Søk:

Verktøylinje

Vel ut gode returskinn av sau og lam

(Sist oppdatert 20.06.17) Det har auka betydeleg kvart år med sau- og lammeskinn i retur. Auken er så stor at kapasiteten til Granberg Garveri i Ølen held på å bli sprengt. Det er difor viktig at det er dei rette skinna som blir vald ut som returskinn.

Noko anna fører berre til klager, misbruk av tid og pengar på slakteri og garveri. Olav Granberg ved Granberg Garveri kjem her med ein del synspunkt på når ein bør ta skinn i retur og kva type skinn som bør veljast ut:

– Tidlegare kom omtrent alle sau- og lammeskinna til oss om hausten frå slaktetida i august til oktober. I dei seinare år kjem det også inn ein god del returskinn av sau- og fjorlam som er slakta etter jul og framover våren. På den tida har ullskinn dessverre ikkje rett ullkvalitet. Ulla er stivare, og hvis det er heilårsull, er det bortkasta å berede slike skinn. Me har kassert mange hundre slike skinn sist sesong, mange som er bereda er også av dårleg kvalitet, seier Granberg.

Det er viktig at kvar produsent om hausten vel ut skinn med den beste ullkvaliteten og kontrollerer at ikkje undergroing av ulla har begynt. Det må sjåas til at det ikkje er framandlekamar i ulla som piggtråd, ståltråd, tau, kvist, klumpar og vegetabilar. Slike ting kan forårsake at det blir hol i skinnet.

– Vi vil bruke kapasiteten vår på dei gode skinna av sau og lam som blir slakta om hausten, seier Olav Granberg.

Returskinn som har kome inn til garving og har for dårleg kvalitet. Returskinn som har kome inn til garving og har for dårleg kvalitet.
Returskinn som har kome inn til garving og har for dårleg kvalitet. Returskinn som har kome inn til garving og har for dårleg kvalitet.

Returskinn som har kome inn til garving og har for dårleg kvalitet. Klikk på hvert bilde for å få detaljer i opplysninger.

Konklusjon
Ulla om vinter/vår på sau/fjorlam er ikkje eigna for beredningsskinn. Den er for stiv, sjølv om sauen er klippa i tide og ikkje har samantova ull. Er ulla ikkje klippa i tide, blir den samantova og fullstendig ubrukeleg å nytte til beredningsskinn.

Vi tilrår å bruke årets lam til beredningsskinn, slakta i tida august til ca midten av oktober. Å nytte skinn av fjorlam eller sauer er også greit i same tidsrom, men da må ulla vera klippa om våren. Det er om hausten at ulla er mjuk og god.

Sjå elles nettsiden til Granberg Garveri om info.

Riveskader i skinna
På slakteria ser vi også at det er vanskeleg å flå små lam, spesielt når dei har lite feitt, utan at det blir skader på skinna. Feittet gjer at skinnet lausnar lettare frå slakteskrotten. Når dette feittlaget ikkje er der, blir det difor lett riveskader.

Vi ber difor om at det ikkje blir plukka ut små lam med lite feitt som returskinndyr. Geiter og kje av rasene Mohair og Kashmir er svært vanskelege å flå utan at riveskader på skinna oppstår. Nortura kan ikkje ta på seg ansvaret ved skinnskader på slike dyr.
 

Retur av skinn i Nortura

Det er mulig og ta skinn i retur, det må da gis beskjed om dette ved innmelding. Du vil da få signalmerker som skal settes på dyra rett før levering. Det er viktig at alle dyr du skal ha returskinn av er merket FØR henting av dyra. Skinna vil bli sendt til garveriet som slakteriet har avtale med om du ikke har angitt andre ønsker. Når det gjelder pelssauskinn, så er det mange som vil ha de beredt i Sverige. Dette er en ordning som blir organisert gjennom Norsk Pelssaulag og må avtales med dem. Følg med på informasjon som blir lagt ut på deres hjemmeside. En bør slutte å ta returskinn etter midten av oktober, da ulla endrer seg utover vinteren slik at skinnet ikke blir bra.

Felles rutinar for retur av ullne skinn