Salget opp med 5% hittil i sesongen

(Sist oppdatert 20.09.19) Da har vi inne slaktestatistikk for ei av årets største slakteveker på lam.

Foto: Eirin Sveahaugen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I veke 37 (9. - 15. september) slakta Nortura 67 000 lam med medel slaktevekt 20,2 kg, medel klasse R/R+ (8,4) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7). Med andre ord så held kvaliteten seg veldig godt oppe når utmarkslamma for alvor byrjar å kome inn. Stjernelam-andelen held seg framleis over 90 %.

Veke 37 i fjor var ei veldig stor slakteveke med slakting av over 75 000 lam. Pr veke 37 ligg vi difor 17 600 lam etter fjoråret. Noko etterslep på slaktinga kan forklarast med at tørken framskynda slaktinga i fjor, og så skal det jo slaktast 30-40 000 færre lam i Nortura i årets sesong på grunn av lågare sauetal.

Vi er nå i ferd med å avslutte nok ei stor slakteveke med slakting av ca 69 000 Nortura-lam. 64 000 gjekk rett ut i marknaden som ferske lam. Neste veke ser ut til å bli lik denne veka med ein slakteplan på 69 000 lam. Etterspørselen held seg godt oppe, men førebels ser det ut som om 6-7000 lam kan hamne på reguleringslager. Vi gjer det vi kan for å få dette ned mot null.

Nett nå har vi altså marknadsballanse +, det betyr at vi kan utnytte etterspørselen maksimalt i alle salskanalar. Ser vi på salet til Nortura hittil i sesongen, så ligger vi 5 % eller 146 tonn over fjoråret når vi inkluderer fryste og salta produkt. Ser vi på berre på ferskvaresalet, ligg Nortura på nivå med fjoråret.

Ein ting er sikkert: Dei som kjøper lam av Nortura nå, får eit flott produkt frå flinke Nortura-sauebønder.

Statistikk

Graf

 

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 42 kb

 


Statistikk frå Animalia