Sjekk øyremerka på slaktesauen

(12.10.20) Nortura har som mål å levere avrekningar som er rett på kortast mogleg tid til Nortura-bonden. Vi brukar framleis mykje tid på å vera detektivar på grunn av feilmerking av dyr. Dette kostar pengar og forsinkar avrekningane.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Vi står nå framfor saueslaktesesongen. Vi minner difor alle om å sjekke øyremerka på slaktesauen.

I Gode øyremerkevaner står dette:

Innkjøpt sau manglar øyremerke til ny eigar

Tiltak:

Småfe har ikkje noko individregister slik som ein har på storfe. Når innkjøpt sau, inkludert kåra vêrlam og avlsvêrar, skal slaktast, så må dei difor merkast med kvitt tilleggsmerke som viser at dyret er innkjøpt. Merket skal ha dyrehaldsidentifikator til ny eigar og nytt individnummeret. 

Når Nortura skal identifisere innkjøpte dyr, er regelen at vi skal lese opplysningane på det kvite tilleggsmerket og taste dette inn. Det er her opplysningane om den nye eigaren står. Dersom dyret har eit fungerande elektronisk merke frå den tidlegare eigaren, kan det fort skje at det er dette som blir registrert. Ein skal difor øydeleggje elektronikken i opprinnelsesmerket for å unngå at dette skjer. Antenna ligg ca 2mm inn i merket. Set difor spissen på avbitartonga så langt inn som vist på biletet og klem til. Pass på at det som er prega på merket er leseleg etter at du har øydelagt elektronikken og merket må ikkje dette ut. Det går også an å kjøpe elektroniske kvite øyremerke. Da er det ekstra viktig å øydeleggje elektronikken i opprinnelsesmerket, slik at det ikkje blir lest av to øyremerke på eit dyr. Da blir dette registrert som to individ og det blir forskyving på linja. 

Slik øydelegg du elektronikken i eit elektronisk øyremerke
Slik øydelegg du elektronikken i eit elektronisk øyremerke

Øyremerket er skittent

Tiltak:

Dersom ikkje elektronikken fungerer, er vi avhengig av å lese av kva som står på øyremerket utan å bruke tid på vaske det. Vask difor skitne øyremerke før sauen blir levert til slakting. 

Øyremerket er skittent

Det er også viktig å sjekke at alle dyr har øyremerke, og er det nokon som manglar, må desse få eit erstatningsmerke. Pass også på å vera nøye med å telje dyra du leverer slik at det ikkje blir avvik mellom dette og tal dyr som er notert på køyresetel.

På førehand, TUSEN TAKK FOR HJELPA!

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes