Lammeringar – til fordel for alle

LAM 2014:

(05.02.14) Inntransport av slaktedyr frå tusenvis medlemmer innan Nortura er ei utfordring når vi kjenner geografien i Norge. Spreidde gardar og lange køyreavstandar. Målet er sjølvsagt å gjera inntransporten så rasjonell som mulig, slik at kostnadane kan haldast nede og utbetalingsprisen pr kg kjøtt til bonden oppe.

Av: tilførselssjef småfe Region Øst, Erling Skurdal

Erling Skurdal

I løpet av dei siste åra har det i denne samanheng vore prøvd ut eit tiltak kalla lammering i store delar av landet, og det har gjeve ein gevinst i ulike ledd innan Nortura. Likevel – det ligg framleis eit potensiale i opplegget som vi framover må prøve å ta ut.

Kva er ein lammering?
Ein lammering er eit frivillig samarbeid mellom husdyrprodusentar om innmelding, innsamling og inntransport av slaktedyr. Ringen blir leia av ein lammeringleiar som skal vera kontaktleddet mellom leverandørane og medlemssenteret. Som det ligg i namnet lammering, så gjeld dette i utgangspunktet for saueprodusentar. Nå er også geit med i ordninga.

Det heile starta i Nord-Norge på slutten av 90-talet. Ikkje så rart kanskje med tanke på dei transportavstandane dei har i denne landsdelen. Målet var å få til ei ordning som gjorde det enklare å få til felles transport av innmeldte dyr frå eit geografisk område. For å få til dette, måtte ein sørge for ei områdevis koordinering av innmelding av slaktedyra. Eit system for dette fanst delvis frå før med ein del kontakter/grendemenn som var i Norturas teneste. Nå tok ein dette opplegget eit skritt vidare med ei meir systematisk inndeling av områda og sette ein såkalla lammeringsleiar til å administrere det.

Denne idéen vart etter kvart fanga opp lengre sør, der Folldal lammering i Hedmark var først ute i 2006. Målet om rasjonalitet i drifta var det same, men her vart eit anna viktig element kopla til, nemleg samlasting. I praksis vil det si at brukarane sjølve står for transporten til felles samlastingsplass. Fordelane med samlasting ligg for brukaren fyrst og fremst i høgare puljetillegg og ingen stoppsats, mens transportøren får færre henteplassar, kortare transport og - ikkje minst viktig, kortare køyretid. I og med at medlemene var spreidde over eit stort område, viste det seg å vera heilt nødvendig å ha 2 oppsamlingspunkt. Lammeringleiaren si rolle som koordinator og sjef vart òg meir utvikla og reindyrka. 

I 2009 vart neste skritt tatt med ei større satsing i Oppland fylke. 7 område der samlasting var ein del brukt vart plukka ut, og ei meir systematisk utprøving og utvikling av lammeringkonseptet i alle ledd vart sette i gang. Erfaringane og tilbakemeldingane frå medlemer, ringar og transportørar samt resultata i form av tilførslar m.m. dei neste åra, var så vidt positive at styret i Nortura i 2012 bestemte at opplegget skulle satsast på i heile landet. I den samanheng vart det innført eit tilskott på kr 10 pr dyr levert gjennom ein lammering. Dette førte til rask etablering av ringar over heile landet. At det nå er flest i Nord og Øst skuldast i hovudsak at det var her arbeidet med organisering av lammeringar kom fyrst i gang.  

Tabell 1: Tal lammeringar og leveranse av lam gjennom lammeringar, regionvis 2013

Region

Tal ringar 2013

% av lam i Nortura

Nord

  63

95,9

Midt*

  69

48,7

Vest

159

50,1

Øst

126

71,1

Landet

417

64,1


   * Heile Møre og Romsdal med i Vest.

Målsetting
Før ein sette i gang med utprøving/oppretting av lammeringar for alvor, hadde ein sett opp nokre klare målsettingar for opplegget:

  • Rasjonalisere inntransporten.
  • Gjera tilførsel av dyr meir forutsigbart for alle ledd.
  • Sikre tilførselen av dyr framover.

I praksis har dette så langt vist seg å slå til. Vi skal her sjå nærare på korleis dei ulike ledda innan Nortura har fått nytte av dette inkludert leverandørane/eigarane.

Innmelding

  • Berre ein person å forhalde seg til for medlemssenteret – lammeringsleiaren som står for innmeldinga pr. tlf. (innan tysdag kl 16) eller web (innan onsdag kl 06).
  • Færre feil ved innmelding.

Inntransport/anlegg/salg

  • Ferdig oppsette lass, lammeringleiaren i samarbeid med medlemssenter/sjåfør.
  • Fulle lass.
  • Færre stopp pr lass.
  • Kortare transporttid pr dyr og tur.
  • Innsparing transportutgifter.
  • Enklare å skaffe ekstralass ved behov.
  • Betre styring på tidspunkt for ankomst på anlegget.
  • Redusert tid på slaktefjøset.
  • Jamnare innmelding og tilførsel av dyr.
  • Sikrare opplysningar/prognoser om forventa tal dyr inn til kvar tid:

-  viktig for planlegging av slaktinga, ikkje minst utom sesong for å unngå innfrysing

-  viktig for dei som skal stå for salg ut til kjedene og andre.

Leverandør/eigar

  • Betre økonomi ved større muligheiter for samlasting:
    • unngår stoppsats, kr 150
    • høgare puljetillegg, fulle lass 
  • større muligheiter for plukkslakting, mindre fare for feitt, fleire stjernelam.
  • Mindre "nøye" med riktig tal innmeldt frå den enkelte, ringleiaren kan tilpasse.
  • Mindre skyving.
  • Kan levere dyra utanom arbeidstid.

Resultat
Av dette går det fram at produsenten/leverandøren har klare fordelar av å vera med i ein lammering. Dette slår ut på ulike måtar, bl.a. når det gjeld slakteresultat.

Tabell 2: Slakteresultat i og utom lammering, veke 27-52, heile landet

Kvalitet

I lammering

Utom lammering

Slaktevekt

18,90

17,56

Klasse

  8,24  R

  7,49  R-

Feitt

  6,10

  5,70

Stjernelam %

76,10

62,30

Puljetilegg

40,58

20,59

 

Om ein bryt desse opplysningane ned på regionnivå, finn ein at det er store forskjellar. Størst er dei i Nord, truleg fordi at kvaliteten på slakta i gjennomsnitt er høg og at det er eit fåtal som ikkje er med i lammering. Kvaliteten på desse buskapane vil dermed kunne slå hardt ut.  

Tabell 3: Differanse i vekt, klasse, feitt, % stjernelam og puljetillegg i og utom lammering, regionvis og landet, veke 27-52

Region

Vekt, kg

Klasse

Feitt

Stjernelam 
       %

Puljetillegg,
kr/dyr

Nord

4,35

2,26

0,65

38,2

  0,30

Midt

2,12

0,96

0,46

23,1

22,53

Vest

0,99

0,58

0,29

13,4

22,03

Øst

0,79

0,67

0,16

11,6

23,70

Landet

1,34

0,75

0,40

13,8

19,99

 

Liten forskjell i puljetillegg mellom lammeringar og andre i region Nord, kjem truleg av at ein der ikkje har same fokus på samlasting innan lammeringane. Store avstandar mellom gardane er ein sannsynleg årsak. Gjennomsnittleg lågare puljetillegg pr dyr i alle regionar i andre halvdel av året enn i fyrste skuldast nok at det er lettare å få til samlasting på denne tida av året, både på grunn av hus og transport.    

Tabell 4:  Puljetillegg i ulike delar av året

Region

Puljetillegg, kr/dyr
veke 1-26

Puljetillegg, kr/dyr
veke 27-52

Nord

13,10

33,10

Midt

26,53

43,58

Vest

18,18

41,74

Øst

26,89

44,64

Landet

20,82

40,50

 

Dei forskjellane i resultat i buskapar i og utom lammering som er vist over, får sjølvsagt økonomiske følgjer. Oppsettet under viser at i gjennomsnitt vil ein medlem i lammering oppnå ein meirgevinst på 4-5 kr/kg slakt samanlikna med ein som står utom (Finn Avdem). Desse høgare prosentdel av det totale tal lam som er med i ring, dess større vil truleg skilnaden bli.

Økonomi

I lammering, kr

Utom lammering, kr

Avrekningspris kr pr lam

Puljetillegg kr/lam

Lammeringtillegg, pr dyr

Kvalitetstillegg pr lam

Samla

815

  39

  10

  44

907

729

  20

    0

  33

782

Meir utbetalt i lammering pr lam

125

 


Lammering i praksis
For at ein lammering skal kunne fungere, så er det ein del faktorar som må på plass. Ein god lammeringleiar er heilt avgjerande. Som med mangt anna, så er ikkje alle skapt til å ha denne rolla. Av eigenskapar som han helst bør ha, kan nevnast: sosial, kontaktskapande, rettferdig, ryddig/systematisk, løysningsorientert. Han må også ha evna til å ta avgjerd, skjæra gjennom. Tette og god kontakta med sjåfør og medlemssenter er heilt avgjerande heile vegen. 

Reint praktisk skal han gjera følgjande:

  • Ta imot innmelding frå medlemene, melde inn dyr samla for ringen til medlemssenteret.
  • Sette opp lass.
  • Gjera avtale om samlingspunkt/lasteplass/hentetid med medlemer og sjåfør.
  • Sørge for at nødvendige lister/skjema er klare og at signalmerker er sett i ved henting.
  • Ha kontakt med/samarbeide med andre ringar i tilgrensande område.
  • Innhente/fordele informasjon.
  • Er Norturas forlenga kontakt ut på bygda.

Det kan nemnast at for det arbeidet lammeringleiaren gjer, får han i 2014 kr 4/dyr + kr 40 pr. medlem (tlf., porto).

Ved samlasting er regelen den at det skal berre vera 1 stopp for å unngå stoppavgift og for å kunne få puljetilegg etter samla tal dyr. For lammeringar blir 2 stopp godkjent. Dette har vist seg å vera nødvendig for å kunne få med fleire produsentar pr. ring og dekka større geografiske område.    

Storleiken på lammeringen vil kunne variere av ulike årsaker, så som geografi/køyreavstand og tal produsentar i området. I dag har vi ringar med frå 2-40 medlemmer, med eit gjennomsnitt på omlag10 medlemer med 1000-1200 slaktedyr. Mindre ringar med færre medlemer/dyr og dermed mindre muligheiter for å kunne oppnå fulle lass, kan kompensere for dette ved å samarbeide med tilgrensande ringar. Regelen om 2 stopp gjer dette mulig, altså 1 stopp i kvar av ringane.

Oppsamlingsplass
Eit svært viktig punkt er kvar og korleis dyra blir samla saman med tanke på dyrevelferd og fare for sjukdomsspreiing. Dei fleste som driv med dyr i dag har reiskap til å transportere dei – på bil eller tilhengjar (traktor, bil). Det er reglar for korleis desse skal vera utforma og nyttast, som kvar og ein må forhalde seg til. Mangel på eigna transport kan vera årsak til at ein produsent ikkje finn å kunne vera med i ein lammering. I mange tilfelle har ein sett at dette løyser seg gjennom lån frå andre i ringen eller at andre hjelper til på dugnad.

Avgjerande for valg av oppsamlingsplass er som oftast desse faktorane:

  • Eigna stad/rom: tomme fjøs, redskapshus o.l. Nokre har berre ein møteplass der dyra blir lasta opp direkte frå tilhengjaren til den enkelte leverandør.
  • Tilkomst, veg: Dyretransportane er i dag så store at det er ikkje alle stadar dei kjem til på ein enkel måte. Med hengjar på dyrebilen blir dette enda meir krevjande.
  • Kven som skal levere flest dyr til kvar gong.

Når det gjeld samlasting, så har Nortura kome med følgjande tilråding:   

  • Båndlagte buskapar skal ikkje vera med på samlasting.
  • Ein må unngå at slaktedyr og livdyr møtast i "tid og rom".
  • Samlasting bør skje berre med dyr frå buskapar som har hatt smittekontakt med før (same vêrring, beitelag osv.).

Oppsummering
Som vist framfor, så er det fleire faktorar som bidreg til eit betre økonomisk utbytte hos medlemer i ein lammering. Ein indirekte som ringane sjølve peikar på, er ei fagleg kunnskapsheving. Gjennom arbeidet i ringen treffer ein kvarandre oftare enn før, som ved levering der ein gjerne diskuterer det ein ser av dyr osv. Det oppstår også ofte konkurranse eller ein slags indre justis om å levere kvalitetsslakt. Veging og plukkslakting når dyra er slaktemodne er nå vorte eit meir naturleg tiltak. Frå Nortura si side legg ein også opp til fagleg rettleiing på ringnivå, basert på bl.a. oppnådde resultat i ringen. Oppsummering av resultata blir sendt ut til ringane etter endt sesong. 

I den samanheng sender vi og med eit spørjeskjema der ringane kjem med pluss og minus i eige opplegg og Norturas, fordelar og ulemper. Praktiske ting som muligheit til å levere dyra utom arbeidstid blir trekt fram av mange som eit positivt element. Det punktet som likevel er mest nemnd, er den sosiale sida ved opplegget, triveleg treff av ulike slag. Fleire ringar har fast felles kaffe eller måltid ved levering, eit fellesskap som mange sett stor pris på i ein travel og for mange bønder einsleg kvardag.

Opplegget med lammeringar er nå godt etablert i alle ledd innan Nortura, og regelverk og rutinar er stort sett på plass. Likevel er det her som i andre ordningar, rom for forbetring og utvikling. Dette skjer i samarbeid med produsentar, lammeringsleiarar og transportørar når det gjeld den delen som skjer utanfor slakteriet. Neste skritt i utviklinga av ringane vil vera å finne nye måtar å nytte dei på – til felles beste for alle.

Muligheitene er mange!