Enda meir lønsamt å vera med i lammering

(02.07.20) Oppslutnaden om lammeringane kryp oppover. Nesten 80 % av alle sau/lam Nortura slakta i 2019 kom frå ein sauebonde organisert i lammering.

Foto: Grethe Ringdal
Foto: Grethe Ringdal

Medlemskapet i lammeringen gjer noko med kvaliteten på lamma som sauebonden leverer og utbetaling av tilleggsytingar.

Tabellen nedanfor syner høgare utbetaling av kvalitetstillegg, samstundes som også puljetillegget er større hjå lammeringmedlemmene. Høgare sesongtillegg tyder også på at lammeringmedlemmene kjem tidlegare i gang med slakting om hausten. Nortura ynskjer å stimulere til enda høgare oppslutnad om lammeringane. Difor er lammeringstillegget auka til kr 15 pr dyr og puljetillegget for puljar på 210 dyr og meir er auka til kr 60 pr dyr. 

Ta kontakt med ein rådgjevar i Nortura om du vil bli med i, eller vil starte ein lammering.

Resultat innanfor og utanfor lammering i 2019:

Andel i lammering

79,8 %

 

Utanfor lammering

20,2 %

 

Kvalitet lam

 Innanfor lammering

Utanfor lammering

Vekt, kg

19,12

17,32

Klasse

R

R-

Fettgruppe

2+

2+

Andel Stjernelam

85 %

72 %

Andel Gourmetlam

64 %

47 %

Økonomi lam

 Innanfor lammering

Utanfor lammering

Avregningspris pr lam

748

646

Puljetillegg

39

18

Sesongtillegg

13

9

Kvalitetstillegg stjernelam

41

31

Kvalitetstillegg gourmetlam

25

17

Lammeringstillegg

10

 

Økonomisk  resultat pr lam *)

877

722

Forskjell pr lam

155

 


*) I tillegg kjem kvantumstillegg