Plukkslakting etter vekt og hold

(01.07.21) Slakteprosenten (andel slaktevekt av levandevekt) på lam vil variere. Det er viktig å ha kunnskap om kva som påverkar slakteprosenten m.a. fordi det er nokre viktige slaktevektgrenser som ein bør fylgje opp for å få ein høgast mogleg pris for lamma.

Lam til plukkslakting. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Verknad på pris ved ulike slaktevektgrenser

Slaktevektgrense Verknad på pris
13,1 kg + kr 6 pga ny vektgruppe på prislista.
+ kr 3,80 til 4,80 pga at berre lam med 13 kg slaktevekt og tyngre får utbetalt grunntilskot
15,1 kg + kr 2,5 pga Stjernelam-tillegg om feitt- og klassekrava også er oppfylte
+ kr 2,0 pga Gourmetlam-tillegg om feitt-, klasse- og datokrav også er oppfylte
16,1 kg + kr 4,50 pga ny vektgruppe på prislista

Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Godt kjøttsette lam av tunge raser har høgare slakteprosent enn lam frå lettare raser
  • Tunge lam med god tilvekst har høgare slakteprosent enn lette lam med lågare tilvekst
  • Lam vege i eit sankegjerde med lite beitegras i vomma har høgare slakteprosent enn lam på eit godt haustbeite med mykje gras i vomma
  • Lam vege om morgonen før beiting har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden

Ut ifrå tal frå Sauekontrollen og erfaringstal, har Team småfe laga fylgjande rettleiande tabell som hjelp til å vurdere slaktevekt ut frå levandevekt. I tillegg må ein ta omsyn til punkta over.

  Norsk kvit sau slakteprosent Spælsau slakteprosent
  Rett frå sankekve
45,0 %
Håbeite
42,0 %
Rett frå sankekve
42,0 %
Håbeite
39,0 %
Levandevekt Slaktevekt Slaktevekt Slaktevekt Slaktevekt
30 13,5 12,6 12,6 11,7
35 15,8 14,7 14,7 13,7
40 18,0 16,8 16,8 15,6
45 20,3 18,9 18,9 17,6
50 22,5 21,0 21,0 19,5
55 24,8 23,1 23,1 21,5
60 27,0 25,2 25,2 23,4
65 29,3 27,3 27,3 25,4
70 31,5 29,4 29,4 27,3

Holdvurdering illuastrasjonNår ein skal avgjera om lammet er slaktemogent, må ein også vurdere feittmengde på lammet (holdvurdering). Kjenn bakarst på ryggen og halerota. Her er det mest skinn, bein og feitt. Kjenner du eit godt feittlag, så er lammet slaktemogent.

Sjekk gjerne feittgruppa på slakteavrekninga når du skal gje deg sjølv karakter på kor god du er til å vurdere hold.

Er dei fleste lamma i feittgruppe 2+/3-, så kan du vera godt fornøgd med deg sjølv!

 

Reduser risikoen for vêrsmak og -lukt

Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Årsaka til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.

Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.