Utmarksbeite – ressursgrunnlag og bruk

Manus til foredrag LAM 2020, Tromsø

(16.03.21) Berre 10 mill. dekar eller 3 % av landarealet i Noreg er jordbruksareal. 45 % av landet er utmarksareal som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr. Skal vi ha eit landbruk basert på lokale ressursar må utmarka brukast. Denne ressursen kan ikkje sentraliserast – skal den nyttast må vi ha landbruk i heile landet.

Av: Yngve Rekdal, NIBIO

Illustrasjonsbilde fra presentasjon

På grunn av stor variasjon i topografi, klima og berggrunn er det svært ulike vilkår som møter beitedyr i utmark i det langstrekte landet vårt. Beitande dyr går i høgfjell, fjellskog, produktiv barskog, ravinelandskap og lyngheier langs kysten. Kvar naturtype har sine moglegheiter eller utfordringar for å få eit godt resultat ved beitebruk. 

Illustrasjonsbilde fra presentasjon
 
Som i fjøs og på innmark, er kvaliteten på fôret viktig for produksjonsresultatet også i utmarka. Kvaliteten på utmarksbeitet har store både lokale og regionale variasjonar. Kunnskap om ressursgrunnlaget er derfor viktig for å kunne utnytte utmarksbeitet med omsyn på produksjonsresultat og for å drive bærekraftig beitebruk på lang sikt.

Beitekartlegging er kartlegging av marka sin bonitet for produksjon av beiteplanter. Arbeidsreiskapen er vegetasjonskartlegging som deler vegetasjonsdekket inn i vegetasjonstypar. 45 typar blir bruka i NIBIO sitt system for kartlegging. Desse blir igjen sortert i tre beitekvalitetar; mindre godt, godt og svært godt beite. Klassane godt og svært godt beite er til saman det vi kallar nyttbart beite. Det er areal der beitedyr kan hauste beitegrøde av betydning for tilvekst i frå. Lokal beitekartlegging har vore drive i snart 40 år og om lag 10 % av landet er kartlagt til no. Alt som er kartlagt er å finne på NIBIO sin kartportal https://kilden.nibio.no.

Illustrasjonsbilde fra presentasjon 

For å få oversikt over beiteressursane, regionalt og nasjonalt, vart prosjektet «Arealrekneskap i utmark» (AR18x18) starta i 2005. Dette baserer seg på utlegging av eit nett av prøveflater med 18 kilometer mellom flatene. 1081 flater treff da landarealet i landet. Kvar flate er 0,9 km2 og er vegetasjonskartlagt. For landet viser resultata at 138 millionar dekar, eller 45 % av landarealet, er nyttbart utmarksbeite. 14 % er ikkje beite, det vil seie jordbruksareal, busette areal og ikkje vegeterte areal. 

Ein god indikator for beitekvalitet er arealet av beste beiteklasse «svært godt beite». Av tilgjengeleg utmarksbeiteareal er 11 % i beste beiteklasse for heile landet. Av fylka kjem Troms best ut med 25 % i beste beiteklasse. Nordland kjem på ein god andre plass med 17 %. Lågast er Agder (3 %) og Finnmark (4 %). Innan kvart fylke er det stor variasjon. Utmarkbeite kan drivast med godt resultat over det meste av landet, men nokre bygder har ressursar som gjev særskilt gode vilkår for eit utmarksbasert landbruk.

Det er utvikla modellar for utrekning av beitekapasitet ut frå kartlegginga. Nasjonalt er det berekna ein tilgjengeleg fôrressurs på sommarbeite på omlag 900 mill. fôreiningar. Trekkjer ein skjønnsmessig frå 10 % som kan vera vanskeleg praktisk nyttbart som beite, står ein att med 8 mill. f.e. Eit overslag over fôrbehovet for husdyr sleppt i utmark i 2018, samt fôr hausta av hjortedyr i konkurranse med husdyra, viser at om lag halvparten av denne ressursen vart utnytta. Husdyr sitt fôruttak frå utmark kan grovt rekna i alle fall doblast. Det er heilt sikkert plass til mange fleire dyr, men da må ein kanskje akseptere å gå ned på produksjonsresultatet da dyra må eta meir av dårlege beiteplanter som til dømes ulike lyngartar. 

Illustrasjonsbilde fra presentasjon
 
Mykje av vegetasjonsbiletet i norsk utmark er ein arv etter tidlegare tiders intensive utmarksbruk. Det var beiting, slått og anna hausting som gav eit ope, grasrikt landskap. Situasjonen i det meste av norsk utmark i dag er at beitetrykket er for lågt. Skog veks til, og på den beste marka kjem høgvaksne urter, bregner og vier inn og skuggar ut graset. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal. Utmarka må brukast skal beitekvaliteten takast vare på. 

Viktige produkt frå beitande dyr er også kulturlandskap og det særeige artsmangfaldet av planter, insekt og sopp som beiting skapar. Større areal av kulturlandskap utanom der traktoren kjem til, er det berre ei aktiv beitenæring som kan skjøtte. Heile regionar i landet held no på å miste dette landskapet på grunn av at beitedyra blir borte.  

Utmarksbeite er ei arealkrevjande næringa. Om lag 35 % av norsk landareal blir bruka av organiserte beitelag. Tek ein med reindrifta, som reknar 40 % av landet som sitt driftsareal, blir store areal hausta kvart år av beitedyr. Skal beitenæring kunne drivast må tilgangen til areal sikrast. Arealtilgangen er i dag stadvis sterkt truga av andre arealinteresser som vern av rovdyr, hyttebygging, skogplanting og jakt.

Kart
 
Norsk landbruk er i stadig endring. Ei utfordring er no å finne driftsformer for bruk av utmark inn i eit moderne landbruk. Det gjeld ikkje minst organisering av beitebruken, men òg å finne driftsformer som ser den samla ressursen i inn- og utmark i samanheng.