Rett øyremerking er avgjerande for effektiv slakting og rett og raskt slakteoppgjer

(06.07.22) Ein stor tidstjuv på slakteria våre er å finne ut av kven som er eigar av slaktedyr når dei er feilmerka eller manglar merking. Tid er pengar og i Nortura er det bonden som betaler for tida.

Andre fordelar med rett merking:

  • Avrekninga blir raskt tilgjengeleg for bonden
  • Slaktekapasiteten aukar og det blir mindre skyving
  • Slaktedata kjem raskt over til Sauekontrollen, Animalia og andre brukarar av slaktedata

Her er nokre skjekk-punkt:

  • Har alle slaktedyr øyremerke?
  • Har alle merkedelane på lammet same individnummer?
  • Er øyremerka lesbare og ikkje fulle av møkk?
  • Er all innkjøpt sau, inkludert avlsvêrar og kåra vêrlam, merka med kvitt øyremerke med dyrehaldsidentifikator til ny eigar og nytt individnummer?
    Hugs her at øyremerket blir brukt som hjelpemiddel for å gje dyret rett kategori. Det kan difor vera lurt at også kvite øyremerke på innkjøpte slaktelam har eit individnr som startar med sistesiffer i fødselsåret. Elles hamnar fort store kåra vêrlam i kategorien ung sau eller vêr.
  • Er elektronikken i det elektroniske opprinnelsesmerket frå seljar øydelagt? Dette sikrar mot at det er dette merket som blir registrert, og ikkje opplysningane på det kvite øyremerket frå eigar. Opprinnelsesmerket skal ikkje klippast av.
  • Er alle årets slaktelam merka med årets merke, dvs at individnr startar med siste nr i fødselsåret.

Slik øydelegg du elektronikken i opprinnelsesmerket:

Antenna ligg ca 2 mm inn i merket. Set difor spissen på avbitartonga så langt inn som vist på biletet og klem til. Pass på at det som er prega på merket er leseleg etter at du har øydelagt elektronikken og merket må ikkje dette ut.

Det går også an å kjøpe elektroniske kvite øyremerke. Da er det ekstra viktig å øydeleggje elektronikken i opprinnelsesmerket, slik at det ikkje blir lest av to øyremerke på eit dyr. Da blir dette registrert som to individ og det blir forskyving på linja.


Slik øydelegg du elektronikken i eit elektronisk øyremerke