Lammeslaktinga på veg ned

(Sist oppdatert 11.10.19) Nok ei stor slakteveke er inne i slaktestatistikken. I veke 40 (30. september - 6. oktober) slakta Nortura, slik vi har gjort i ein del veker nå, i underkant av 70 000 lam. Dette er faktisk nesten 3000 fleire enn vi slakta på same veka i fjor.

Foto: Eirin Sveahaugen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Medel slaktevekt er nå nede i 18,5 kg, medel klasse R (7,9) og medel feittgruppe 2+ (5,7). Dette er altså fine, slaktemogne lam, om dei har litt lågare vekt. Denne veka (veke 41, 7. - 13. oktober) er det også full fart på lammeslaktinga, ca 67 000 lam blir slakta i Nortura.

Salet minkar fortare enn vi liker
Vi har framleis godt sal til daglegvarebutikkane og salsauken er framleis på på 7-8 % i sesongen. Industrisalet går dessverre sterkt ned. Det kan vera fleire grunnar til det. Mange industrikundar har sikra seg rimelege råvarer frå reguleringslageret før årets sesong.

Salsframgangen i daglegvaremarknaden kjem delvis av at Nortura har teke marknadsandelar. Dette gjer at enkelte industrikundar har mindre behov for å kjøpe lam av Nortura. Nedgang i salet, og forholdsvis høg lammeslakting, gjer at ein del tusen lam blir lagt inn på reguleringslager nå.

I neste veke (veke 42, 14. - 20. oktober) så ser lammeslaktinga ut til å gå noko ned. Prisauken på kr 2 gjer at saueslaktinga aukar noko, slik at ca 63 000 Nortura- sau og lam er planlagt slakta også i neste veke.

Statistikk

Graf

 

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 41 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 42 kb

 


Statistikk frå Animalia