Snart tomt reguleringslager

(07.12.21) Vi er nå på oppløpssida for årets slaktesesong. Tre nye slakteveker er kome inn i slaktestatistikken. I vekene 45, 46 og 47 slakta Nortura 34 000 lam med medel slaktevekt 16,4 kg, medel feittgruppe 2/2+ (5,5) og medel klasse R-/R (7,3). 84 % av lamma var Stjernelam.

Sau med lam på skogsbeite. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Det er difor framleis bra kvalitet på mykje av lamma som blir slakta, sjølv om det går nedover med slaktevekta. Vi ligg framleis 16 500 lam etter fjoråret. Det verkar som vi slaktar fleire lam på slutten av året i år enn i fjor. Forskjellen kan difor vera litt mindre før vi skriv 2022.

Saueslaktinga i sesongen er derimot auka med 5 % eller vel 4000 sau. Ei forklaring på mindre lammeslakting kan difor vera meir utskifting av sau pga betre sauepris.

Snart tomt reguleringslager 

Godt sal og litt mindre slakting gjer at det har gått lite lam inn på reguleringslager gjennom årets slaktesesong. Lite lager og melding om auka engrospris på lam etter nyttår, gjorde at ein del industrikundar ynskte å kjøpe opp reguleringslageret før prisoppgangen.

Når dette skjer, får alle potensielle kjøparar melding om dette frå Nortura Totalmarked, slik at alle kan få dekt noko av behovet sitt. Det var stor interesse for å kjøpe, og reguleringslageret blir difor tømt i vekene før jul.

Det som blir spanande, er om slaktemengda som nå ligg på industrien sine eigne lager held fram til ny slaktesesong saman med den mengde sau/lam som blir slakta gjennom vinteren. I år som i fjor har ikkje ein saueskrott vore innom reguleringslageret.

Konklusjonen på dette er at marknaden har tola godt prisoppgangen på kr 3 for lam og kr 9,35 for sau som Nortura har teke ut på vegne av sauebonden i årets slaktesesong.

Statistikk

Graf slaktestatistikk i Nortura

Oversikt veke 26 - 47, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 44, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 42, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 40, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 39, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 38, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 37, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 35, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)

Relatert informasjon

Relatert informasjon (ekstern)