feite og ha vanskeleg for å visa brunst. Feite påsettlam er rundt paring vanskeleg å få opp i hold og vil då ofte få eitt lam til våren. Vi skal heller ikkje sjå bort i frå at god fòring frå kjønnsmogning til paring kan gå ut over mjølkeevna til sauene.

Klypping av påsettlam
Påsettlamma kan klyppast ved uttak i august/sept. og då fortsatt gå ute, eller ved innsett i oktober. Livlamma bør over på godt beite ca 3 veker før planlagd paring eller bli innsett på innefòring. Livlamma bør snyltarbehandlast og vaksinerast mot pulpanyre før dei kjem over på det gode beite. Det er ein fordel at det er lite mat i vomma og at lamma blir gåande i 1 til 2 døgn på det gamle beite før dei etter snyltarbehandling blir flytta over til det nye beite. Går dei ute på gode beiter kan det vera nok med 0,3 kg kraftfòr, gjerne favør 30. Blir livlamma set inn må dei foruten godt grovfòr gradvis ha opptrapping med kraftfòr til 0,5 til 0,6 kg, gjerne favør 30.

Har ein godt grovfòr, gode beiter og gjev rundt 0,5 til 0,6 kg kraftfòr pr. døgn til livlamma gjennom vinteren vil ein kunne oppnå eit dekningsbidrag på ca 500 kr høgare pr åring ved å la dei gå med 2 lam i forhold til 1 lam.

Gimrane.
Har gimrane ikkje hatt lam bør dei gå på beite i lag med dei vaksne sauene. Dei gimrane (åringane) som har hatt lam og spesielt dei som har hatt 2 lam bør gå på gode haustbeiter. Åringane som har gått med lam og mjølka godt er ofte i dårleg hold. Vi må heller ikkje gløyma at dei skal veksa framover hausten og vinteren. Har ein gode beiter kan dei gå på gode beitar fram mot paringa og under paringa. Det kan i tillegg vera aktuelt å gje 0,3 til 0,5 kg kraftfòr. Skal dei setjast inn må det skje ca 3 veker før planlagd paringstart og dei bør foruten godt grovfòr få 0,5 kg kraftfòr. Gimrane bør stå på 0,3 kg kraftfòr heile vinteren, men her kan ein velja eit kratfòrslag med lågt proteininnhold. Det er og viktig at gimrane blir snyltarbehandla ved innsett.

Vaksne sauer frå 2,5 år og oppover.
Gamle sauer over 6 år må ein sjekka nøye viss ein vurderer å ha dei eldre. Sjekk tenner, jur, bein og avdrått. Det er viktig for lammetalet å ikkje få sauene i for godt hold i august og sept. Dei må derfor gå på middels til dårleg beite på denne tida. Har ein beite ein vil rydda for kratt og gamalt gras, er dei vaksne sauene i bra hold dyra som kan gjera dette. Sauer i dårleg hold må ikkje gå på dårlege beiter.

Før, under og etter paring
14 dagar før planlagd paring må dei over på godt beite eller bli sett inn på inneforing. Det kan og vera aktuelt med ein kombinasjon av rundballefòring og beiting. Det er no tida for snyltarbehandling. Ved gode beiter kan ein få eit høgt lammetal utan kraftfòr, men er ein i tvil om beitekvaliteten kan ein gje 0,3 kg kraftfòr pr dyr pr døgn til 3 veker etter paringa. Dette er og høveleg kraftfòrmengde ved innsett om grovfòret er godt. Frå 1 mnd. etter paringa fram mot ca 8 veker før lamminga kan dei vaksne sauene ved godt grovfòr klara seg utan kraftfòr. Vi må då huske å gje tilskott av mineral- og vitaminblanding i tillegg til saltslikkestein som alle sauene bør ha tilgang til. Sauene bør i denne tida ikkje fòrast med meir enn vedlikehaldsfòr. Finn Avdem, spesialrådgjevar på sau i Gilde Norsk Kjøtt seier at overfòring kan i denne tida hindre god utvikling av morkaka, som igjen kan føra til fostertap den siste tida i drektigheita. Store og mange foster kan då på slutten av drektigheita få for lite næring av morkaka.

Vaksen ver som luktar brunst

Vil ein ha konsentrert lamming på gimrane og dei vaksne sauene, hjelper det her også å ha ein vaksen ver som luktar brunst og jagar hjå dei i 5 dagar frå 20 dagar før planlagd paring.

Ha forklede på veren så den ikkje bedekkjer dei sauene som er i brunst.

Avkomsgranska og kåra verar
Eit godt råd for å få avlsmessig framgang er å kjøpa kåra verlam eller avkomsgranska ver til sauene. I tillegg vil semin til dei beste sauene vera eit godt råd. Her kan ein greitt henta inn positive eigenskapar på veren som sauen er negativ på og då få eit avkom som i utgangspunktet er gode. Om kåra verlam og avkomsgranska verer er kvalitetssikra gjennom kåring og bruk er det ingen garanti at dei parar eller at sæden er i orden. Sjekk derfor nøye omløp både etter 16 til 21 dagar og 32 til 42 dagar. Ein sau treng ca 230 f.e. i året til vedlikehald og ullproduksjon. Reknar vi med ein gjennomsnitt pris pr f.e. på kr 1,30 vil vi ha ei fòringsutgift på ca kr 300,-. I tillegg kjem snyltarbehandling og mineral- og vitamintilskott.

Mange tomme sauer vil gå hardt ut over økonomien i sauehaldet!

Lukke til med saueparinga og eit høveleg lammetal!