Framleis underdekning på lam

(28.09.23) Da er veke 37 (11. - 17. september) inne i slaktestatikken. I denne veka slakta Nortura 53 500 lam med medel slaktevekt 20,1 kg, medel klasse R/R+ (8,3) og medel feittgruppe 2+ (5,8).

Sanking av lam. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

God kvalitet

Stjernelamandelen er på 94,7 % og Gourmetlam-andelen på 74,7%. Framleis leverer Nortura-sauebonden flotte kvalitetslam. Vi er også ferdig med veke 38. Da slakta Nortura 59.500 sau/lam. Det er litt meir enn det som var innmeldt for denne veka. Takk for det!

Slaktesesongen går vidare med jamn slakting på i underkant av 60 000 sau/lam kvar veke. Denne veka er det innmeldt 58 000 sau/lam og i neste veke 40 (2. - 8. oktober) er det innmeldt 57 500 sau/lam. Dette er mindre slakting enn i fjor i same vekene. Vi er difor spente på om det kjem meir lam saman med sauen, når prisen på sau går opp i veke 41 og 42.

Lavt industrisal

Det er lite industrisal av heil sau denne sesongen. Det er Nortura som tek unna det meste. Målet er å skjera ned mest mogleg sau fersk og minst mogleg innfrysing av heil sau. For å greie det, kan det difor bli noko skyving når saueslaktinga kjem i gang for fullt midt i oktober. Vi håpar på forståing for det.

Framleis underdekning

Når det gjeld sal, så er det framleis god etterspørsel på lam. Det er bra!  Slaktinga neste veke dekker opp 81 % av bestillingane. Vi skulle difor gjerne hatt fleire lam. Oppfordringa er difor at alle, så langt som råd, leverer det som er innmeldt.

Har du fleire slaktemogne lam enn det som er innmeldt, så ta kontakt med lammeringleiar/transportplanleggjar for å sjekke om det er mogleg å få dei med på lasset.

Statistikk graf

Graf veke 27 - 37
På grunn av ein mangel i statistikk-grunnlaget har vi dessverre ikkje fylkesvise Stjernelam-andelar

Statistikk tal 

Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)