Framleis god slaktekvalitet

(21.10.24) Framleis god slaktekvalitet, men det kjem også ein del lam med låge slaktevekter nå.

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Andre veka i oktober er inne i slaktestatistikken. I veke 41 slakta Nortura 51 400 lam med medel klasse 17,7 kg, medel klasse R (7,8) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7). Både vekt, klasse og feitt er omtrent lik same veke i fjor.

Mesteparten av lamma held framleis god kvalitet, men vi er nå inne i ein tid av sesongen det også kjem inn ein del lam med låg slaktevekt. 26 % eller av lamma Nortura slakta i veke 41 greidde ikkje vektkravet til grunntilskot på 13,1 kg. Mange har difor framleis mykje å hente her.

Slaktesesongen rullar vidare. Vi er nå i gang med veke 43 (21. - 27. oktober). Det er planlagt å slakte 54 800 sau/lam i denne veka. Alt av lam går framleis ut til industrikundar og eigen industri, medan det er planlagt å reguleringslagre 7 300 sau.

Hugs at neste veke, veke 44, er siste veka med Gourmetlamtillegg.

Statistikk graf Nortura

Statistikk i Nortura veke 31 - 41

Statistikk tal Nortura

Statistikk total