Mangelsjukdomar hos sau

(03.10.16) Når det førekjem vantrivsel og dårleg produksjon hjå søyer og lam bør ein ha mangelsjukdomar i tankane. I dette temaheftet beskriv vi dei vanlegaste mangeltilstandane og korleis ein kan behandle og førebyggje desse. Til slutt har vi med litt om korleis ein best kan gje mineral- og vitamintilskot i praksis.

Sauen treng både energi og protein i fôret, men og ulike mineral og vitamin. Norsk grovfôr kan vera fattig på forskjellige mineral og vitamin. Her er nokre typiske situasjonar der det kan oppstå mangelsjukdomar:

  • Lam i vekst er mest utsett. Unge dyr er også meir utsett for parasittar, noko som kan gje mangelsjukdomar. God mineral og vitaminstatus hjå søya i drektigheita er viktig for å unngå mangelsjukdomar hjå lamma.
  • Vaksne dyr kan òg få mangelsjukdomar, spesielt i siste del av drektigheita og fyrste del av laktasjonen, fordi fostervekst og mjølkeproduksjon krev store omstillingar i fôring og er veldig krevjande for søya.
  • Besetninger som bruker lite kraftfôr og mineraltilskot.
  • Område der jordsmonnet er fattig på visse mineral.
  • Gjødsling kan forskyva balansar, og mykje av eit element kan hemma opptak av andre.
  • På innefôring med tilskotsfôr kan ein òg koma skeivt ut ved å tilsetja for mykje eller for lite av visse element.

Mangelsjukdomar hos sau, pdf. 11 568 kb (åpnes i nytt vindu)

For å vise PDF-filen trenger du Adobe Reader. Hvis du ikke har dette programmet installert, kan det lastes ned her: