Agder på Stjernelam-toppen og Innlandet på Gourmetlam-toppen

(09.01.23) Da er 2022 historie og det er på tide å oppsummer slaktesesongen 2022. Vi har tidlegare presentert slaktestatistikk t.o.m. veke 44.

Sau med lam på beite. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I vekene 45-52 (7. november - 31. desember) har Nortura slakta 45 500 lam med medel slaktevekt 16,3 kg, medel klasse R-/R (7,3) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6). Dette er nesten 1000 fleire lam enn i same periode i 2021, så vi tok litt innpå fjoråret på tampen av slaktesesongen. Ser vi på slaktekvaliteten i desse åtte vekene, så er det temmeleg likt med fjoråret i same periode. I det heile må vi oss godt fornøgd med slaktekvaliteten på sesongens Nortura-lam.

I mange område har det vore langt frå optimale forhold for utmarksbeiting. Likevel har Nortura-sauebonden levert over 90% Stjernelam. Mange har difor veldig gode rutinar for sluttfôring og plukkslakting. Det er bra!

Etter ein slaktesesong, er det også tradisjon å kåre sesongens Stjernelam-fylke. I år som i fjor er det Agder på topp med ein Stjernelam-andel på 95,5%. På dei neste pallplassane kjem Rogaland og Innlandet. Ser vi på andelen Gourmetlam, er Innlandet på topp med 67,8% med Agder og Rogaland på dei neste plassane. Vi gratulerer!

Forsinka sesong, men likevel godt sal

Meir behov for sluttfôring gjorde at sesongen vart forsinka. Det var difor hard prioritering i starten av slaktesesongen, der salskampanjane i daglegvarebutikkane hadde høg prioritet. Fyrste veka i oktober, veke 40, vart den største slakteveka med slakting av over 65 000 Nortura-lam. God tilgang på lam tidleg i oktober, gjorde at vi også kom godt i gang med pinnekjøtt-produksjonen. Vi fekk difor produsert planlagt mengde av denne tradisjonsrike julematen.

Nortura har hatt ein nedgang i salet til daglegvarekundane denne sesongen. Dette er meir enn vege opp av eit veldig godt sal til industrikundane. I sum har difor salet av sau/lam gått opp med 8%. Lågare tilførslar og godt sal gjer at det ikkje er lagt inn ein einaste slakteskrott på reguleringslager.

Både Nortura- og industrikundane har likevel råvarer på eigne lager til bruk utover vinteren. Tida får vise om det er nok til neste års slaktesesong.

Vi forventar også auka tilførslar utanom sesong med bakgrunn endringane i tilskot som kom i jordbruksforhandlingane. Dette vil også hjelpe på og forsyne marknaden utover vinteren. Uansett, tomt reguleringslager er godt nytt for sauebonden som ikkje treng å betale omsetningsavgift til lagring og rabattar. Ein god marknadssituasjon gjer det også mogleg å ta ut auka pris til sauebonden. Nortura har sørga for ein prisauke til sauebonden på over 7 kr/kg lam når vi samanliknar med fjorårets slaktesesong.

Statistikk

Graf slaktestatistikk i Nortura

Endeleg oversikt, veke 26 - 52, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 44, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 42, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 40, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 38, pdf. 420 kb

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 413 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)