Lønsamt å vera med i lammering

(04.07.19) Oppslutnaden om lammeringane kryp sakte, men sikkert oppover. Nesten 79 % av alle sau/lam Nortura slakta i 2018 kom frå ein sauebonde organisert i lammering.

Foto: Grethe Ringdal

Nortura har nå 588 lammeringar, 6 fleire enn da vi skreiv Lammesesonghefte i fjor. Nortura er veldig godt fornøgd med at fleire blir med. Da kan vi ta ut rasjonaliseringsgevinsten med å hente fulle lass og tømme eit heilt område for slaktemogne dyr når vi fyrst er i bygda med dyretransporten.

Medlemskapet i lammeringen gjer også noko med kvaliteten på lamma som sauebonden leverer og utbetaling av tilleggsytingar.

Tabellen nedanfor syner høgare utbetaling av kvalitetstillegg, samstundes som også puljetillegget er større hjå lammeringmedlemmene. Høgare sesongtillegg tyder også på at lammeringmedlemmene kjem tidlegare i gang med slakting om hausten.

Vi håpar difor at enda fleire ynskjer å bli med i ein lammering, slik at vi også neste år kan rapportere om fleire lammeringar og auka oppslutnad!

Ta kontakt med ein rådgjevar i Nortura om du vil bli med i, eller vil starte ein lammering.

Resultat innanfor og utanfor lammering i 2018

Andel i lammering

78,8 %

Utanfor lammering

21,2 %

Kvalitet lam

 Innanfor lammering

Utanfor lammering

Vekt, kg

19,10

 17,19

Klasse

 R

 R-

Fettgruppe

 2+

 2+

Andel Stjernelam

82 %

67 %

Andel Gourmetlam

59 %

44 %

Økonomi lam

Innanfor lammering

Utanfor lammering

Avregningspris pr lam

 705

607

Puljetillegg

39

18

Sesongtillegg

14

9

Kvalitetstillegg stjernelam

41

31

Kvalitetstillegg gourmetlam

23

17

Lammeringstillegg

10

 -  

Økonomisk  resultat pr lam *)

831

682

Forskjell pr lam

149

 

*) I tillegg kjem kvantumstillegg

» Lammeringer i Nortura