Godt sal på sau

(16.10.20) Da har vi inne slaktestatistikk for fyrste heile veka i oktober. I veke 41 (5. - 11. oktober) slakta Nortura i underkant av 60 000 lam (manglar ca 3000 lam i slaktestatistikken) med medel slaktevekt 18,4 kg, medel klasse R (7,8) og medel feittgruppe 2+ (5,8).

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Stjernelam-andelen går litt ned, men er framleis høg på 86,8 %.

Salet går veldig bra når vi samanliknar med fjoråret. Summerer vi alle salskanalar, ligg salet 40 % over fjoråret i veke 41. Ferskvaresesongen i daglegvarebutikkane byrjar nå å gå mot slutten. Da er strategien at Hverdagslam-produkta meir og meir skal ta over for dei typiske sesongvarene. Når det er sagt, så har Hverdagslam seld godt også i sesongen. Salsindeksen er 220 % (veke 33-41). Det betyr at vi har seld over dobbelt så mykje Hverdagslam-produkt dette året samanlikna med same periode i fjor.

Denne veka (veke 42, 12. - 18. oktober) ser vi ut til å havne på rundt 58 000 lam. Neste veke (veke 43, 19. - 25. august) aukar slaktemengden på grunn av prisoppgangen på sau. Nortura planlegg å slakte ca 64 000 sau/lam. Rundt 1/5 eller 22 % av dette er sau. All sauen som blir slakta i neste veke, går til eigen skjæring eller blir seld til industrikundar. Det er difor gledeleg stor etterspørsel etter sau nå. Av dei ca 50 000 lamma Nortura planlegg å slakte, går ca 12 000 inn på reguleringslager. Som forventa er det behov for å skyve dyr i dei fleste delar av landet nå i saueslaktesesongen.

Lykke til med både saueslakting og lammeslakting framover!

Det meste går unna, også seint i slaktesesongen.

Statistikk

Statistikk graf


Oversikt veke 27 - 41, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 491 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 487 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 486 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 490 kb

Oversikt veke 27 - 32, pdf. 489 kb

 


Statistikk frå Animalia  

      

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes