Eksport av sau

(04.07.19) Nortura slakta 51 000 eller 30 % fleire sau i 2017 enn året før da staten valde å endre teljedato frå 1. januar til 1. mars.

På kundebesøk for å selje norsk sau til Oman, frå venstre Salim, leder for Iktimal Traiding Company LLC, Marin Ravn, dagleg leiar i Noridane og to medarbeidarar, Morat og Sarbest.
På kundebesøk for å selje norsk sau til Oman, frå venstre Salim, leder for Iktimal Traiding Company LLC, Marin Ravn, dagleg leiar i Noridane og to medarbeidarar, Morat og Sarbest.

I 2018 var vi nede på meir normal saueslakting, men Nortura fekk også inn mykje sau dette året på grunn av at mange reduserte søyetalet på grunn av fôrsituasjonen. 

Dette har ført til stort overskot av sau og låge prisar. Nortura ynskjer difor å få til eksport av sau for å lage grunnlag for ein betre pris.

WTO-reglar og vedtak i Omsetningsrådet gjer det umogleg å få til reguleringseksport finansiert av Omsetningsavgift. Nortura sitt dotterselskap Noridane fekk difor i stand eksport av 410 tonn sau i fjorårets slaktesesong til tilnærma norsk engrospris.

Kundane i Midt-Austen er svært godt fornøgd med kvaliteten på den norske sauen, og ynskjer å kjøpe meir. Konsernstyret i Nortura har difor gjeve grønt ljos for eksport av ytterlegare 1000 tonn halalslakta sau i årets slaktesesong. Dette kostar Nortura-sauebonden 10 øre per kg sau/lam, noko som er ei god investering for heile sauenæringa. Målet er at vi framover skal sleppe sterkt rabatterte partisalg av sau som er iferd med å gå ut på dato, eller upopulære og dyre tiltak som å lage dyrefôr av god menneskemat.

Lykkast Nortura med eksportsatsinga, vil behovet for omsetningsavgift gå ned og prisen til sauebonden vil gå opp.