God kvalitet på sluttfôringslamma

(20.11.20) To nye slakteveker er kome inn i slaktestatistikken. I dei to fyrste vekene av november, veke 45 og 46, slakta Nortura 45 300 lam (manglar ca 4 300 lam i statistikken).

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I desse to slaktevekene tok vi innpå fjoråret betydeleg. Årsaker til det er at vi nå er ajour med slaktinga etter korona-stenginga av Gol, og at det er fleire sluttfôringslam som kjem til slakting i november i år enn i fjor.

Medel slaktevekt var 16,8 kg, medel klasse R/R- (7,5) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7). 84 % av lamma heldt Stjernelam-kvalitet, heile 12 % meir enn dei same vekene i fjor. Det er difor veldig god kvalitet på sluttfôringslamma dette året.

I dei same vekene er det slakta 14 300 sau. Saueslaktesesongen er også på hell. Saueslaktestatistikken viser auka saueslakting på ca 4 %. Det var uvanleg låg saueslakting i 2019, så dette året er det nok meir normal utskifting av søyer. Det er framleis ikkje frose inn ein einaste sau på reguleringslager denne sesongen. Alt har gått til eiga skjering eller er seld til industrikundane.

Det blir framleis slakta både sau og lam i Nortura. Denne veka (veke 47) ser vi ut til å slakte ca 7 400 lam og 2 300 sau. I neste veke, veke 48 (16. - 22. november) er det planlagt slakta ca 5 700 lam og 1 700 sau. Alt som blir slakta i neste veke, blir seld til industrikundar eller blir skore ned i Nortura.

God helg!

Statistikk

Graf statistikk


Oversikt veke 27 - 46, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 44, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 43, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 42, pdf. 488 kb

Oversikt veke 27 - 41, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 490 kb

Oversikt veke 27 - 32, pdf. 489 kb

 


Statistikk frå Animalia  

      

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes