Korleis påverke lammetallet gjennom fôring og avl

(24.09.07, endret 28.10.08) Fôring fram til paring er viktig for å styre mot eit rett lammetal og lammetalet er ein av faktorane som påverkar økonomien i sauehaldet mest.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe, og Lars Ivar Fause, tidlegare rådgjevar småfe i region Nord
 
Nyfødte lamDu må alt om hausten tenkje på neste år fordi det er nå du skal leggje  grunnlaget for neste års lammetal. Fôring fram til paring er viktig for å styre mot eit rett lammetal og lammetalet er ein av faktorane som påverkar økonomien i sauehaldet mest. Mange lam til slakt om hausten gjev flest kg kjøtt, som igjen utløyser distrikts- og grunntilskot og tilskot pr lammeslakt. Mange lam gjev også meir beitetilskot. Vi som er rådgjevarar på sau høyrer likevel at einskilde får for mange lam. Dette gjeld enkeltsøyer der fostervekta blir så stor at det går på dyre-etikken laus. Høgt lammetap og for mykje mastitt er også årsaker til at einskilde synes dei har for høgt lammetal.
 
Korleis auke lammetalet gjennom fôring?
Grunnlaget for høgt lammetal er at søya får ei god eggløysing slik at mange egg kan bli befrukta av veren. Eit egg treng ca seks månaders ”mogningstid” før eggløysing. Kor mange egg som startar ”mogningsprosessen” er avhengig av fôringa. Teorien seier at ei søye i bra hold og god stand vil starte mogning av fleire egg enn ei søye i sterk næringsmessig underballanse. Med paring i november, vil dette falla saman med tida da søya er i høglaktasjon i mai. God fôring i lammingstida er difor viktig både for tilveksten på årets lam og neste års lammetal. Ei viss mobilisering av holdet må ein sjølvsagt tillate seg i mjølkeperioden dersom søya er i godt hold før lamming. Når vi i Team sau lagar fôrplanar, reknar vi at søya kan mobilisere ca 0,4 FEm pr dag frå holdet. Grovfôropptaket varier med kvaliteten på grovfôret, men ligg ofte på ca 1,5 -2 FEm pr dag etter lamming. Ved middels til god grovfôrkvalitet bør ei søya ha 0,4-0,5 kg kraftfôr pr lam og dag i innefôringsperioden for å mjølke nok til at lamma skal vekse 300 g pr dag eller meir og likevel ikkje gå for sterkt ned i hold.
 
Ei anna viktig periode for å oppnå høgt lammetal, er tida vi går inn i nå, fôringa rundt paring. Både forsøk og praktisk erfaring viser at søyene bør vera i stigande hold i  denne perioden for å oppnå ei god eggløysing (flushing).  Dette er spesielt viktig når søya er i dårleg hold om våren og etter avvenning av lamma om hausten. For å oppnå flushing, tilrår vi at søya blir fôra 40 % over vedlikehaldsbehovet frå ca 14 dagar før paringsstart og til ein veit at søya er drektig. For ei 80 kg`s søye betyr dette at samla fôropptak på ca 1.3 FEm pr dag. Dersom grovfôret blir gjeve etter appetitt og er av god kvalitet, er det godt mogleg å oppnå så høgt fôropptak utan bruk av kraftfôr. Ved middels god grovfôrkvalitet ligg ofte grovfôropptaket på ca 1 FEm pr dag. Da bør ein supplere med 0,3-0,4 FEm med kraftfôr pr dag i flushing-perioden.
 
Det er ikkje heldig at dei vaksne søyene har alt for gode haustbeite i for lang tid. Søyene skal stort sett berre produsere vedlikehald og dei blir difor lett feite på gode haustbeite, noko som kan gå utover grovfôropptaket etter innsett. Søyene kan da byrja å tære på holdet noko som reduserer eggløysinga og lammetalet.
 
Vi ser ofte at åringar som har gått med lam er i dårleg hold om hausten fordi desse har produsert mykje i forhold til kapasiteten til å ta fôr. Dersom ein ikkje gjer noko med det, kan dette gå utover lammetalet neste år. Tabell 1 er berekna ut i frå tal i ifrå Sauekontrollen for åra 2002-2006. Denne tabellen syner at lammetalet hjå 2-åringane ligg ca 0,2 lam under lammetalet hjå dei eldre søyene. Dette lammetalet kunne vore fullt på høgde med lammetalet hjå dei eldre søyene dersom alle 2-åringar hadde vorte sortert i eigen binge og fylgt opp med skikkeleg flushing før paring.
  
Tabell 1: Tal levandefødte lam pr søye ved ulik alder på søya:
 
Alder søye,år  

Tal levandefødte lam:

1

0,97

2

1.83

3

2,04

4

2,10

5

2.08

     
Dersom du legg opp til eit høgt lammetal, er det viktig at du også fylgjer opp søyene gjennom heile sesongen for å meistre det høge lammetalet. Søyer med mange lam skal ha god plass både før og etter lamming. Klippinga bør skje seinast 5-6 veker før lamming og ein bør fylgje opp med ein gjennomtenkt fôrplan slik at søya er i rett hold ved lamming og fødselsvekta på lamma er passeleg. Passelege fødselsvekter på Norsk Kvit sau er 5-6 kg for tvillingar og 4-5 kg for trillingar. Team sau kan hjelpe deg med å lage fôrplanar for å oppnå dette ut i frå grovfôrkvaliteten din. 
 
Tiltak for å redusere lammetalet
For dei fleste er dette ei lite aktuell problemstilling fordi det som oftast fører til at bonden tener mindre pengar på sauen. Ein rådgjevars jobb er som kjent å syte for at bonden tener meir pengar. Vi får likevel spørsmål om dette frå produsentar som synes det er for mykje arbeid å fylgje opp søyer og lam dersom det er mange store kull. Det enklaste tiltaket vil vera å leggje mindre vekt på fruktbarheit i avlsarbeidet i eigen flokk. Det er negativ samanheng mellom fruktbarheit og kjøttfylde. Ved å velje avkomsgranska verar med høg indeks for kjøttfylde og låg indeks for lammetall, vil lammetalet etter kvart gå ned samstundes som ein tener pengar på betre kjøttfylde på lamma.
 
Ein kan også unngå å plukke påsettlam frå dei mest fruktbare søyene. Dersom ein plukkar påsettet blant tvillinglamma, vil kullstorleiken også standardisere seg rundt to lam.
 
Dersom ein skal redusere lammetalet gjennom fôring, bør ein unngå flushing før paring. Dette betyr at ein ikkje brukar kraftfôr i
Tverrsnitt av ryggen på ein sau
denne perioden og grovfôropptaket bør heller ikkje vera større enn at det blir knapp vedlikehaldsfôring av søyene.
 
Bruk holdvurdering for å styre fôringa
 
Kva meiner vi eigentleg når vi seier at søya er i passeleg hold? Dette er det vel like mange meiningar som det er sauebønder. For å standardisere dette, er det laga eit holdvurderingssystem som blir brukt i mange land der ein beskriv holdet på ein sau i fem klasser ved å vurdere feittmengda på ryggen.
 
Ei søye i passeleg hold er i holdgruppe 3-3,5. Søyer under holdgruppe 3 bør få flushfôring for å stimulere eggløysinga. Tilrådd endring i hold etter lamming er frå holdklasse 3,5 til holdklasse 2,5. Dette tilsvarer mobilisering av ca 7-8 kg feitt.
 
 
Klasse 1: Tverrutvekstane og torntappane er skarpe og fingrane kan lett trykkast inn under tverrutvekstane. Ein kan lett kjenne kvar kvar einskild tverrutvekst. Sadelen er tynn og utan feitt.
Klasse 2: Torntappane er mjuke og avrunda og kan berre kjennast som forhøyningar. Tverrutvekstane er og mjukare, men det er framleis mogleg å pressa fingrane under dei. Sadelen er middels stor med eit lite feittlag.
Klasse 3: Torntappane er mjuke og avrunda og knoklane kan berre kjennast ved trykk. Tverrutvekstane er også mjuke og godt dekt med eit feittlag. Ein må pressa hardt med fingrane for å kjenna beinendane. Sadelen er velutvikla med eit middels feittlag.
Klasse 4: Ein ser berre ryggraden som ei line og ein kan ikkje kjenne tverrutvekstane. Sadelen er velutvikla med eit tjukt feittlag.
Klasse 5: Torntappane kan ikkje kjennast sjølv med trykk og det er ei dump i ryggen mellom feittlaga der som ryggen er. Sadelen er velutvikla med eit tjukt feittlag over.
 
 
 
 
                                             Lykke til!