Utvortes parasittar hos sau

(30.08.07) Fleire utvortes snyltarar (utøy) kan finnast i ullhamen og på huda hos sau. Desse kan føra til skade på ulla og huda, eller til meir alvorleg sjukdom.

Av: Professor Bjørn Gjerde, Parasittologisk laboratorium Noregs veterinærhøgskole

Lus og sauekrabbe kan finnast på dyra året rundt, men er mest talrike utover vinteren og våren, og er såleis til størst plage i innefôrings­perioden. Mest utsette er søyer og lam som er svekte av andre årsaker, til dømes mangel­full fôring eller harde åtak av innvortes snyltarar. Skog­flått og spyfluger finst berre hos dyr på beite i sommarhalvåret, og desse snyltarane rammar dyra meir tilfeldig. 

Pelslus
Pelslus hos sau (Copyright: Bjørn Gjerde)
 
Pelslus (Lepikentron ovis) kan finnast hos sau over heile landet. Dei vaksne pelslusa er om lag 1,7 mm lange, gulbrune insekt med seks spinkle bein. Egga er kvitlege og blir festa til basis av ullhåra. Frå egga klekkjer små, umodne lus etter om lag ei veke. Pelslusa lever heile sitt liv på sauen, og dei døyr etter få dagar om dei fell av. Smitte­over­føringa skjer difor hovudsakleg ved direkte kontakt mellom sau. Pelslus kan koma inn i ein buskap gjennom innkjøp av smitta dyr, eller ved kontakt med smitta sauer frå andre buskapar i paringssesongen eller på utmarksbeite. Pelslusa hos sau kan ikkje formeira seg på andre dyreslag.  
 
Pelslusa gneg på dei øvre laga av huda og vandrar omkring i ullhamen. Dette fører til irritasjon og sterk kløe, slik at sauene skubbar seg mot innreiing og liknande. Ulla blir skadd og delar av ullhamen kan losna. Fôropptaket kan også gå ned, slik at tilveksten blir dårlegare. Sauene bør undersøkjast for pelslus både om hausten og utover vinteren. Lusa er såpass små at det kan vera vanskeleg å få auga på dei, eller skilja dei frå rusk i ulla. Ei lupe og godt lys vil hjelpa. Dersom ein finn lus på eitt eller fleire dyr, bør heile flokken behan­dlast for å prøva å utrydda lusa i buskapen. Det finst no effektive medisinar som ein slår i ei stripe langsetter ryggen av dyret. Medisinen fordeler seg deretter i ulla. Badebehandling kan også nyttast. Klipping reduserer talet på lus sterkt. Dersom det er praktisk mogeleg, bør sauene klippast før behandlinga, av di verknaden av medisinen då vil bli betre.
  
Blodlus
Blodlus (Linognathus ovillus) er berre påvist i nokre få sauebuskapar i Noreg. Dei vaksne lusa er vel 2 mm lange og blågråe av farge. Dei lever helst i dei ullfrie områda av ansiktet hos sau (ansiktslus), men dersom dei blir talrike, kan dei spreia seg til halsen og resten av kroppen. Blodlusa lever av å suga blod, og dette fører til blodtap, irritasjon og kløe. Som pelslusa lever dei heile sitt liv på sauen og blir overførte ved tett kontakt mellom dyra. Smitta saueflokkar bør behandlast.
   
Sauekrabbe
Ei sauekrabbeho i ferd med å føda ei larve. (Copyright: Bjørn Gjerde)
 
Sauekrabben (Melophagus ovinus) var tidlegare vanleg hos sau over heile landet, men ser no berre ut til å finnast i nokre få flokkar. Sauekrabben er eit 5-7 mm langt, brunfarga insekt (lusfluge) med seks kraftige bein. Dei lever heile sitt liv på sauen. Hoene føder levande larver, som straks for­puppar seg, og finst inni 3-4 mm lange gulbrune kapslar festa til ullhåra. Inni desse kapslane om­dannar dei seg til nye vaksne lusfluger. Smitte skjer ved direkte kontakt mellom dyr slik som nemnt for pelslus.
 
Sauekrabben stikk hol i huda og syg blod frå sau, og dette fører til irritasjon i huda og kløe. Sauene skub­bar seg mot innreiinga og skadar ulla, og delar av ullfellen kan losna. Ved sterke åtak kan blodtapet bli så stort at sauene blir blodfattige, og ulla kan bli grønleg misfarga. Sauene bør undersøkjast for sauekrabbe om hausten og utover vinteren. Både dei vaksne og puppene er såpass store at dei er lette å oppdaga. Dersom ein finn sauekrabbe på enkelte dyr, bør heile flokken behandlast slik som nemnt for pelslus.
 
 

Spyfluger
Spyflugelarver frå ein sau med flugemakksjuke.(Copyright: Bjørn Gjerde)
 
Hos sau på skogsbeite på Vestlandet, spesielt i midtre Hordaland, kan larver av spyfluger (flugemakk) enkelte år føra til ein del tap. Dei vaksne spyflugene er 1-1,5 cm store fluger med ein grønleg eller blåleg metallglans. Dei grønlege spyflugene blir også kalla gullfluger.
 
Spyflugene legg vanlegvis egga sine (spyet) i åtsel ute i naturen. Men dei kan også leggja egga sine i sår eller direkte i ulla hos levande sau. Flugene blir tiltrekte av ull som er tilgrisa av gjødsel eller urin, eller som har halde seg våt over lengre tid på grunn av stadig regnvêr. Frå egga utviklar det seg larver (flugemakk), som ernærer seg av sjølve huda, veks og skiftar hud to gonger, slik at dei til slutt blir opptil 1,5 cm lange. Det kan snøgt oppstå store sår, der det aular av flugemakk. Når desse larvene er fullvaksne, slepper dei seg ned på bakken, forpuppar seg øvst i jorda og omdannar seg til nye spyfluger. Arta overvintrar som pupper i jorda. 
 
Spyflugene legg særleg egg på krysset, ved halerota, nedover på låra og under halsen. Skadane kan i første omgang vera vanskelege å oppdaga av di dei er dekte av ull, og sauer med flugemakk stikk seg gjerne bort innimellom buskar. Slike åtak kan føra til store lidingar for sauene, og dei vil fort kunna stryka med av blodforgifting. Åtaka skjer særleg i august og september, gjerne etter periodar med varmt og fuktig vêr. I denne tida må ein føra ekstra godt tilsyn med dyra, og straks ta hand om dei som er blitt ramma. Flugelarvene må fjernast og såra vaskast og stellast til dei har grodd att. Det kan vera naudsynt å setja slike dyr inn ei stund. Ein kan førebyggja åtak av spyfluger ved å behandla sauene med insektmiddel, men dei tilgjen­gelege midla har for kortvarig effekt til at ein har særleg nytte av behandling ved overføring til utmarks­beite om våren. Har ein høve til det, bør ein difor behandla sauene med insektmiddel i juli-august. Det er også viktig å unngå at dyra blir for sterkt smitta av innvollsorm, sidan desse snyltarane kan føra til blaut avføring, som festar seg til ulla på hale og lår og tiltrekkjer seg spyfluger.
  
Fluger
Sau er på grunn av ullhamen mindre plaga av fluger, klegg, mygg, knott og sviknott enn storfe og hest. Men den såkalla hovudfluga eller plantasjefluga (Hydrotaea irritans) kan vera til plage for sau på kulturbeite og skogsbeite om sommaren, særleg i juli-august. Desse flugene syg opp flytande næring rundt auga, nasa og munnen, og dessutan frå sår, til dømes rundt øyremerka. Med munndelane sine raspar flugene opp sår­skorper, slik at såra ikkje får gro, men kanskje heller aukar i omfang. Dei kan dermed vera til langvarig plage for sauene. I tillegg til behandling av sjølve såra, kan det vera naudsynt å behandla sauene med insekt­middel for å halda flugene unna.
  
Skogflått
Skogflåtten smittar sau frå gras og buskar i beitet.(Copyright: Bjørn Gjerde)
 
Skogflåtten (Ixodes ricinus) trivst best i eit mildt og fuktig klima, og finst hovudsakleg i kyst- og fjord­stroka våre frå svenskegrensa til sørlege del av Nordland, og då særleg i sørvendte lier med lauv­skog. Andre lokale namn på denne snyltaren er hantikk, påte, skaubjønn, skaumann, stakkar og orelus. Skog­flåtten vil kunna finnast hos dyr og menneske som ferdast i skog og mark, og spelar ei viktig rolle som overførar av ulike sjukdomsframkallande mikroorganismar (virus, bakteriar, parasittar).
 
Det er tre stadium av skog­flåtten, larve, nymfe og vaksne, og desse er frå 1 mm til 12 mm lange. Kvart av dei tre stadia går på dyr eller menneske for å suga blod. Dei sit og ventar i gras og buskar og kryp over på skapningar som stryk forbi. Dei syg seg fulle av blod i løpet av nokre dagar, og slepper seg så ned på bakken att og utviklar seg vidare. Her legg også hoflåtten egga sine. Flåtten overvintrar på bakken, og heile utviklinga frå egg til vaksne tek tre år her i landet.
  
Hos sau kan ein finna alle tre stadia av skogflåtten. Larver, nymfer og hannar er små og mørkebrune, medan dei vaksne, fullsogne hoflåttane er rundt 1 cm lange og glinsande gråblåe. Flåtten finst helst på område av kroppen med lite ull, som på hovudet og innsida av beina. Dei vil særleg finnast på dyra i mai-juni og august-september. Midt­sommars er det gjerne lite flått på dyra. Flåtten si blodsuging fører til ein viss irritasjon, men blodtapet har lite å seia. Viktigare er det at skogflåtten kan overføra den bakterien som er årsak til feber­sjukdomen sjodogg, som særleg rammar lamma. På inngjerda beite kan ein hindra at sau får på seg flått ved å rydda bort buskar og kratt. På utmarks­beite er slike tiltak ikkje aktuelle. I staden kan ein gje sauene føre­byggjande behandling med ulike medisinar for å unngå for sterk smitte. Ei slik behandling er mest aktuell om våren.
 

 
Temahefte: Utvortes parasitter hos sau, pdf 1 453 kb (åpnes i nytt vindu)

For å vise PDF-filen trenger du Adobe Reader. Hvis du ikke har dette programmet installert, kan det lastes ned her: