Framleis god etterspørsel etter lam

(25.09.20) Ein av sesongens store slakteveker er nesten inne i slaktestatistikken (manglar 5-6000 lam). I veke 38 (14. - 20. september) slakta Nortura 70 100 lam med medel slaktevekt 20,2 kg, medel klasse R (8,2) og medel feittgruppe 2+ (5,8). 92,5 % av lamma held Stjernelam-krava, så kvaliteten held seg veldig godt oppe!

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I tilsvarande veke i fjor slakta vi 69 000 lam. I veke 38 ser vi difor ut til å ta igjen litt av etterslepet i forhold til fjoråret. Det er bra!

Denne veka (veke 39) blir ei ny veke med slakting på i underkant av 70 000 lam. Det same gjeld neste veke (veke 40) da det er planlagt å slakte 69 800 lam inkludert nisje og retur. Småfe-slakteria i Nortura samarbeider godt, slik at vi får unna slaktinga med lite skyving.

Etterspørselen etter ferske lam held seg bra oppe. Vi ser likevel, som vanleg, ein liten nedgang i etterspørselen når vi kjem over til oktober og fårikålens festdag er over. Ca 10 000 lam ser difor ut til å bli lagt inn på reguleringslager i komande veke. Når det er sagt, er det gode signal frå både industrikundar og frå Nortura om behov for ferske lam framover. Vi har difor god tru på mindre reguleringslagring i årets sesong enn i fjor. Førebels ser det bra ut. I veke 40 i 2019 la Nortura inn 15 000 lam på reguleringslager.

God helg og lykke til med vidare sluttfôring og levering av kvalitetslam til Nortura!

Statistikk

Graf statistikk


Oversikt veke 27 - 38, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 490 kb

Oversikt veke 27 - 32, pdf. 489 kb

 


Statistikk frå Animalia