Stabil lammeslakting, auka saueslakting og god prisoppgang etter nyttår

(18.05.22) Hittil i år til og med 8. mai har Nortura slakta vel 28 000 lam med medel slaktevekt 19,2 kg, medel klasse R-/R (7,3) og medel feittgruppe 2/2+ (5,4). Dette er omtrent like stor slakting som i 2021.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Kvaliteten er også lik, men litt færre lam med feitt-trekk gjer at andelen lam som har gjort seg fortent til Stjernelam-tillegg har gått opp med 1,4 prosentpoeng til 83,2 %. Nortura-sauebonden leverer difor lam med flott slaktekvalitet også utanom sesong.

I same perioden har Nortura slakta 12 400 sau/ung sau. Det er ca 900 fleire enn på same tid i 2021. Alt som har blitt slakta av sau og lam etter nyttår har gått rett til eiga skjering eller blitt seld til industrikundar. Reguleringslageret er difor like tomt som det var ved nyttår. Det gjev grunnlag for betre pris og Nortura har sørga for ein god prisoppgang.

Medel avrekningspris på lam har gått opp med 6 kr/kg og på sau/ung sau er prisoppgangen på 13 kr/kg i forhold til 2021 i same periode. Det kjem godt med i desse usikre tidene!

God etterspørsel etter både lam og sau

Det er god etterspørsel etter lam, og mangel på enkelte stykkingsdelar. Nortura prøver difor å vri salet over på foredla produkt som gjev best økonomi. Eksempel på dette er Gourmet-lam og Hverdagslam. Her ligg salet bra an i forhold til fjoråret. 

Gilde Gourmetlam

Gilde Hverdagslam grytekjøtt

Frosne lammelår til påske kunne det derimot vore seld meir av om ein hadde hatt meir råvarer på lager. Likevel ligg salet av lam i sum på vel 80 % i forhold til fjoråret. Det er ikkje så verst med tanke på at det nå er opne grenser, fullt trykk på reising og grensehandel og avgrensing av sal på grunn av mangel på einskilde råvarer.  

Salet av skore vare av sau ligg godt over fjoråret på grunn av betre tilgang på sau. Dette viser at det er god økonomi i å foredle sau, og at kundane har råd til å betale ein god pris til bonden når marknaden er i balanse.

Vellykka kjekampanje

Nortura har også dette året gjennomført salskampanje på kje i samarbeid med Norgesgruppen og Coop. Nortura-geitebøndene som leverer til Sandeid, Førde, Gol og Malvik leverte 3 300 kje til denne kampanjen med snittvekt på 6,6 kg i vekene 7, 10 og 17. Dette er fine diekje for kundane våre.  

Disk med Gilde Sternekje

Vi hadde god balanse dei to fyrste kampanjevekene, men noko overskot i den siste kampanjeveka. Ein del av overskots-kjea vart lagt på fryselager slik at vi kan tilby kje også utanom kampanjevekene. I sum etter kjekampanjen, ligg salet av kje på 80 % i høve til fjoråret. Vi greidde difor ikkje heilt å kopiere den vellykka kjekampanjen vi hadde i 2021.

I tillegg blir det slakta mykje kje som blir seld som nisje. Geitebøndene kjempeflinke til å finne eigne kundar til det dei produserer.

 

Prognose

Nortura Totalmarked har kome med ny prognose som har med data frå teljinga 1. mars og slaktinga etterpå, og fosterteljingsdata frå Sauekontrollen.

I høve til mars-prognosen er tilførslane av lam redusert med 200 tonn, medan det er ingen endring på prognoserte tilførslar av sau. Salsprognosen er 100 tonn høgare enn marsprognosen. I prognosen reknar ein med at det blir sleppt 1,5 % færre sau på beite i år. Det var uvanleg høg saueslakting i 2021 og tilsvarande låg lammeslakting. I 2022 reknar ein med at dette forholdet blir meir normalt.

Sjå meir i prognosen